(Framhaldssoge «om elefant i bås», starta 11. mai)
Kvar var elefanten før han vart plassert i båsen? Ho som drømte han, ser ein utydeleg ørken i forhistoria hans, og så oppsummerer ho:
«dette vart svært lærerikt og oppklarande for meg, med spørsmåla du gav meg spesielt det siste der eg skulle svara raskt. føler no at draumen er komen i hamn.»
Vi har styrt fælt med den kvite elefanten nå ei stund.
Ja, vesle elefant, vi kan sleppe taket, og du skal ikkje ha rampelyset på deg heile tida; du skal få lov å ha ull rundt deg.
Kanskje kan ho som har drømt deg, etter kvart finne ut meir om kva slags liv du hadde før du kom i båsen? Og kva slags liv er det du vil ha om du kjem ut av båsen? Den som har fått deg inn, kan vel også få deg ut. Den tilliten kan vi ha til henne. (Ho kan fabulere med rask flyteskriving. Kunne det vera styrkande for henne å laga seg konkrete bilde på det frie elefantlivet? )
Men nå har du vori sint og lei deg og kjempa i denne tronge båsen og tenkt og oppdaga ting og vorti sterk og glad og modig og snudd på deg. Eg trur det er på tide med litt fred og ro. Og så får vi sjå – eller kanskje får vi ikkje sjå meir. Det er i orden, det, vesle elefant.