Posts Tagged ‘ok’
desember 1, 2010
Drøm om sterke fargar:
Eg ser på fargeprøver frå ein målarbutikk, ei papp-plate med mange små firkanta prøver i sterke fargar.
Ut av ymse skriveprosessar kom desse to ulike tekstbitane:
1
Nå er eg heilt raud inni meg tenkte ho. Det flyt blod. Så lenge det er blod, er det håp, tenkte ho. Litt blod kan dei få. Ho ei tynn og bleik ungjente. Så lett å hanskast med. Nei, sa ho høgt. Dei skvatt til. Kva gjekk det av henne? Eg vil ikkje, sa ho. Eg skal ha han eg vil ha, sa ho og vart raud i kjakene. Eg er faktisk forelska i han, sa ho. Ho kjende varmen inni seg. Det er han eg vil ha, sa ho. Og hjertet slo.
2
Ho tok forsiktig opp ein liten farge og bles støvet av han og klappa litt på han og heldt han i handa og opna handa. Nå lettar han, tenkte ho. Men han stod berre der og hufsa litt på seg. Hei! sa ho sakte og lågt. Han snudde seg og såg på henne. Ja da, du er ok, sa ho. Han såg seg litt rundt. Der! Han såg bortpå ein kvit kopp bortpå bordet. Det er fint med kvite koppar, sa ho, ikkje sant? Ok, sa ho. Du kan få lov likevel. Berre prøv. Han letta og flaksa litt usikkert bort til koppen, flaug rundt han, sette seg på han. Ja ha, så har eg ein gul kopp, tenkte ho.
Kommentar:
Det skjedde mye rart på vegen mellom drømmen og desse to små skriftlege sluttuttrykka. Eg seier ikkje meir om prosessen!
Begge to handlar om kvinner som forandrar seg. Det innvendige viser seg. Den eine teksta er realistisk, den andre fantastisk.
Nr. 1 kunne bli del av ei forteljing. Nr. 2 kan nesten fungere som ei tekst.
Stikkord:blåse, bleik, blod, bord, fantastisk, farge, få, fin, firkanta, flakse, flyge, flyte, flyteskriving, forandre, forelska, forsiktig, fugl, gi, gul, hand, hanskast, håp, høg, hei, hjarte, hjerte, hufse, innvendig, jente, kjake, klappe, kopp, kvinne, kvit, låg, lett, lette, liten, måle, nei, ok, opne, prøve, prosess, raud, realistisk, sakte, seia, sjå, snu, støv, tekst, tynn, ung, varme, vise
Posta under "Sterke fargar på prøve", 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
oktober 23, 2010
Det vart så eg tok fart frå ein av dei små tekstdelane til kvinna med den sprell levande sauen (sjå innlegget rett nedafor her). For når tekstdelane stod slik med luft omkring, vart dei som eigne små tekster med stor evne til å dytte:
Men eg hadde gløymt kven eg var. Kven var eg? Eg var ei lita jente som hoppa omkring på berre flekker om våren og ropte at nå er det såmmårn. Det var utafor kjellardøra, og det var sol, og eg hugsar det slett ikkje, men det er fortalt at slik var det, og da var det slik, og eg ser det for meg. Var eg slik? Og finn ho ein tuvetopp fri for snjo… Lerka og eg. Vi forstår oss på det gode som er i emning. Vi trur på det vi ser og at det skal gå rette vegen. Tillitsfulle er vi. Hei vesle jente som hoppar på den vesle mjuke flekken utan snø! Hugs når du blir stor, at slik er det laga! Det går sin gang. Og du treng ikkje ordne med at snøen skal bli smelta. Smeltinga skjer av seg sjølv – eller av noko(n) som ikkje er du. Og om hausten dalar det kvitt og stille frå himmelen og kvitt møter gult på bakken. Det er også såre godt. Endeleg kjem snøen til den vesle jenta og kjelken hennar, og ho kan laga snømann og gå på ski og skli på ei papplate nedover bakken og ha god og varm heimestrikka brun ullbukse på seg. Sjå på meg! seier den vesle jenta. OK, nå ser eg på deg. Eg ser på meg og hugsar kven eg var, og der er ho sanneleg, og ein eller annan stad er vel kjelken også, i alle fall har ho ski, og eg trur ikkje at jorda går under i år heller. Tvert imot, jorda held seg til sola og går rundt og rundt, og jenta sitt på, huj, som det går, haust, vinter og vår.
