Posts Tagged ‘problem’

«A stillness of contemplation»

oktober 20, 2010

Etter all denne fotograferinga og prøvinga og feilinga og syklinga til og frå Sagene kirke og høringa på orgelkonsert, oppdagar eg at bildet eg har lagt ein viss elsk på, finst på heimesida til Ludmila Pawlowska.

For det er vel det same bildet? Riktignok er hjertet borte i den engelske tittelen. Reknar ho ikkje med at dei engelsklesande er så hjertebegeistra, eller har hjertet komi til etter kvart? Det står ikkje til å nekte at den svenske tittelen er vakker og varm. Og meir dynamisk? Eller?

Er så fargeproblemet løyst? Vel, nei! Iallfall på min skjerm ser bildet for skarpt ut i fargane. Det er framleis best å gå inn i Sagene kirke, gå innover til venstre til det nordre sideskipet og gå om bord og bli der helst i stillheit.

Men klikkar du på lenka nedanfor, kjem du altså rett til eit skjermbilde av stillheita og treng ikkje ta fram sykkelen eller båten eller kva du bruker for å koma dit du skal. Og både der og her kan du sjå på fleire bilde.

Nå har eg sjekka lenka, og ser at du kjem ikkje rett fram, du kjem til  øvste bildet i rekka av 40x40x9-bilde. Det er ikkje bortkasta å koma dit, for der er «Inner power» (2008). Og ettersom eg skriv og skriv om drømmar, må eg kople og seia at drøm kan vera eller bli ei indre kraft. Når ein ser etter, ligg det også skrift inni det bildet, dermed har vi koplinga skrift, skriving og indre kraft. Det liker eg! Klikk også på bilde nr. 9 og finn meir «Inner power» (2009), kanskje enda kraftigare saker. 

Men så kan du klikke på bilde nr. 6 ovanfrå i rekka. Der er stillheita.

http://www.ludmilapawlowska.se/works/paintings/40x40x9/

Start i livsproblem

juni 14, 2010

Eg har føre meg drømmar frå ei kvinne som formulerer sterkt og tydeleg kva ho strever med i livet nå (sjå førre innlegget). Eg kan ordne og oppsummere det slik:

  • Ho synest ikkje ho kan noe av det ho gjer.
  • Ho vil vera ein god leiar.
  • Ho treng å fordele ansvar på fleire.
  • Det er for mye for henne.
  • Det er uoversiktleg.
  • Ho tek på seg for mange oppgåver.
  • Ho har ikkje lyst til å snakke med folk.
  • Ho kjenner seg negativ.
  • Ho er utsliten.
  • Ho kjenner behov for å flykte frå problema.

 Eg vil tru at dette er til å kjenne att for andre, heilt eller delvis?

Eg ser at ho er ei som bruker å ta ansvar, og det ser ut til at livet er uoversiktleg for henne, ho tek på seg for mange oppgåver, ho er utsliten. Da er det kanskje ein god ting å få ta imot ordnande hjelp? Ho kan få lov å gi meg ansvar! Ho treng sannsynlegvis at det kjem noe enkelt og oversiktleg ut av drømmestoffet.

Ein enkel ting å gjera, er å sjå på handlingane som ”eg” i drømmane gjer. Og det kan gjerast enda meir avgrensa: sjå på kva ”eg” kan og får til. Dessutan kan drømmane refererast i litt forkorta form. Overskrifter er også ein ordnande faktor.

 Nå gjer eg dette for henne, sjølv om det hadde vorti annleis med innspel frå henne heile vegen.

Kvifor drømmer vi?

juni 5, 2010

Det spør Schrödingers katt om 3.6.10.  Kvar kjem drømmane frå? Kva er opphavet til drømmar? Betyr drømmar noe? Kan vi bruke drømmar til noe?

Programmet er allsidig, innhaldsrikt og medrivande, med utsegner frå mange forskarar som har mange slags vinklingar og forskingsprosjekt, dessutan med glimt av forteljingar om drøm, og av personar med ulike drømmemønster.

Konklusjonen er at drømmar styrker helsa, løyser problem, hjelper oss å overleva, viser oss korleis vi kan koma gjennom neste dag, viser ein meir visuell og intuitiv tilnærmingsmåte enn det som er vanleg i vår kultur, hjelper oss å knyte hendingar i nåtida til hendingar i fortida og til framtida.

Drømmar har ført til nobelprisar, vitskaplege oppdagingar, politiske hendingar, romanar og filmar. 

Programmet legg mye vekt på hjerneforsking. Programmet seier ingenting om korleis ein kan utvikle drømmen vidare.

http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/642034