Posts Tagged ‘replikk’

Vil noen der ute prøve flyteskriving

mai 20, 2010

og kanskje endatil sende inn til dette publikumet som vi ikkje heilt veit kven er? Du kan f.eks. ta utgangspunkt i ein situasjon i ein drøm. Det kan vera eit punkt i drømmen som ”stikk” deg. Eller det kan vera slutten, for kanskje kjennest drømmen uferdig. Eller er det ein replikk du vil finne ut av? Eigentleg går det an å begynne kvar som helst.

Lag deg ei startsetning, bestem deg for å skrive utan stopp i f.eks. fem minutt, og berre gjer det! Etterpå kan du sjå etter korleis det er å lesa det og kjenne på det. Og har du lyst, så kom hit med det. Gjerne med drømmen dertil og litt om tanken din etter skrivinga og lesinga osv.

Du kan trykke på merkelappen («tag») nedanfor her: «flyteskriving», og lesa meir.

Og så kan du gjerne få vera anonym på bloggen, om det er det du vil. (Du kan bruke e-post om du liker det best: Tordis.Fosse@lui.hio.no)

Kanskje får du kommentar frå meg på skrivinga di. Eller nesten sikkert.

Flyteskriving utan ferdige replikkar

mai 20, 2010

Nå sitt eg her og har det ganske fornøyeleg. Eg er fornøgd med at eg kom på å bruke flyteskriving på akkurat denne drømmen. Samanhengen ser eg etterpå: Drømmen kan jo handle om å framføre det andre har bestemt. Dette er ikkje ei som skal finne på sjølv. Det stoppar heilt opp for drømme-ego (altså ”eg” i drømmen) når ho ikkje har lært seg replikkane.

Den ferdige musikken sviktar også. Her er det ikkje snakk om å la det flyte innafrå. Nå ser eg brått for meg at eg tek ein song frå scenen også, men da går det vel for vidt! Og så kjem eg på barns spontansong, der dei eigne orda berre trillar ut av dei med dei tonane som fell seg. Vedunderleg å høre på.

Flyteskriving for å finne ut av fæl drøm

mai 20, 2010

Eg vil prøve meg med flyteskriving med startpunkt i det mest kritiske punktet i drømmen. Flyteskriving betyr at eg skriv jamt framover utan å stoppe, utan planlegging, utan å bekymre meg og kritisere og korrigere. Jau, eg har lov til å bekymre meg, men da kan eg skrive det inn i teksta med ein gong. Hovudgrepet er å skrive heile tida.

Eg startar:

Eg står der og kan ikkje replikkane. Ingen kan hjelpe meg. Alle ser meg. Eg gjer ikkje det eg skal. Eg er ein fiasko. Kva skal eg finne på? Her står eg utan eit ord. Kva skjer? Det er jo noe rundt meg. Kan eg seia noe i forhold til det? Er det ingen andre som seier noe? Uff, eg kjem på Luther: ”Her står eg og kan ikkje anna. Gud hjelpe meg. Amen!” Var det ikkje slik? Det blir litt for storslått. Eg er vel ingen Luther! Så pinleg! Men det er jo noe i det. Er det ikkje slik det er? Er det ikkje slik livet er? Vi står der og kan ikkje anna. Vi er nokså hjelpelause. Eller vi treng hjelp. Vi greier ikkje alt åleine. Nå kjem eg jammen på meir kristeleg, det der om å vende blikket mot fjella og spørja kvar hjelpa mi skal koma frå. Dette står skrivi på ein stein ved Bakkehaugen kirke. Og hjelpa skal koma frå den som har skapt himmelen og jorda. Det er ordna slik at hjelpa ligg i skaparverket, tenkjer eg da. Det finst hjelp å få. Denne skrivinga gjekk i ei heilt anna lei enn eg hadde tenkt. Eg er slett ikkje fornøgd med det. Kvar vart det av utgangspunktet? Jau, eg står der utan replikkar. Kanskje eg berre kan stå der ei stund. Eg kan stå der ganske roleg, og så ser vi kva som skjer. Det treng vel ikkje skje noe heile tida heller. Det blir kanskje ikkje som publikum og medspelarane hadde tenkt. Men ok da. Slik vart det.

Nå har eg lesi gjennom det. Og eg synest det skjedde mye på noen minutts skriving. Situasjonen snudde seg faktisk på ein uventa måte, enda så mye trening eg har både i arbeid med drøm og med flyteskriving. Fiasko-kjensla snudde seg jo ikkje akkurat til suksess, men suksess vart temmeleg unødvendig. Så her sitt eg ganske roleg og skriv og tenkjer at dette skal sanneleg ut på bloggen.

Eg står der og kan ikkje replikkane

mai 20, 2010

Drøm førnatta:

Eg har ei viktig rolle i eit skodespel. Fyrste akt er over. Det er fem akter. Eg kjem på at eg har glømt å lære replikkane. Eg tenkjer at da blir det vanskeleg å få i hamn så mye som fire akter til. Musikkanlegget er dessutan ikkje på plass, og eg veit ikkje kvar det er, og musikken trengst. Eg tenkjer at eg kan simulere sjuk, men slår det frå meg. 

Det er ein svært ubehageleg drøm. Så vaknar eg og synest det er veldig godt og heilt utruleg at eg skal sleppe unna dette! Er bitte lite grann skuffa også, for det var spennande å vera med på!

”Det var berre ein drøm.” Kor ofte har eg ikkje hørt den replikken! Vi seier det til ungar som drømmer vondt om natta, og vi seier det til oss sjølve. Men da seier vi i grunnen nei takk til drømmen.

Nei, eg har ikkje spesielt lyst til å gå inn i denne drømmen! Og så med tanke på blogg! Æsj! Vise fram hjelpeløysa! Så må eg le litt, for drømmen står jo der og ertar meg og seier ”nettopp”. Ok da! Og så kjem eg på at eg veit ikkje kva som kjem ut av dette, kva for noen setningar det blir, for det er ikkje ferdige replikkar frå ei bok. Men heldigvis skriv ein ikkje rett inn i bloggen. Tenk om noen såg kvar bokstav ettersom eg skreiv nå! Skummelt! Men spennande òg.

(Sjå neste innlegg, som eigentleg er skrivi med ein gong, men nå deler eg det i to bitar og sett på ei ny overskrift, så det skal bli meir spiseleg.)