Posts Tagged ‘sommar’
juli 13, 2011
Nå har sida sovi lenge. Er ho ei som går i hi om sommaren? Blir det drømmar av denne slumringa? Førnatta drøymde eg den gamle drømmen om at eg ikkje kunne finne skorne mine da eg skulle ut. Og så hadde eg feil skor – to gonger – eit par som var for svarte og stive og eit par lyse blomstrete barneskor. Til slutt fann eg ut at det gjekk fint an å gå ut i væta i sokkelesten og kjenne mosen opp mot foten. Ok? Her er eg.
Stikkord:barn, barnesko, blomstrete, feil, fot, hi, lys, mose, natt, søvn, sko, slumring, sokkelest, sommar, stiv, væte
Posta under "Drøm på sokkelesten", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
oktober 23, 2010
Det vart så eg tok fart frå ein av dei små tekstdelane til kvinna med den sprell levande sauen (sjå innlegget rett nedafor her). For når tekstdelane stod slik med luft omkring, vart dei som eigne små tekster med stor evne til å dytte:
Men eg hadde gløymt kven eg var. Kven var eg? Eg var ei lita jente som hoppa omkring på berre flekker om våren og ropte at nå er det såmmårn. Det var utafor kjellardøra, og det var sol, og eg hugsar det slett ikkje, men det er fortalt at slik var det, og da var det slik, og eg ser det for meg. Var eg slik? Og finn ho ein tuvetopp fri for snjo… Lerka og eg. Vi forstår oss på det gode som er i emning. Vi trur på det vi ser og at det skal gå rette vegen. Tillitsfulle er vi. Hei vesle jente som hoppar på den vesle mjuke flekken utan snø! Hugs når du blir stor, at slik er det laga! Det går sin gang. Og du treng ikkje ordne med at snøen skal bli smelta. Smeltinga skjer av seg sjølv – eller av noko(n) som ikkje er du. Og om hausten dalar det kvitt og stille frå himmelen og kvitt møter gult på bakken. Det er også såre godt. Endeleg kjem snøen til den vesle jenta og kjelken hennar, og ho kan laga snømann og gå på ski og skli på ei papplate nedover bakken og ha god og varm heimestrikka brun ullbukse på seg. Sjå på meg! seier den vesle jenta. OK, nå ser eg på deg. Eg ser på meg og hugsar kven eg var, og der er ho sanneleg, og ein eller annan stad er vel kjelken også, i alle fall har ho ski, og eg trur ikkje at jorda går under i år heller. Tvert imot, jorda held seg til sola og går rundt og rundt, og jenta sitt på, huj, som det går, haust, vinter og vår.
Ok at eg bruker teksta di på denne måten, kvinne? Kanskje du sjølv eller andre også får lyst til å ta seg ut eit springbrett og gjera eit hopp? Åtvaring: Det er ikkje godt å veta kvar du landar!
Stikkord:"Og vesle lerka", åtvaring, bakke, bukse, dale, dør, eg, emning, endeleg, flekk, flyteskriving, fri, gå under, glad, gløyme, god, gul, haust, heime, heimestrikka, himmel, hopp, hoppe, hugse, huj, jente, jord, kjelke, kjellar, kvede, kvinne, kvit, lande, lerke, lita, liten, luft, lyst, mjuk, ok, papp, Per Sivle, plate, rund, sau, såmmårn, sår, såre godt, sjå, sjølv, ski, skli, slik, smelte, snø, snømann, sol, sommar, song, springbrett, stad, stille, strikke, tekst, tekstdel, tillitsfull, topp, tru, tuve, tuvetopp, ull, ullbukse, varm, vår, veg
Posta under "Sau og slange", 2 INVITASJON TIL LESAREN, 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | 1 Comment »
oktober 11, 2010
Eg fekk berre så frykteleg lyst til å legge ut eit sauebilde. Har eg nokon rimeleg grunn? Sauer og søvn hører jo saman, og bildet vart nokså nattaktig.

Eigentleg står dette sommargamle lammet ved Svislåaelva i Ringebu kl. 10.43 om formiddagen i solskinet, og det er søndag og 19. september.
Kvar er lammet nå? Det veit vi ikkje. Mye fårikål er kokt sidan da. I dag er det måndag og 11. oktober, og da vart lammet akkurat slik som bildet viser. Det er eit bildelam, lamibilde.
Og får du ikkje sova i kveld, så kan du telja denne sauen. Når du teller dine venner, glem da ei å telle meg.
Dessutan har vi nettopp hørt om ein sau som vart levande i løpet av drømmen. Slik kan det også gå. Nå kom eg på slangen i huset. Kvar er slangen?
