Posts Tagged ‘snakke’

Siri Hustvedt om fiksjon og drøm

januar 19, 2011

Fiksjon er temmeleg likt drøm, seier den norskætta forfattaren frå Minnesota i eit intervju i «Bok i P2» torsdag 20. januar kl. 17.03. Intervjuet ligg også ute på Internett: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.7469458. Hustvedt har norsk mor (frå Mandal) og norsk farfar og svært nært forhold til norsk språk og kultur. Ho har doktorgrad i litteratur og har gitt ut fire romanar, dessutan essay og dikt. Ho bur nå i New York.

Det eg ønskjer i arbeidet mitt, er ei emosjonell sanning, sjølv om handlingane til personane er fullstendig er fiktive. På den måten er det som å drømme, seier Hustvedt.

Siri Hustvedt har prøvd skriving med psykiatriske pasientar. Å skrive fikserer tankane; det er ikkje som å snakke, der tankane fordampar i luft, seier ho.

I mai er ho invitert av Freud Foundation til å halde det årlege Freud-føredraget i Wien. Ho kjem til å ta for seg sambandet mellom narrativ kunst og drøm, og ho poengterer det ubevisste i skapingsprosessen.

Liten og stor sikre saman

november 19, 2010

Mannen fortel om sikkerheit:

”Nå har gutten og jeg gått inn ei låvedør. Vi er i et rom med ved og redskap osv. Jeg må nærme meg han, slik at jeg kan snakke med han. Under en meters avstand. Om jeg vil ta på han, vet jeg ikke. Jeg tar han på ryggen og klapper han og sier at jeg var redd jeg også da jeg var liten, og det går ikke over.”

Det blir mindre og mindre avstand mellom liten og stor. Den store er ikkje ferdig med å vera liten og kan gi uttrykk for det, og den store kan ta vare på den vesle. Dei er i eit rom som handlar om varme og om handling.

Eg-personen forandrar innstilling midt inni teksta – frå å vera usikker på nærleik til å nærme seg sterkt!

Det er originalt å trøste med at det ikkje går over, men kanskje er det nettopp ei trøst at det går an å godta at det er som det er, at ein kan vera stor og vaksen og omsorgsfull og samtidig redd.

Korleis er det for den store mannen å vera så nær den vesle guten som han eingong var, og som han enda har i seg?

I had a dream

september 10, 2010

Spor av visjon i alle nattedrømmar? Vi kan prøve påstanden på sist omtalte drøm, «For seint på toget» frå 26. august. (Du kan klikke han fram under «Kategoriar av innlegg» i stolpen til høgre, alfabetisk ordna.)

Det er vel ingen visjon her! Eller? Drømme-ego har eit prosjekt. Han vil noe. Han skal ein stad. Han skal ikkje bli verande der han er. Ei reise er klart ei forandring. Kvar skal han? Det seier ikkje sjølve drømmen noe om.

Men dersom drømmaren går alvorleg inn att i drømmen, eventuelt flyteskriv, så kan han kjenne etter kvar han skal. Og der kan sporet  av ein visjon vera. Eg kan jo prøve sjølv. Typen drøm er ikkje fremmend for meg – og kanskje ikkje for deg heller, kjære lesar. Altså, eg flyteskriv her og nå og ser kva som skjer:

«Der står eg, og eg skal på toget. Eg står der. Nå kjenner eg at det er spennande å skulla reise. Her står eg, og lufta er klar og fin. Eg skal sørover denne gongen! Ikkje oppi dalen, som eg fyrst trudde. Nei, eg skal til Basel. Der skal eg på ei kunstutstilling. Trur det er Miro, han med dei rare strekteikningane, litt barnslege og tullete. Og så skal eg gå omkring der, og eg skal snakke til fremmende folk! Oj sann! Til ein mann. Og til ei lita jente. Og så sett vi oss på ein benk og ser på bilda. Og eg skriv ned det dei seier om bilda. Og eg fortel kva slags innfall eg får. Og nå teiknar den vesle jenta ei miroaktig teikning på ryggen min, og eg seier kva eg trur det er. Og så teiknar eg på ryggen til mannen, og vi sitt i ein sirkel. Og noen stoppar og ser på oss og smiler vennleg og vil vera med, og det blir ein stor sirkel, og bilda på veggene rundt begynner å småsnakke, og vi har det veldig fint og får kaker og brus, og der er bestemor.»

Du store min, der får eg slutte med denne skrivinga! Ein treng visst ikkje absolutt sova for å finne på underlege ting. Slik vart altså nå-toget-tog-fantasien min som kom gjennom skrivinga. Visjon er kanskje sterkt sagt. Men den som ser etter, kan sjå at det er da mye fint her, både for denne som reiser, og for andre.

Her er det samvær på tvers av kjennskap, kjønn, alder, språk. Det er å sjå, å høre, å kjenne. Det er samtale og kunst og leik og kropp og ivaretaking. Det er inkludering og utviding.

Eg er sant å seia ganske fornøgd med denne plutselege flyteteksta som kom ut av ein annans drøm. Visjon? Ja, vi seier det.

Start i livsproblem

juni 14, 2010

Eg har føre meg drømmar frå ei kvinne som formulerer sterkt og tydeleg kva ho strever med i livet nå (sjå førre innlegget). Eg kan ordne og oppsummere det slik:

  • Ho synest ikkje ho kan noe av det ho gjer.
  • Ho vil vera ein god leiar.
  • Ho treng å fordele ansvar på fleire.
  • Det er for mye for henne.
  • Det er uoversiktleg.
  • Ho tek på seg for mange oppgåver.
  • Ho har ikkje lyst til å snakke med folk.
  • Ho kjenner seg negativ.
  • Ho er utsliten.
  • Ho kjenner behov for å flykte frå problema.

 Eg vil tru at dette er til å kjenne att for andre, heilt eller delvis?

Eg ser at ho er ei som bruker å ta ansvar, og det ser ut til at livet er uoversiktleg for henne, ho tek på seg for mange oppgåver, ho er utsliten. Da er det kanskje ein god ting å få ta imot ordnande hjelp? Ho kan få lov å gi meg ansvar! Ho treng sannsynlegvis at det kjem noe enkelt og oversiktleg ut av drømmestoffet.

Ein enkel ting å gjera, er å sjå på handlingane som ”eg” i drømmane gjer. Og det kan gjerast enda meir avgrensa: sjå på kva ”eg” kan og får til. Dessutan kan drømmane refererast i litt forkorta form. Overskrifter er også ein ordnande faktor.

 Nå gjer eg dette for henne, sjølv om det hadde vorti annleis med innspel frå henne heile vegen.