Posts Tagged ‘søke’

Folk finn merkeleg nok fram

oktober 24, 2010

Etter at eg kryssa av for noko med å tillate søkemotorar, så har det begynt å skje spennande ting. F.eks. kan det plutseleg stå meldingar på statistikksida mi under ”These terms people used to find your site”, så som:

blå kvinne og barn bilde

strephon kaplan-williams

Eit menneske har i dag av ukjende grunnar hatt «blå kvinne og barn bilde» inni hovudet sitt og slik hamna på innlegget ”I det blå” i bloggen min frå 23. august! Ikkje veit eg kven det er, og ikkje veit eg om dette mennesket las det ho/han fann, og ikkje veit eg kva vedkomande tenkte. 

Ein annan, eller den same, kva veit eg, har vori ute etter Strephon Kaplan-Williams, og det kan eg godt forstå, og har altså slik komi til innlegget mitt frå 31. mai. Velkomen!

Å ja, slik har det vel alltid vori når ein sender tekster ut i verda, at ein veit ikkje kvar fuglen flyg eller korleis han flyg. Men det nye og snodige er å få slike små spor straks på timen!

Hei du blå-kvinne-barn-bilde-søkande! Og du Kaplan-Williams-interesserte! Å nei, nå er de vel ikkje der lenger, men ein heilt annan stad! Og ord fyk omkring, og verden er så stor, mye mye større enn du tror, eller verda er neimen ikkje stor.

Ansiktet ditt søker eg

oktober 17, 2010

Ludmila Pawlowska: utsnitt av bilde i Sagene kirke, 10.10.10 Foto: Tordis Irene Fosse

Kva kan vera tittelen på dette bildet? Prøv deg fram! Spring til Sagene kirke og sjå etter!

Saka er at eg har ikkje svaret, for eg har rota med papira mine. Men eg skal sykle ned til Sagene kirke og sjå etter, det lovar eg. Der er det så lagleg ein orgelkonsert i kveld. Så ein kan få mye på ein gong.

Eg tok altså mange bilde sist søndag. Nei, eg tok dei ikkje. Eg fotograferte dei.

Utan tittel kan eg fabulere fritt. Pawlowska har mye med ansikt, med auge, å sjå, innsikt, å lytte til hjertet, stillheit, vera saman, søke.

Ofte kan ein ane skrift i bilda, men skrifta er knapt nok lesande. Har skrifta komi der på eit tidleg stadium i prosessen? spør eg henne. Er skrifta på ein måte underliggande? Ja, slik er det, seier Pawlowska.

I eit bilde kan ein skimte ord til mamma, som døydde brått for 14 år sidan.

Eg liker dette bildet over. Kan det vera «I tystnaden kan man lyssna till sitt hjärta»? Den tittelen liker eg. Det er fint når det er stille. Kan ein høre når det er stille? Kva hører ein når det er stille? Når ein lyder ordentleg etter? Høre utover og innover… Når ingenting kjem utafrå, da kan ein høre det som kjem innafrå. Å ta imot drømmane sine er å lyde innover. Kjem drømmane frå hjertet?

Det er nok ikkje den tittelen. Eg tok han frå lista over utstillingsbilda, men er det den? Det kan vera augo som ser like mye innover som utover. Men det kan også vera «Søkandet». Eller «Att bli sedd för att kunna se». Nei, det var visst eit raudt bilde.