Stikkord:bildelam, fårikål, formiddag, lam, lamibilde, levande, natt, nattaktig, oktober, Ringebu, sau, sauebilde, søvn, september, slange, sol, solskin, sommar, sommargammal, sova, Svinslåelva, telja, venn
Posta under "Sau og slange", 5 TEKST OG BILDE, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
september 30, 2010


Eg spør Kristin Fridtun (http://www.fridtun.blogspot.com/), Ivar Aasen-entusiast, om ho har drømt om Aasen (klikk på bildet!). Ho svarar:
Og ja! – eg har nattedrøymt om Aasen. I vår drøymde eg han Aasen var på campingtur med familien min og meg. Det var sumar og «Liderna grønka som Hagar», men Aasen gjekk inntulla i den digre, svarte frakken som han støtt er kledd i på bilete. Han og eg sat i kvar vår campingstol, på ein plen eller eng eller noko, og hadde utsyn mot ein erketypisk norsk, sumarleg fjord.
Eg minnest at Aasen tykte det var leitt med dette landsmålet hans – det var ikkje noko skap på det lenger, sa’n. Eg var samd (eg skriv helst landsmål/høgnorsk på fritida, men eg er «pragmatisk» og har ingen vanskar med å nytta gjeldande rettskriving når eg må/bør).
Vel. So det vart litt tung stemning når han tok til å syrgja over at me hadde skipla livsverket hans slik. Men han var ein fin fyr å vera på tur med, han tala lite, og det synest eg er fint.
På Facebook kan ein sjå bildet av ho som drømmer, utkledd som han ho drømmer om:
http://nn-no.facebook.com/kristin.fridtun
Stikkord:campingstol, campingtun, facebook, familie, fjord, frakk, grøn, grønke, hage, Ivar Aasen, Kristin Fridtun, landsmål, lansmål, li, livsverk, norsk, plen, pragmatisk, rettskriving, samd, sommar, sorg, stemning, stor, svart, tung, tur, utkledd, vanske, vår
Posta under "Ivar Aasen", 6 TEKST OG SPRÅK, 7 DRØMMAR | 1 Comment »
juni 24, 2010
Det hender så mangt ei midtsommarnatt eller sankthansnatt, og denne gongen sat eg på ein veranda i Nilserudkleiva, og mannen og kvinna i huset gjekk inn og ut med diktsamlingar, og vi las fram dikt i den gnistrande grøne natta. Ja, nattfargen har eg frå Nattordbok av Trond Botnen, for denne besynderlege vedunderlege boka frå 1970 var også i dei bugnande hyllene i huset, og ei nattordbok skulle passe godt i ein drømmeblogg.
Mot slutten av eit dikt i ei heilt anna og veldig tjukk bok, dukka linene nedafor opp – nei, nå må eg vera nøyaktig: Mannen på verandaen, som hadde servert spekemat og eggeøre og glovarm kål og nypoteter, hadde den tunge gamle boka i handa og las diktet utover og innover oss, og han hadde dikteti kroppen, meiner eg bestemt.
Eg vart etter kvart ei jeppe i baronens seng; tenk å vera i ei lys natt med grønt og grønt og grønt, og dertil rosa striper på himmelen når ein såg etter, og så alle desse yndlingsdikta!
Varsel 1: Nå kjem det snart ein tilsynelatande brå overgang, for dette er ikkje akkurat eit rosa kosedikt! Men diktet viser seg å handle om ein drøm, og berre det er nok til å glede ei slik ei som meg. Og at ein drøm blir omtala som så avgjerande, er iallfall ei glede.
Varsel 2: Eg kuttar diktet på eit bortimot uforsvarleg punkt, men eg greier ikkje anna enn å gjera diktet ekstra gåtefullt for lesaren.
Nå går vi inn der drømmen brest:
”Og billedet brast, og jeg sænkedes ned,
ned paa min seng – jeg vaagnet i sved;
i bølger av iskold stjernedugg
hamret mit hjerte, hug i hug –
Men drømmen forblev i mit hjertes nat;
fra ungdom til moden alder
[…]”
Kva kan det vera for eit bilde som brest? Kva kan det vera som fører til bølgjer av iskald stjernedogg? Kva gir så sterke kroppsreaksjonar? Kva slags drøm kan det vera som blir livsvarig? Les heile diktet, og finn somme svar!
Har eg ein så kraftig drøm? Har du?
Eg greier ikkje å motstå freistinga å konkurrere med spalta ”Klok på bok” i Dag og Tid: Kven har skrivi dette diktet? Kva heiter diktet? Kva for ei diktsamling står det i?
Nå har denne bloggen førebels litt færre lesarar enn Dag og Tid. Men pytt! Eg skal røpe løysinga om ikkje så brått. I mellomtida: Pass på drømmar som er av hjerteklapp-kvalitet!
Stikkord:1970, alder, baron, bølgje, bilde, blogg, bok, breste, bugne, Dag og Tid, dikt, dogg, eggerøre, farge, forsvar, gåte, glede, gnistre, grøn, hjerte, hjerteklapp, hogg, hus, is, Jeppe, kald, kål, klok, kos, kropp, kvalitet, kvinne, løysing, lesar, lesing, livet, Ludvig Holberg, lys, mann, midtsommar, moden, natt, Nattordbok, ord, overgang, potet, pytt, reaksjon, rosa, sankthansnatt, sommar, spekemat, stjerne, stripe, sveitte, Trond Botnen, ung, varm, varsel, veranda
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 3 OM DIKT | Leave a Comment »