Ok at eg bruker teksta di på denne måten, kvinne? Kanskje du sjølv eller andre også får lyst til å ta seg ut eit springbrett og gjera eit hopp? Åtvaring: Det er ikkje godt å veta kvar du landar!
Stikkord:"Og vesle lerka", åtvaring, bakke, bukse, dale, dør, eg, emning, endeleg, flekk, flyteskriving, fri, gå under, glad, gløyme, god, gul, haust, heime, heimestrikka, himmel, hopp, hoppe, hugse, huj, jente, jord, kjelke, kjellar, kvede, kvinne, kvit, lande, lerke, lita, liten, luft, lyst, mjuk, ok, papp, Per Sivle, plate, rund, sau, såmmårn, sår, såre godt, sjå, sjølv, ski, skli, slik, smelte, snø, snømann, sol, sommar, song, springbrett, stad, stille, strikke, tekst, tekstdel, tillitsfull, topp, tru, tuve, tuvetopp, ull, ullbukse, varm, vår, veg
Posta under "Sau og slange", 2 INVITASJON TIL LESAREN, 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | 1 Comment »
oktober 8, 2010
Ei kvinne skriv:
Eg er i eit hus og ser ut vindauga, der heng ein daud sau utanfor utgangsdøra. Etterkvart ser eg at sauen gradvis livnar til. Så til slutt er den heilt levande, eg tek den ned frå knaggen, og den kjem inn.
Med den kjem og ein tynn, kjempelang slange, den har svarte sikksakkstriper på grå botn. Eg er redd slangen. Etter ei stund forsvinn han inn i huset. Eg veit ikkje kvar han er, og det er utriveleg. Ekkelt å veta at den er der, men ikkje kvar.
Det er òg fleire folk i rommet, men eg veit ikkje kven det er.
Då eg vakna, kjende eg på redselen, men at det var ok, for det var slik det var.
Eigentleg har kvinna skrivi i preteritum (fortidsform), men eg har gjort det om til presens (nåtidsform). Ho kan jo kjenne på forskjellen. Eg trur drømmen kjem nærmare når han er forma i nåtid: Da skjer det akkurat nå, da kjem vi inn i drømmen. Eller?
Avsnittinndelinga er også mi. Det går an å prøve seg med avsnittinndeling i drømmeforteljinga si. Da må ein ta stilling til kva som hører saman, og ikkje hører saman, om det f.eks. er sekvensar. Hendingane i denne drømmen kan ein gruppere i to: I den første sekvensen handlar det om sauen, i den andre om slangen. Dermed byd det seg også fram noko å samanlikne. Kva er likskapen mellom sauesekvensen og slangesekvensen? Forskjellen?
Eg kunne også spørja: Kvar i drømmen er det sterkast kjensler? Og så ser eg at det har ho nesten sagt. Ho skriv at ho er redd, og når ho fortel meir om den ubehagelege kjensla, så handlar det om at ho ikkje veit kvar det farlege er.
Kva ligg det i dette? Ho kan jo kjenne meir på akkurat det: Det er ein slange i huset, og eg veit ikkje kvar han er. Eg veit ikkje kvar han er. EG VEIT IKKJE KVAR HAN ER. Korleis blir det da? Kva er det som er så fælt med det? Kva kjenner du, lesar, om du orkar å prøve? Eg kjenner absolutt noko!
Stikkord:avsnitt, daud, død, dør, drømmeforteljing, dyr, dyreliv, ekkel, farleg, fælt, folk, forskjell, forsvinne, fortid, fortidsform, grå, hending, hus, kjenne, kjensle, knagg, kvinne, lang, lesar, levande, nå, nåtid, nåtidsform, ok, orke, prøve, presens, preteritum, redd, redsel, samanlikne, sau, sekvens, sikksakk, slange, sterk, stripe, svart, tynn, ubehageleg, utgangsdør, utriveleg, vakne, vindauge
Posta under "Sau og slange", 2 INVITASJON TIL LESAREN, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »