Posts Tagged ‘oppdage’

«A stillness of contemplation»

oktober 20, 2010

Etter all denne fotograferinga og prøvinga og feilinga og syklinga til og frå Sagene kirke og høringa på orgelkonsert, oppdagar eg at bildet eg har lagt ein viss elsk på, finst på heimesida til Ludmila Pawlowska.

For det er vel det same bildet? Riktignok er hjertet borte i den engelske tittelen. Reknar ho ikkje med at dei engelsklesande er så hjertebegeistra, eller har hjertet komi til etter kvart? Det står ikkje til å nekte at den svenske tittelen er vakker og varm. Og meir dynamisk? Eller?

Er så fargeproblemet løyst? Vel, nei! Iallfall på min skjerm ser bildet for skarpt ut i fargane. Det er framleis best å gå inn i Sagene kirke, gå innover til venstre til det nordre sideskipet og gå om bord og bli der helst i stillheit.

Men klikkar du på lenka nedanfor, kjem du altså rett til eit skjermbilde av stillheita og treng ikkje ta fram sykkelen eller båten eller kva du bruker for å koma dit du skal. Og både der og her kan du sjå på fleire bilde.

Nå har eg sjekka lenka, og ser at du kjem ikkje rett fram, du kjem til  øvste bildet i rekka av 40x40x9-bilde. Det er ikkje bortkasta å koma dit, for der er «Inner power» (2008). Og ettersom eg skriv og skriv om drømmar, må eg kople og seia at drøm kan vera eller bli ei indre kraft. Når ein ser etter, ligg det også skrift inni det bildet, dermed har vi koplinga skrift, skriving og indre kraft. Det liker eg! Klikk også på bilde nr. 9 og finn meir «Inner power» (2009), kanskje enda kraftigare saker. 

Men så kan du klikke på bilde nr. 6 ovanfrå i rekka. Der er stillheita.

http://www.ludmilapawlowska.se/works/paintings/40x40x9/

Hund er best

oktober 4, 2010
                          
Ei kvinne skriv dette:
                                                   
Du spør etter dyredraumar, og for eit par netter sidan kom denne draumen til meg:
                
Eg er på besøk hos ei venninne, ho har 2 hundar og ei datter. Eg får ingen kontakt med venninna mi fordi ho gjev all oppmerksamhet til hundane, dattera hennar kjem og i bakgrunnen. Ho seier at hundane er hennar beste vennar, og ho har ikkje plass til meir i livet sitt. Det vert tydleg for meg at ho har valt hundane og har ikkje plass til meg, så eg kan ikkje ha ho til venn lenger, ho har ikkje plass. 
 
I same draumen møter eg og ei anna venninne som ser på alt som verdifullt, ho tar nokon gamle utbrukte gaflar og bøyer dei så får dei eit nytt bruksområde, eit oppheng for klær. Her opplever eg at alt er mulig og alle har lik verdi, ein god optimistisk følelse.
 
Mens i hundesekvensen kjennner eg at eg er avvist, ikkje plass til meg. Trist å oppdaga dette, kjenner og på tristhet i forhold til dattera som står heilt i bakgrunnen.
 
(Avsnittinndelinga er mi.)
                                                      
«Eg» i denne drømmen har god kontakt med kjenslene sine, og drømmaren ser tydeleg kontrasten mellom dei to måtane å relatere seg på, og veit korleis ho synest det er best. Det handlar om å avvise og bli avvist, om å rangere og å sjå verdiar. Vi ser relasjonar mellom kvinner: venninner, mor-dotter.
  
Er det så meir å oppdage i denne drømmen eller gjennom denne drømmen? Kanskje det. Men det er ikkje opp i dagen. Eg spør drømmaren:
                                     
Kunne du tenkje deg å gå inn att i denne drømmen, altså førestelle deg at du er der att med venninna og hundane og dottera. Så kunne du spørja venninna kva det er med desse hundane som gjer at dei er dei beste vennene hennar. Du kan eventuelt gjera det på den måten at du byter rolle med henne og svarar på spørsmålet. Du kan gjerne flyteskrive med utgangspunkt i dette. 
                              
Kan svaret vera opplysande? Har hundar eigenskapar som du kunne tenkje deg å ha noko av (som venninne, mor, dotter)? Treng du at andre (venninne, mor, dotter) har slike eigenskapar? Eller er det tvert imot?
                         
Du kan også gå inn i drømmen på ein annan måte: Kva kan du tenkje deg å seia til denne venninna? Om du er dottera, kva vil du seia til mora da? Korleis ville det vera om ho med hundane og ho med gaflane møtest? Kva slags samtale kunne utspela seg?
                   
Har du lyst til å prøve noko av dette? Andre kan også prøve! Rapporter gjerne til bloggen!
                            
Med vennleg helsing frå ei som aldri har hatt hund, men den hunden ho lånte og gjekk tur med ein periode, hadde sanneleg visse eigenskapar som ho likte godt!
 

Ikkje hopp ut straks!

juni 22, 2010

Den som hoppar kjapt over frå drøm til tenking og tolking, kan miste mulegheiter. «Vesle vitet det strekk ikkje til,» skreiv Ivar Aasen. Det finst alltid tilliggande herlegheiter, som ei isbre eller einsemd eller sårheit. Kva kan ein ikkje oppdage om ein går vidare med drømmejakka på!? Om ein går frå rom til rom SAD & CRAZY? (Nå var eg altså på ein boktittel av Jan Erik Vold.) Bli i bildet, og du får fleire bilde! Utviding og innviding. Og så kan tanken ordne. F.eks. slik kan det gå for seg.

Klappe løve

juni 14, 2010

Den fjerde drømmen i denne serien handlar om å klappe ei løve:

”Eg” klappar ei tam løve. – ”Eg” ser folk går i lufta. ”Eg” undrar seg over det, men oppdagar at dei går på usynleg glas eller plast og tenkjer at ”eg” også kan gå der, og det gjer ”eg”. ”Eg” er på veg til eit fly.

”Eg” i drømmen får til:

Ho er nærverande og kjærleg.

Ho undrar seg og undersøker.

Ho lærer av andre.

Ho er tillitsfull.

Ho gjer uvanlege og dristige ting.

Ho er på veg til noe.

Er det ikkje flott? Eg skulle gjerne hatt ein slik drøm sjølv!

 Denne drømmen kunne det forresten vera ekstra spennande å gjera meir med! Vi får sjå…

Mildt fiolett-blomstrete vegger

juni 6, 2010

Drøm i natt:

Er er på Studentbyen på Sogn, på det rommet eg hadde i studietida. Eg er der saman med fleire. Eg oppdagar etter ei stund at rommet er forandra. Nå er ikkje alle veggene lenger kvite. To av dei har fått mildt fiolett-blomstrete vegger med kvitt som bakgrunn. Eg ser inn på badet. Og sanneleg er det den fargen der òg! Det er ulikt mønster på dei fire veggene, men dei passar fint saman, synest eg. Eg liker dette godt. Og eg fortel til dei andre at eg hadde så lyst på noe anna enn kvitt den tida eg budde på Studentbyen.

Kan dette få fram minne eller andre assosiasjonar hos noen andre? Det ville vera spennande for meg å høre.