Posts Tagged ‘skje’

Etter drømmen døydde katten

februar 16, 2011

Kvinna i Italia melder:

Det som skjedde like etterpå, var at katten hans døde. Denne katten var han veldig glad i. Den fineste katten han har hatt, sier han.

Selv tror han at slangen symboliserer hans egen åndelighet, og kattens. Han mener at han har kommet mer i kontakt med seg selv i det siste. Han har nok blitt såret, og nylig opplevd at noen ikke har vært som de utga seg for å være.

I drømmen ligger han bare på sengen, og gjør ingenting, bare observerer.

Tror du at drømmen handler om mer enn et forvarsel på kattens død? Kan det være noe i at han selv mener at slangen er kattens ånd som ga beskjed om at den skulle reise videre?

Ja, eg trur alltid det går an å finne mange ulike betydningar i ein drøm – som i tekster. Betydning er ikkje noko avgrensa og fastlagt, slik eg ser det. Det er berre å møte drømmen på fleire måtar og sjå kva som skjer. Som du såg, hadde eg nokre forslag til måtar å møte denne drømmen på.

For meg viser drømmen om katten og slangen bl.a. at det ikkje alltid er som ein trur, det kan vera dramatisk annleis. Noko kan vera meir komplekst enn ein visste om. Ein stille og roleg tilstand, kan dessutan plutseleg forandre seg sterkt. Dette liker eg for min del godt å tenkje på!

Det ser jo ut til at han som har drømt, er i ferd med å oppleva seg sjølv og andre meir komplekst enn før – på godt og vondt. Det er vel ein god ting å forstå korleis ting heng saman, sjå noko av korleis andre er, og korleis ein sjølv eigentleg er?

Eg seier med Veslemøy i Haugtussa (Garborg) at heller vil eg med augom sjå enn blind og dauv gjennom verdi gå og ikkje det sanne skilja. Like godt at katta kjem ut av sekken eller slangen ut av katten!

Elles stolar eg for det meste på det som ein drømmar tenkjer om drømmen sin, og om samanhengar han kjenner mellom drømmen og livet. Eg reknar det som ei innsikt eg ikkje har myndigheit til å dra i tvil. Assosiasjonane og tankane hans er jo eit faktum!

Kva tenkjer du og han om dette?

Slange ut av katt

januar 30, 2011

Ei kvinne sender meg dette:

”Her kommer en drøm fra Italia, tilhørende en herremann med navn […].

Drømmen er som følger: 

Han drømte at han lå på sengen med katten sin, og så plutselig at det kom en slange ut av katten. I drømmen var katten rød og hvit, dette er en snill katt som han har et veldig fint forhold til. Slangen, en liten en, forsvant under sengen og ble borte. 

Hva tror du det kan være?”

Eg prøver meg forsiktig og legg opp til ein prosess som innsendaren kan prøve på mannen om han vil:

Her er det ein stille person, ein person i ro, ikkje handlande. Han er i stille samvær. Han relaterer seg til noko(n) han har eit godt forhold til, til noko levande. Eller: Det er ein relasjon mellom noko levande og han, noko han kjenner godt, eller trur han kjenner godt. Dette vanlege trår fram i ei uvanleg framtoning? Stemmer denne analysen for drømmaren? Treffer det han?

Er han forresten forundra over at katten er raud og kvit, eller berre er det slik?

Kva er det som er kvitt i livet ditt? ville eg spurt han om. Og kva er det som er raudt? Altså ikkje generelt om raudt og kvitt.

(Eg f.eks. kjem straks på Snøkvit og Rosenraud, snø og blod, laken, kvite ark, raude roser i kinna, drap, død, raudne, skam, liljer – her hulter til bulter om begge fargane. Nemn ikkje dette for drømmaren i utgangspunktet! Ikkje invader han med andre sine betydningar!)

Kva er forskjellen på det eine og det andre? Likskap? Korleis er det eine og det andre saman? Likskap innafor det kvite og innafor det raude?

