Etter at eg kryssa av for noko med å tillate søkemotorar, så har det begynt å skje spennande ting. F.eks. kan det plutseleg stå meldingar på statistikksida mi under ”These terms people used to find your site”, så som:
blå kvinne og barn bilde
strephon kaplan-williams
Eit menneske har i dag av ukjende grunnar hatt «blå kvinne og barn bilde» inni hovudet sitt og slik hamna på innlegget ”I det blå” i bloggen min frå 23. august! Ikkje veit eg kven det er, og ikkje veit eg om dette mennesket las det ho/han fann, og ikkje veit eg kva vedkomande tenkte.
Ein annan, eller den same, kva veit eg, har vori ute etter Strephon Kaplan-Williams, og det kan eg godt forstå, og har altså slik komi til innlegget mitt frå 31. mai. Velkomen!
Å ja, slik har det vel alltid vori når ein sender tekster ut i verda, at ein veit ikkje kvar fuglen flyg eller korleis han flyg. Men det nye og snodige er å få slike små spor straks på timen!
Hei du blå-kvinne-barn-bilde-søkande! Og du Kaplan-Williams-interesserte! Å nei, nå er de vel ikkje der lenger, men ein heilt annan stad! Og ord fyk omkring, og verden er så stor, mye mye større enn du tror, eller verda er neimen ikkje stor.