Nå har sida sovi lenge. Er ho ei som går i hi om sommaren? Blir det drømmar av denne slumringa? Førnatta drøymde eg den gamle drømmen om at eg ikkje kunne finne skorne mine da eg skulle ut. Og så hadde eg feil skor – to gonger – eit par som var for svarte og stive og eit par lyse blomstrete barneskor. Til slutt fann eg ut at det gjekk fint an å gå ut i væta i sokkelesten og kjenne mosen opp mot foten. Ok? Her er eg.
Posts Tagged ‘søvn’
Elias Khoury med drømmeroman
mars 8, 2011«Libanesiske Elias Khouri er norgesaktuell med romanen Som om hun sover. Den handler om Milia, som er født inn i en kristen familie i Beirut. Hun ønsker å tenke og tolke seg frem til sin egen kulturelle identitet, og gjør dette best mens hun sover. Hun drømmer om dagen og om natten. Hele hennes liv flettes sammen til et slags minnenes teater, der episoder, roller og identiteter plutselig kan vendes opp ned.» (Frå programmet til Litteraturhuset)
Drømmen blandar saman fortid, nåtid og framtid og er i slekt med poesien, sa Elias Khoury på Litteraturhuset i går i samtale med Åsne Seierstad.
http://www.aschehoug.no/litteratur/romanernoveller/katalog?productId=46997683
Erling Kittelsen: Et døgn over Le
januar 22, 2011Det kom ei 30 år gammal bok i hendene mine seint i går kveld: Et døgn over Le av Erling Kittelsen.
Eg få lyst til å drømmenippe.
Her les eg om å nå kvarandre ”med spissen av enkelte drømmesetninger”, svømme ”ut og inn av hverandres drømmer omtrent som fisk mellom to havnebasseng”, om Jara ”som skalv i drømme nær en fosskant”, om ”tordendrøm”, å ligge i ”en ferskenlys søvn”, om ”skremmende drømmesagn”, å sitta ”på kanten av/ søvngalleriet – med utsikt/ til glitrende elvebunn”, om ”en lang klam/ frakkedrøm med eggende/ glostifter til”, om Jara ”som drømte en tynn drøm/ klar mot huden på en vond hæl”, om terna som ”forvåknet seg”, om Veslebror som ”satt der taus i slåbrok,/ han hadde hatt store drømmesyner”, om Dyke som ”drømte om fargene i Jaras/ belte og sov litt til”, om Jara som ”drømte om gråtonen” i Dykes/ frakk og sov litt til, om Dyke og Jara som står ”opp som klippet ut for/ hverandre med søvn hengende/ i ømme skuldre”.
Og da har eg berre nippa ørlite grann til spissen av somme setningar i alt dette, og eg seier ikkje meir.
Bein
desember 17, 2010 @Heimflyttar Heimflyttar
Septemberoktobersau
oktober 11, 2010Eg fekk berre så frykteleg lyst til å legge ut eit sauebilde. Har eg nokon rimeleg grunn? Sauer og søvn hører jo saman, og bildet vart nokså nattaktig.
Eigentleg står dette sommargamle lammet ved Svislåaelva i Ringebu kl. 10.43 om formiddagen i solskinet, og det er søndag og 19. september.
Kvar er lammet nå? Det veit vi ikkje. Mye fårikål er kokt sidan da. I dag er det måndag og 11. oktober, og da vart lammet akkurat slik som bildet viser. Det er eit bildelam, lamibilde.
Og får du ikkje sova i kveld, så kan du telja denne sauen. Når du teller dine venner, glem da ei å telle meg.
Dessutan har vi nettopp hørt om ein sau som vart levande i løpet av drømmen. Slik kan det også gå. Nå kom eg på slangen i huset. Kvar er slangen?
Fleire dyr i bloggen?
september 27, 2010Eg vart så oppliva av denne godarta bjørnen som kom inn i drømmen min at eg begynte å tenkje på fleire dyr. Frå før har vi elefantar og ei løve i bloggen, ei geit og ein prinsete frosk. Er det ikkje fleire?
Ikkje mange sauer. Det må eg rette på, for sauer er det både høgt og lågt. Schrødingers katt får vel ikkje reknast med? Kanskje kan ei voggevise lokke fram nokre fleire dyr ? Betre tidleg enn aldri:
God natt, god natt, no er det tid for alle små å drøyme. Snart luskar reven fram frå hi, kvar skal seg haren gøyme?
Det er fleire dyr i visa, både små og nokså store, eit temmeleg bråkete dyr er det der òg. Eit par generasjonar har sovna til denne songen. Kvinneleg forfattar. Svensk folketone. Kven veit?
Og kven har eit drømmedyr å by på? Du med alle elefantane f.eks., har du heilt dyrelause netter nå?
For min del lovar eg å gjera mitt beste. Eg skal tenkje ut eit høveleg dyr rett før eg sovnar. Eg skal tenkje det inn. Ok?
Kva er ei natt?
september 6, 2010I «Allvismål» stiller guden Tor mange spørsmål. Den som svarar, er Allvis, dvergen som bur under jord og stein. Spesielt vil Tor veta kva ymse fenomen heiter i dei ymse verdene: blant menneske, gudar, vaner, jotnar, alvar og dvergar. Slik får vi ulike blikk på jord, himmel, måne, sol, skyer, vind, natt osv.
Kva er ei natt – mørker, maske, søvnglede, ein drømmespinnar? Sjå norrøn original og omsettingar: http://www.heimskringla.no/wiki/Allvism%C3%A5l