Posts Tagged ‘nysgjerrig’

Kva om slangen kjem og bit?

oktober 12, 2010

Ho som drømte om sau og slange, har tatt imot utfordringa (sjå 8. okt.), og har skrivi i veg om likskapen mellom dei to elementa i drømmen, sau og slange, og om kva det er som er så fælt med å ikkje veta kvar slangen er:

«Mi flyteskriving:

Likskapen mellom sau og slange er kreativitet. Dei står begge for sterke kjensler. Kjennest farleg å ta i bruk noko ein ikkje heilt veit kva er. Sauen, den er i grunnen ikkje farleg. Godt å sjå han livna til. Men slangen treng eg vita kvar er, eller treng eg ikkje det? Kva om han kjem og bit meg, dør eg då? Eller kan andre ting skje? Dette veit eg ikkje. Er det trygt å ikkje vita noko? Ja, så lenge eg har tillit til prosessen, er det trygt. Eg kjenner i kroppen at dette er sterke ting, heile ryggen er i bevegelse.

Dei sterkaste kjenslene i draumen er då sauen livna til, og når slangen forsvinn.

Her foregår så mykje i kroppen akkurat no, at eg har ingen ord lenger. Men forstår at det ikkje er farleg lenger. Noko sterkt skjer, men eg veit ikkje kva, og det er greitt, men eg er no og nysgjerrig.»

Det skjer noko med denne kvinna i løpet av skrivinga: Forholdet til det ho ikkje veit, snur seg veldig.

Ho greier å registrere og uttrykke kva som hender med henne kroppsleg gjennom skrivinga – inntil ho må stoppe.

Det er spennande og flott for denne lesaren å vera vitne til kor mye skriving og tekst kan gjera, korleis skrivinga kan gripe tak og gripe inn.

Drømmaren veit best:

Det er kvinna sjølv som samlar dei to dyrebilda, sau og slange, i ’kreativitet’. Når eg har fått den nøkkelen, ser eg at denne drømmeforteljinga kan fortelja oss interessante ting om kreativitet. Å gi seg over til skaping, er å gi seg over til det ukjende. Er det ”den vesle døden”? Utrygt på ein trygg måte?

Spørsmål kan setta i gang

oktober 7, 2010

Kvinna med hundedrømmen (4. okt.) kommenterer:

Spennande med dine spørsmål, dei set i gang ting.

Og spørsmål kan ein laga seg sjølv også. To eller fleire kan stille kvarandre spørsmål om drømmar.

I dette tilfellet sette eg inn eit spørsmål der drømmen «har eit tomrom», det vil seia at det er noko drømmen seier lite om, noko eg blir nysgjerrig på. Kva kan det vera som gjer at ein person heller vil vera saman med hundar enn med menneske??? Her er det eit mysterium! Her kan det vera skjulte lengslar. Ja, da er det berre å spørja.

Kven er det som veit det? Eg kunne seia noko ut ifrå meg sjølv eller ut ifrå generell kunnskap. Men det er jo ikkje eg som skal vera i fokus her. Den som har drømt, kan ha andre erfaringar, andre betydningsunivers.

Den som veit aller mest, er jo den kvinna i drømmen, som klart står fram og sett hundar høgst. Vel, ho «eksisterer» jo ikkje. Da er det at drømmaren kan oppsøke dette i seg sjølv, denne personen inni seg, dele seg i ei som spør, og ei som svarar.