Posts Tagged ‘Raudhette’

I had a dream

september 10, 2010

Spor av visjon i alle nattedrømmar? Vi kan prøve påstanden på sist omtalte drøm, «For seint på toget» frå 26. august. (Du kan klikke han fram under «Kategoriar av innlegg» i stolpen til høgre, alfabetisk ordna.)

Det er vel ingen visjon her! Eller? Drømme-ego har eit prosjekt. Han vil noe. Han skal ein stad. Han skal ikkje bli verande der han er. Ei reise er klart ei forandring. Kvar skal han? Det seier ikkje sjølve drømmen noe om.

Men dersom drømmaren går alvorleg inn att i drømmen, eventuelt flyteskriv, så kan han kjenne etter kvar han skal. Og der kan sporet  av ein visjon vera. Eg kan jo prøve sjølv. Typen drøm er ikkje fremmend for meg – og kanskje ikkje for deg heller, kjære lesar. Altså, eg flyteskriv her og nå og ser kva som skjer:

«Der står eg, og eg skal på toget. Eg står der. Nå kjenner eg at det er spennande å skulla reise. Her står eg, og lufta er klar og fin. Eg skal sørover denne gongen! Ikkje oppi dalen, som eg fyrst trudde. Nei, eg skal til Basel. Der skal eg på ei kunstutstilling. Trur det er Miro, han med dei rare strekteikningane, litt barnslege og tullete. Og så skal eg gå omkring der, og eg skal snakke til fremmende folk! Oj sann! Til ein mann. Og til ei lita jente. Og så sett vi oss på ein benk og ser på bilda. Og eg skriv ned det dei seier om bilda. Og eg fortel kva slags innfall eg får. Og nå teiknar den vesle jenta ei miroaktig teikning på ryggen min, og eg seier kva eg trur det er. Og så teiknar eg på ryggen til mannen, og vi sitt i ein sirkel. Og noen stoppar og ser på oss og smiler vennleg og vil vera med, og det blir ein stor sirkel, og bilda på veggene rundt begynner å småsnakke, og vi har det veldig fint og får kaker og brus, og der er bestemor.»

Du store min, der får eg slutte med denne skrivinga! Ein treng visst ikkje absolutt sova for å finne på underlege ting. Slik vart altså nå-toget-tog-fantasien min som kom gjennom skrivinga. Visjon er kanskje sterkt sagt. Men den som ser etter, kan sjå at det er da mye fint her, både for denne som reiser, og for andre.

Her er det samvær på tvers av kjennskap, kjønn, alder, språk. Det er å sjå, å høre, å kjenne. Det er samtale og kunst og leik og kropp og ivaretaking. Det er inkludering og utviding.

Eg er sant å seia ganske fornøgd med denne plutselege flyteteksta som kom ut av ein annans drøm. Visjon? Ja, vi seier det.