Posts Tagged ‘prins’

Fleire dyr i bloggen?

september 27, 2010

Eg vart så oppliva av denne godarta bjørnen som kom inn i drømmen min at eg begynte å tenkje på fleire dyr. Frå før har vi elefantar og ei løve i bloggen, ei geit og ein prinsete frosk. Er det ikkje fleire? 

Ikkje mange sauer. Det må eg rette på, for sauer er det både høgt og lågt. Schrødingers katt får vel ikkje reknast med? Kanskje kan ei voggevise lokke fram nokre fleire dyr ? Betre tidleg enn aldri:

God natt, god natt, no er det tid                                                           for alle små å drøyme.                                                                           Snart luskar reven fram frå hi,                                                            kvar skal seg haren gøyme? 

Det er fleire dyr i visa, både små og nokså store, eit temmeleg bråkete dyr er det der òg. Eit par generasjonar har sovna til denne songen. Kvinneleg forfattar. Svensk folketone. Kven veit?

Og kven har eit drømmedyr å by på? Du med alle elefantane f.eks., har du heilt dyrelause netter nå?

For min del lovar eg å gjera mitt beste. Eg skal tenkje ut eit høveleg dyr rett før eg sovnar. Eg skal tenkje det inn. Ok?

Drømmekyssing

mai 27, 2010

  

Nå vil frosken ut av det marginale tilværet. Det er dårleg med kyssing der nedpå sida til høgre! Bleike bokstavar dessutan, heilt kraftlause! Kanskje det kan hjelpe å koma ut på hovudsida og breie seg utover, vera ein strålande midtsidefrosk med sterk og klar appell.  

Det er altfor lite erotikk i denne bloggen, seier ein lesar (mann).

Kva skal eg seia til det?

Skal eg seia at det var liksom ikkje bloggeprinsesse eg hadde tenkt å bli? Dette er ein fagleg blogg om drøm!

Eg seier heller: Den som ikkje ser erotikken i dette bildet, kan berre ha det så godt.

Men det er ikkje så greitt å vera frosk åleine på eit tak i Drøbak, stå der og stå der med sterke og nyttelause hint om prinsepotensiale.

Dette er juks! Nå hører eg ei harm stemme frå Drøbak. Dette går altså for vidt! Frosken er ikkje åleine! På taket i Drøbak står frosken faktisk saman med ein annan frosk. Med krone på! Ja da, eg veit vel det, eg som var der ein heil dag i pinsa med nissar og båtar og kanonar og alt, og var den som fotograferte frosk. Men DENNE frosken på bildet MITT står åleine.

Og den vesle drømmen din frå siste natta, kan han vera ein einsam liten frosk som ventar og ventar på å få bli akkurat den prinsen som akkurat han er meint å bli?