Posts Tagged ‘samarbeid’
oktober 7, 2010
Kvinna med hundedrømmen (4. okt.) kommenterer:
Spennande med dine spørsmål, dei set i gang ting.
Og spørsmål kan ein laga seg sjølv også. To eller fleire kan stille kvarandre spørsmål om drømmar.
I dette tilfellet sette eg inn eit spørsmål der drømmen «har eit tomrom», det vil seia at det er noko drømmen seier lite om, noko eg blir nysgjerrig på. Kva kan det vera som gjer at ein person heller vil vera saman med hundar enn med menneske??? Her er det eit mysterium! Her kan det vera skjulte lengslar. Ja, da er det berre å spørja.
Kven er det som veit det? Eg kunne seia noko ut ifrå meg sjølv eller ut ifrå generell kunnskap. Men det er jo ikkje eg som skal vera i fokus her. Den som har drømt, kan ha andre erfaringar, andre betydningsunivers.
Den som veit aller mest, er jo den kvinna i drømmen, som klart står fram og sett hundar høgst. Vel, ho «eksisterer» jo ikkje. Da er det at drømmaren kan oppsøke dette i seg sjølv, denne personen inni seg, dele seg i ei som spør, og ei som svarar.
Stikkord:betydningsunivers, eksistere, generell, hund, kunnskap, kvinne, lengsel, menneske, mysterium, nysgjerrig, person, samarbeid, sjølvhjelp, skjult, spørsmål, svar, tomrom
Posta under "Hund er best", 1 GENERELT OM DRØM, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
juni 14, 2010
Ho som har drømt dei fem drømmane i serien under, lengtar etter oversikt og heilskap. Nå kan vi slå saman alt godt om ”eg” i drømmen:
Ho legg merke til ting.
Ho kjenner på viktige ting.
Ho reflekterer.
Ho stiller gode spørsmål om grunnar – grunnleggande spørsmål.
Ho undrar seg og undersøker.
Ho kan merke kva ho føler.
Ho kan akseptere at ho ikkje liker alle.
Ho er nærverande og kjærleg.
Ho gir den andre anerkjenning.
Ho lærer av andre.
Ho kan fungere saman med andre.
Ho samarbeider.
Ho ordnar fornuftig for seg og andre i samarbeid.
Ho er tillitsfull.
Ho vil bidra til fellesskapen.
Ho planlegg og administrerer.
Ho har kontakt med framtida.
Ho er oppfinnsam.
Ho har auge for det som er fint.
Ho kan glede seg.
Ho deltek i fest.
Ho gjer det som trengst.
Ho gjer uvanlege og dristige ting.
Ho vågar å gjera risikable ting.
Ho er på veg til noe.
Kva synest drømmaren om dette, monn tru? Kor mye har drømmaren felles med ”eg”-personen? Den som drømmer, og ”eg” i drømmen er jo ikkje akkurat den same, men likevel. Kan ho ta inn dette? Trur ho på det? Kan det hjelpe på kjensla av å ikkje kunna noe av det ho gjer? Vart det store stoffet meir oversiktleg?
Dersom det framleis kjennest stort og uoversiktleg, så kan ho jo zoome inn sterkt: ta ut tre av setningane over, kanskje tre setningar som ho liker spesielt godt, byte ut ”Ho” med ”Eg” og bruke tid på å ta dei inn, seia dei høgt for seg sjølv eller skrive dei stort på eit ark f.eks. ”Så enkelt er det.”