(For meg vart det tanke- og kjenslevekkande at snø, laken, kvite ark og liljer vart knytte saman. Her vart det noko fint og uskyldig og ubrukt – som eg får lyst til å bruke: gå på ski, sova, skrive. Dessutan fekk eg ein tanke om å kvile i skrivinga, eller også lidenskapleg skriving kjem eg nå på. Dei raude assosiasjonane forskrekka meg litt – uff, det er visst ikkje så enkelt, f.eks. ikkje så enkelt å skrive, kva må eg ta livet av? Raudt og kvitt er sterkt og fint saman også.)

Så skjer det noko uventa i drømmen. Det kan skje noko uventa når ein er heilt stille. Alt er ikkje som ein trur. Det kjende kan innehalde noko overraskande. Det kjende kan vera meir samansett enn ein visste om. Noko skjult kan koma fram. Treffer denne kommentaren drømmaren? Eller er eg på villspor?

Korleis reagerer mannen på at denne slangen kjem ut? Kjensler? Godt eller vondt? Kva gjer mannen i drømmen? Kan han fortelja meir om slangen? Kva slags erfaring og førestellingar har han om slangar? Kan han svara fort utan å tenkje seg om på dette: Kva er likskapen mellom ein katt og ein slange? Kva er forskjellen? Han kan godt sjå for seg katten og slangen i drømmen.

(Eg: Kattar og slange er mjuke og levande, dei hører til i naturen, dei kan vera ganske kjappe, men stille også, begge kan drepa. Umiddelbart synest eg at katten er meir heimsleg, at slangen er farlegare. ”Katten er mitt søskenbarn.” Slangen kan forgifte meg – huff.)

Kan samtalen så langt seia han noko om kva denne drømmen handlar om? Kva er det i livet denne mannen har eit roleg, godt og levande forhold til i tillegg til katten? Kan assosiasjonane så langt kaste lys over noko av det?

Dette skjulte i det levande viser seg berre ei kort stund i drømmen, så skjuler det seg att og blir borte. Er det noko som går tapt? Er det ok at katten nå er utan slange? Kvar blir det av denne slangen? Kva gjer han der han nå er? Kanskje mannen kan svara fort på dette… Korleis kjennest denne situasjonen, altså at slangen nå er der han er, eller at mannen ikkje veit kvar han er?

Eventuelt kan han prøve seg på ein dialog med slangen. Du som har vidareformidla denne drømmen, kan også be han tenkje seg at han er slangen, kjenne på korleis det er, og fortelja om det. Du kan jo stille han nokre spørsmål som han kan svara på medan han ”er” slangen. Best å svara fort. Skriv eventuelt kjapt ned. Eller han kan svara på eit ark. F.eks.:

Korleis var det for deg, slange, inni katten?

Kva tenkjer du om katten?

Kva synest du om fargane på katten?

Korleis var det å koma ut?

Kva har du lyst til å gjera nå?

Korleis blir det da?

Kva vil du, slange, fortelja han som har drømt dette?

Er det noko du, slange, kan lære han?

Svara kan bli som ei tekst, som kan lesast i samanheng. Drømmaren eller innsendaren kan lesa det høgt. Korleis er det å lesa eller høre det?

Og så er eg frykteleg nysgjerrig på kva det eventuelt vart ut av dette, og eg kan gjerne kommentere vidare.

Kva gjer ein drøm?

september 6, 2010

Ein mann kommenterer dei siste innlegga:

«Poetisk og realistisk på samme tid. Nei, drøm er nok ingen framtidsprojeksjon, snarere en engstelse for noe som kan skje, men noen ganger også en skapelse, en avklaring.»

Kva meiner han med «framtidsprojeksjon», monn tru? Meiner han at drømmar ikkje kan varsle om noe som skal skje?

Mi erfaring er at drømmar kan uttrykke og utrette mye forskjellig, og det seier vel også denne mannen.

Ein drøm kan gi uttrykk for mange slags kjensler: engstelse, redsel, håp, ønske, glede, sinne osv.

Ein drøm kan vise mønster i veremåten og handlemåten hos den som drømmer og slik vera avklarande – iallfall dersom ein undersøker drømmen nærmare. Ein drøm kan også ha i seg alternative måtar å vera på, men det er ofte ikkje opp i dagen, så det trengst metodar for å få ut visdommen.

Ein drøm kan gi svar på spørsmål, kan koma med problemløysingar.

Ein drøm kan vera fantastisk oppfinnsam og skapande, slik at drømmaren verkeleg må undre seg: «Har eg verkeleg laga dette?» Det er nesten som ein nåde at alt slik rart kan koma til ein i søvne. Da er det norrøne uttrykket «mik dreymir» ikkje så dumt! Det skjer noe med meg når eg drømmer. (Det finst også visse mulegheiter for å styre drømminga…)

Går det an å drømme sant om noen eller noe ein annan stad eller i framtid? Ikkje har eg personleg erfart det i særleg grad, men kven veit? Folk fortel om slike erfaringar. Og minst ei erfaring har eg sjølv.

Dertil har vi drømmar med stor visdom

Og kva meir?

Flyteskriving for å finne ut av fæl drøm

mai 20, 2010

Eg vil prøve meg med flyteskriving med startpunkt i det mest kritiske punktet i drømmen. Flyteskriving betyr at eg skriv jamt framover utan å stoppe, utan planlegging, utan å bekymre meg og kritisere og korrigere. Jau, eg har lov til å bekymre meg, men da kan eg skrive det inn i teksta med ein gong. Hovudgrepet er å skrive heile tida.

Eg startar:

Eg står der og kan ikkje replikkane. Ingen kan hjelpe meg. Alle ser meg. Eg gjer ikkje det eg skal. Eg er ein fiasko. Kva skal eg finne på? Her står eg utan eit ord. Kva skjer? Det er jo noe rundt meg. Kan eg seia noe i forhold til det? Er det ingen andre som seier noe? Uff, eg kjem på Luther: ”Her står eg og kan ikkje anna. Gud hjelpe meg. Amen!” Var det ikkje slik? Det blir litt for storslått. Eg er vel ingen Luther! Så pinleg! Men det er jo noe i det. Er det ikkje slik det er? Er det ikkje slik livet er? Vi står der og kan ikkje anna. Vi er nokså hjelpelause. Eller vi treng hjelp. Vi greier ikkje alt åleine. Nå kjem eg jammen på meir kristeleg, det der om å vende blikket mot fjella og spørja kvar hjelpa mi skal koma frå. Dette står skrivi på ein stein ved Bakkehaugen kirke. Og hjelpa skal koma frå den som har skapt himmelen og jorda. Det er ordna slik at hjelpa ligg i skaparverket, tenkjer eg da. Det finst hjelp å få. Denne skrivinga gjekk i ei heilt anna lei enn eg hadde tenkt. Eg er slett ikkje fornøgd med det. Kvar vart det av utgangspunktet? Jau, eg står der utan replikkar. Kanskje eg berre kan stå der ei stund. Eg kan stå der ganske roleg, og så ser vi kva som skjer. Det treng vel ikkje skje noe heile tida heller. Det blir kanskje ikkje som publikum og medspelarane hadde tenkt. Men ok da. Slik vart det.

Nå har eg lesi gjennom det. Og eg synest det skjedde mye på noen minutts skriving. Situasjonen snudde seg faktisk på ein uventa måte, enda så mye trening eg har både i arbeid med drøm og med flyteskriving. Fiasko-kjensla snudde seg jo ikkje akkurat til suksess, men suksess vart temmeleg unødvendig. Så her sitt eg ganske roleg og skriv og tenkjer at dette skal sanneleg ut på bloggen.