Posts Tagged ‘slutt’
november 21, 2010
Drøm i natt:
Eg skal sykle ein stad med ein tolvåring, til noko han skal kl. 8.30. Så ser eg på handa mi og ser at eg har gløymt å ha på meg ring. Eg er lysebrun av sol på handa og kvit der eg har hatt ring på ringfingeren. Eg snur og går inn att i huset for å finne ein ring, enda vi alt er for seint ute. Klokka er to på halv. Eg finn ein ring, eit anna slag enn eg hadde tenkt.
Eg startar med ”Det er bleik hud der ringen manglar” og assosierer bl.a. slik:
Det er bleik hud der ringen manglar.
Fingeren ser så naken ut.
Det er ein usynleg ring der.
Hud er godt nok det.
Så let eg ein mann tenkje dette om ei kvinne han ser på, og så er det berre å fabulere vidare. Kanskje det f.eks. kunne bli slutten av ei vekebladnovelle? Men Nynorsk Vekeblad finst ikkje lenger.
Det er bleik hud der ringen manglar. Fingeren ser så naken ut, det er ein usynleg ring der. Hud er godt nok det, tenkjer han og ser på ansiktet hennar. Ho har ikkje solbriller på seg heller. Får eg vera sola di? tenkjer han brått. Han ser for seg at ringmerkinga blir meir og meir utydeleg. Ho myser litt mot han. Han har mye lys i auga. Det lyser i stille grender, fell det henne inn. Ho kjem på dei tusen barnehendene og er veldig barnlaus. Men skal ingen av dei seia noko? Jau da, han er ikkje tapt bak eit tre i Slottsparken. Han er godt plassert på ein benk i sola. Eg har tilfeldigvis ein pose med varme smultringar på meg, seier han. Lyst på ein? Ho nikkar og stikk handa si ned i posen og kjenner varmen og tek opp ein gyllen smultring og trer han på fingeren sin, og han ler bortimot tindrande. Nå er eg ei prinsesse, tenkjer ho. Godt, seier ho. Akkurat det eg hadde lyst på.
Slik kan det altså gå med ein liten bit av ein drøm.
Stikkord:ansikt, assosiere, auge, barnehender, barnlaus, benk, bit, bleik, bra, fabulere, gløyme, god, godt, grend, gyllen, hud, Jakob Sande, kvinne, le, lys, lyse, lyst, mann, mengle, merking, myse, naken, nikke, novelle, Nynorsk Vekeblad, pose, prinsesse, ringmerking, seia, sjå, Slottsparken, slutt, smultring, solbriller, stille, tekst, tenkje, tilfeldig, tindrande, tolvåring, tre, tusen, usynleg, utydeleg, varm, varme, vekeblad
Posta under "Finger utan ring", 4 OM SKRIVING | Leave a Comment »
oktober 1, 2010
Ein mann skriv:
I drømmen skulle jeg ta en eksamen. Jeg satt der og skrev i eksamenssalen. Spørsmålene var lette for meg fordi det viste seg at jeg hadde trent godt nettopp på de spørsmålene jeg fikk. Jeg følte meg som situasjonens herre. Jeg ble fort ferdig med det meste, og lurte på om jeg skulle gå tidlig eller ta en lengre pause for å se om noe kunne tilføyes etterpå eller om jeg hadde glemt noe.
Det ble til at jeg tok en lang pause. Men jeg satt ikke på stedet med vakt til stede, men befant meg snart ute på gaten og endte på en kafe. Først da ble jeg oppmerksom på at jeg i distraksjon hadde tatt med meg det jeg hadde skrevet på besvarelsen i vesken. Jeg ble sittende en god stund og gikk også innom et annet sted, så god tid trodde jeg at jeg hadde.
Men da jeg skulle gå tilbake oppdaget jeg at vesken var gjenglemt, og jeg løp innom de stedene jeg hadde vært. Men vesken var ikke å finne. Uff, da måtte jeg jo skrive besvarelsen fullstendig på nytt når jeg kom tilbake til eksamenssalen. Et raskt blikk på klokken viste at det ville bli knapp tid til det. Det var ikke noe annet enn å gå tilbake så fort jeg kunne, og prøve å få gjort mest mulig.
Men da jeg kom var studentene i ferd med å gå. Det hadde blitt oppdaget en feil i oppgavene og eksamen hadde blitt avlyst og skulle gjentas senere. Snakk om at jeg ble glad.
(Inndelinga i avsnitt er mi.)
Dette er ein drøm med mange hendingar og mange handlingar. Ein måte å finne ut av ein slik drøm på kan vera å spørja seg kva som er likt og eventuelt kva som er ulikt. Det beste er om drømmaren sjølv undersøker dette. Andre lesarar kan jo også prøve. Vi har ikkje alle saman same betydningsuniversa oppi hovudet og ikkje heile tida heller. Det kan forresten vera ein ganske vanskeleg tankeoperasjon å finne det underliggande like for ein serie med saker eller hendingar eller handlingar. Ei intellektuell utfordring, men morosamt synest nå eg!
Her kjem det som akkurat eg ser akkurat nå:
Det som stadig skjer i denne drømmen, er at det blir ikkje som ein skulle vente eller tru. Slik er det også for «jeg» i drømmen. Unntaket er i starten: Drømme-ego (= «eg» i drømmen) har trent på akkurat det han skulle; slik har han tenkt heilt riktig om framtida. Det stemmer perfekt! Men så sluttar det å stemme.
Han går ut der det ikkje er eksamensvakter. Han går på kafé midt i eksamen. Han har tatt eksamenssvaret sitt ut av eksamenslokalet. Han gløymer att eksamenssvaret og finn det ikkje att. Og så sluttar det også annleis enn venta. Det er altså stadig brot på det ein ventar. Til slutt blir det jo også sett strek over det som stemte så vakkert i starten!
Lærdommen kan vera: Det er ikkje alltid som ein trur; det går ikkje an å rekne ut alt. I livet skjer det og skjer det ting. Ein kan ikkje utan vidare vera situasjonens herre, men så kan det uventa gå bra likevel!
Korleis taklar drømme-ego alt dette som skjer? Tenk før du les korleis eg vurderer det!
Eg synest han taklar alt det uventa bra: Han får god tid og tek pause, han blir ikkje oppskaka over at han har tatt med seg eksamenssvaret ut, han leiter etter det han har gløymt, han tenkjer ut korleis han skal bruke tida, han blir glad når det går betre enn han trur.
Kva seier så drømmen alt i alt? Både at mye uventa kan skje, og også at ein kan flyte med, innrette seg etter forholda og ta kvar utfordring etter tur, og så kan det faktisk koma som ei gåve at det går bra til slutt. Det er ikkje alt ein må streva forferdeleg for å oppnå!
Stikkord:betydningsunivers, bra, distraksjon, drømme-ego, eksamen, feil, framtid, gåve, glad, glede, handling, hending, herre, hovud, intellektuell, kafé, klokke, lærdom, lesar, likskap, mann, morosam, oppgave, oppskaka, situasjon, slutt, spørsmål, stemme, streva, svar, takle, tanke, tru, ulikskap, utfordring, vente
Posta under "Eksamen", 1 GENERELT OM DRØM, 2 INVITASJON TIL LESAREN, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
september 27, 2010
Eg la ut ein liten tekstbit 1. september og utfordra til detektivarbeid i det indre eller ytre. Kvar er dette henta frå? Det er slutten på eit dikt eller eit stykke ut i ein eventyrroman.
“og sov hvor som helst, i nakne rom
eller på villstrå, klint inntil
små nyinger i mørket”
Svaret er
Erling Kittelsen: TREBUENE, Asch., Oslo 1973
Diktet begynner med at «Ord fløy ut og inn», og det gjer dei jo også i denne bloggen. Velkomne inn!
Nå manglar du berre midten av diktet, innmaten så å seia. Eg tilrår varmt! Side 12, som sagt. Og så resten av eventyrromanen…
(Eg kategoriserer dette innlegget bl.a. under DRØM, og det er vel å ta seg til rette i andres ord, men i og med denne parentesen får eg mitt på det tørre!)