Stikkord:administrere, akseptere, anerkjenne, delta, drømme-ego, dristig, føle, fellesskap, fest, fint, fornuft, fungere, glede, heilskap, hjelp, kjærleg, kjenne, lengsel, meistring, merke, nær, oppfinnsam, oversikt, planlegge, reflektere, risiko, saman, samarbeid, seia, serie, skrive, spørsmål, tillit, tru, undersøke, undring, uvanleg, veg, viktig, zoome
Posta under "Død, jobb, homofil", "Flyplass, song, fest, lov", "Helikopter, mann, bæsje", "Hus, torsoar, selskap, båt", "Klappe løve", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
juni 14, 2010
Den første drømmen i denne serien er om hus, torsoar, selskap og båt:
”Eg” i drømmen leiger hus X av ei kvinne A som leiger eit anna hus Y av kvinne B. B seier at det stadig forsvinn ting når A har vori i Y. ”Eg” forstår ikkje: Kvifor leiger A hus når ho har hus? Kvifor stel ho frå huset ho leiger?
Barn kjem inn med torsoar. ”Eg” bed dei setta torsoane i gangen, for dei skal snart ut. ”Eg” ser at gangen er eldgammal.
Så er det uteselskap ved sjøen. Det bryggar opp til uver. ”Eg”–personen og mannen hennar finn ein plass med sol og skugge. Ho ser ein båt koma svært fort mot land og spør seg kvifor så fort?
Vi skal nå abstrahere handlingane til ”eg” i drømmen, og sjå vennleg på dei. Kva viser denne drømmen at ho får til? Eg tolkar og vurdererr ikkje særleg; eg ser etter kva som er i drømmen. Unntaket kan vera siste setninga. Her kunne eg spurt ho som eig drømmen, kva ho tenkjer om sol og skugge før eg vurderer det valet.
Ho reflekterer.
Ho stiller gode spørsmål om grunnar – grunnleggande spørsmål.
Ho planlegg og administrerer.
Ho legg merke til ting.
Ho ordnar fornuftig og balansert for seg og andre i samarbeid.
Kan drømmaren kjenne att dette som eigenskapar ikkje berre ”eg” i drømmen, men også ho har? Kanskje er ho ikkje der akkurat nå, at ho trur på dette, for ho kan jo ikkje noe! Ei hjelp kan vera gå inn att i desse konkrete situasjonane i drømmen og kjenne på dei. F.eks.: ”Jau, eg samarbeider med mannen min. Jau, vi finn ein høveleg plass saman. Jau, dette vart fint!”
Men dette må ho jo formgi sjølv. Det er ho som kan det, ikkje eg.
Stikkord:abstrahere, administrere, attkjenning, båt, drømme-ego, eigenskap, fint, formgi, fornuft, fort, høveleg, hjelp, hus, konkret, kvinne, leige, mann, ordne, planlegge, reflektere, samarbeid, selskap, sjø, skugge, sol, spørsmål, stela, tolke, torso, tru, uver, vennleg, vurdere
Posta under "Hus, torsoar, selskap, båt", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 14, 2010
Matematikklekse-drømmaren svarar i formiddag:
«Relasionen till honom ganska likgiltig, blev bättre efter att ha slutat skolan även om kontakten är minimal, men han ringde up mig för ett par år sedan i samband med ett jubileum jag inte var med på. Ett nytt jubileum den 22:a som jag inte heller tänker vara med om. Barnen tio-tolv år, pojke och flicka och de satt tillsammans så jag tror de samarbetade. Matematik, lösa gåtor och lägga ihop. Läxa, något man måste göra. Klasskamraten var inte med i drömmen I ett hus, ett mindre vardagsrum och jag var med men som åskådare eller medhjälpare vet jag inte riktigt. Men jag visste ju vad de gjorde och det var inte som allvetande utan som deltagare.»
Her handlar det om oppgåver som må gjerast, og drømme- ego («jag» i drømmen) trekker seg ikkje unna slike oppgåver. Ein styrke! Den nødvendige oppgåva er finne ut av spørsmål, av noe gåtefullt, og det er å få til samanheng (legge ting i hop, så dei blir eitt).
