Posts Tagged ‘respons’

«På Drømmens Dag»

oktober 7, 2010

Lyst til å lesa eit heilt ferskt drømmeaktig dikt?

http://debatt.dagbladet.no/diktkammeret/debatt/read_post.html?board_id=1&post_id=779441&thread_id=779467

Diktkammeret er ein stad å sende dikt til. Du får lesarar med ein gong og kanskje endatil kommentar frå andre skrivarar.

Skriving for seniorar i vilden sky

mai 7, 2010

Dette studieåret har vi hatt skrivekurs for seniorar og pensjonistar ved Høgskolen i Oslo. Eg har assistert med undervisning og respons. Når eg skal få andre til å gjera noe, prøver eg det ofte sjølv like før. Og da eg skreiv og skreiv utan kritiserande stopp, oppstod det jammen ei overrasking denne gongen òg: kombinasjonen mellom Oslogryta og «Bro, bro brille»! Tekstene frå kurset blir samla og gitt ut på skriftserien ved Høgskolen. Mange av tekstene er glimt frå arbeidsliv. Det er også teksta mi: «Klukka ølløv i Oslogryta», som eg luka litt i etter villskrivinga og la ut i denne bloggen. Så ver så god: ei lita smaksprøve utpå sida her.