Stikkord:alternativ, andre, bit, blogg, boge, detektiv, dikt, Erling Kittelsen, eventyr, eventyrroman, flyge, indre, inn, innmat, inntil, kategorisere, liten, mat, mørk, mørker, midten, naken, natt, ny, nying, ord, parentes, rom, roman, søvn, slutt, stad, strå, tørr, tekst, tekstbit, tre, ut, varm, velkomen, vill, villstrå, ytre
Posta under "Bjørn i huset", 1 GENERELT OM DRØM, 2 INVITASJON TIL LESAREN, 3 OM DIKT, 6 TEKST OG SPRÅK | Leave a Comment »
august 26, 2010
Ein mann har sendt inn denne drømmen:
«Skulle ta tog og det var kaldt vær. Kom for sent. Så kom et til, og jeg holdt på å komme meg på, men klarte ikke å få opp døren, så jeg måtte trekke meg tilbake. Og så kom enda et tog, og togføreren åpnet døren, og inviterte meg inn, men da husket jeg at jeg hadde lagt fra meg bagasje litt lenger bak, og da jeg ville hente den først, sa han nei. Og jeg var ettergivende og sa til ham: Ja du må vel gjøre det du må. Og så gikk dette toget også.»
Dette er jo som eit lite eventyr: Helten har eit prosjekt, men møter tre hindringar. Men i dette tilfellet er ikkje slutten lykkeleg, eller kanskje manglar slutten?
Det er tre temmeleg ulike hindringar, er det ikkje? Han som har drømt, kan jo sjå på mønsteret i desse hindringane: I det første tilfellet er han sjølv ansvarleg? Kva kunne han gjort i det andre tilfellet? Og kva kan vi seia om det tredje tilfellet – kva slags andre handlemåtar kunne ha vori mulege?
Korleis har mannen det når toga er gått? Kvar skulle han eigentleg? Kor viktig var det å koma dit? Kva skulle han gjera der? Kanskje seier ikkje drømmen noe uttrykkeleg om dette, men det går an å gå inn att i drømmen, kjenne på korleis det er å stå der, flyteskrive 6 – 8 minutt med det utgangspunktet og la kva som helst dukke opp.
Hei mann, send gjerne inn den teksta det blir!
Stikkord:alternativ, ansvar, bagasje, dør, eventyr, flyteskriving, handlemåte, handling, helt, hindring, kaldt, mangel, mønster, nei, opne, prosjekt, sein, slutt, tekst, tog, togførar, ver
Posta under "For seint på toget", 7 DRØMMAR, Uncategorized | Leave a Comment »
mai 20, 2010
og kanskje endatil sende inn til dette publikumet som vi ikkje heilt veit kven er? Du kan f.eks. ta utgangspunkt i ein situasjon i ein drøm. Det kan vera eit punkt i drømmen som ”stikk” deg. Eller det kan vera slutten, for kanskje kjennest drømmen uferdig. Eller er det ein replikk du vil finne ut av? Eigentleg går det an å begynne kvar som helst.
Lag deg ei startsetning, bestem deg for å skrive utan stopp i f.eks. fem minutt, og berre gjer det! Etterpå kan du sjå etter korleis det er å lesa det og kjenne på det. Og har du lyst, så kom hit med det. Gjerne med drømmen dertil og litt om tanken din etter skrivinga og lesinga osv.
Du kan trykke på merkelappen («tag») nedanfor her: «flyteskriving», og lesa meir.
Og så kan du gjerne få vera anonym på bloggen, om det er det du vil. (Du kan bruke e-post om du liker det best: Tordis.Fosse@lui.hio.no)
Kanskje får du kommentar frå meg på skrivinga di. Eller nesten sikkert.
Stikkord:anonym, blogg, flyteskriving, kjenne, lesing, publikum, replikk, situasjon, slutt, startsetning, stikk, stopp, uferdig, utgangspunkt
Posta under 2 INVITASJON TIL LESAREN, 4 OM SKRIVING | Leave a Comment »