Det ser ut til at det trengst samarbeid for å få dette til. Det er eit bilde av å ikkje vera åleine og overlaten berre til seg sjølv, men vera i fellesskap. Og det kan vera eit bilde av samarbeid mellom ein maskulin og ein feminin instans. Det kan ein sjå på som indre instansar. Kva er det ved det kvinnelege og mannlege som skal til når ein skal løyse gåter og finne samanheng? tenkjer eg og kjenner at drømmen begynner å angå meg. Det er jo stadig nødvendige oppgåver i livet! Av og til får eg det til, og av og til strever eg fælt. Og det er sanneleg mange gåter å løyse, og mye som ikkje heng saman. Og så er det berre å addere! Eg må nesten le og blir ganske glad!
Den maskuline sida vår er den som strukturerer, analyserer, har fokus, er målretta, går på. Den feminine sida er den som har intuisjon, får innfall, fabulerer, er nær, har omsorg, kjenner heilskap. F.eks. Eller det var det eg kom på nå, og Jung er i bakhovudet! Vi treng begge sidene, også i kvardagsrommet og i det små!
Drømmen gir meg eit vakkert bilde av det mannlege og kvinnelege som samlar seg og får ting til å gå framover. Nå oppdagar eg igjen at eg har mitt eige bilde: Dei to sitt ved same side av eit kjøkkenbord og bøyer seg ivrig over oppgåva, slik at hovuda deira så vidt berører kvarandre, og håret blandar seg litt! (Kva seier du om det, du som eig drømmen?)
Kva kan drømmaren bruke dette til? Han kan jo spørja guten og jenta korleis det er å løyse oppgåvene saman. Det kan vera ein måte å koma meir inn i drømmen på og befeste det drømmen vil fortelja han. Og treng han meir samarbeid mellom desse instansane i seg? Bruker han heile seg? Neste gong han blir einsidig, dersom han blir det, kan han jo rope på guten/jenta og spørja kva han/ho kan bidra med. Eller han kan kalle fram dette bildet av dei to, slik han ser dei, i ferd med å løyse gåter og legge saman.
Nå er eg spent på om drømmaren har noe å legge til (for da blir det meir samanheng). Og vi treng jo han for å løyse gåta og koma vidare! (Er tankegangane her fremmendarta for han?)
Stikkord:addere, åleine, barn, befeste, berøre, bruk, deltakar, drømme-ego, eige drømmen, fabulere, feminin, fokus, gå på, gåtefullt, gut, hår, hjelpar, hus, innfall, intuisjon, jente, Jung, klassekamerat, kontakt, kvinneleg, løyse gåter, legge saman, lekse, mannleg, maskulin, matematikk, målretta, nær, omsorg, oppgave, plikt, relasjon, samanheng, samarbeid, samle seg, skole, spørsmål, strukturere, styrke, tett saman, ti år, tilskodar, tolv år
Posta under "Matematikklekse", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 14, 2010
Ein mann skreiv i går:
«Drömde inatt om två barn till en klasskamrat, jag vet inte om han har några barn, som höll på med en matematikläxa. Vad betyder det?»
Her er det barn, det er ein klassekamerat, det er matematikk, og det er lekse. Da må eg stille drømmaren noen spørsmål, som han kanskje kan og vil svara på, kanskje delvis, kanskje slett ikkje:
- Kva hugsar du umiddelbart om denne klassekameraten?
- Korleis var relasjonen din til han?
- Kor gamle kan barna vera i drømmen?
- Samarbeider barna? Eller korleis går det for seg?
- Kva er matematikk? (Svar fort og ikkje gjennomtenkt!)
- Kva er ei lekse? (Svar fort og ikkje gjennomtenkt!)
- Er klassekameraten eller noen andre med i drømmen?
- Hugsar du noen omgjevnader? Er dette i eit hus f.eks.?
- Er du med i drømmen? Eventuelt korleis?
Nå har drømmaren ballen, eg er klar til å ta imot, og så får vi sjå kva som hender! Blir det eit framhald på dette? Får vi veta meir???
Stikkord:alder, barn, bety, definisjon, klassekamerat, lekse, mann, matematikk, omgjevnad, relasjon, samarbeid, spørsmål, svara fort
Posta under "Matematikklekse", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »