Posts Tagged ‘ny’
mars 2, 2011
Framsida på denne splitter nye boka er grunn nok til å legge ut eit spor:
http://oktober.no/nor/boeker/skjoennlitteratur/lyrikk_dramatikk/ti_liknande_versjonar
«Dikt som improviserer og motseier seg sjølv, dikt som syng og tvilar på sin eigen song, dikt som kommenterer si eiga tilbliving. Dikt som handlar om å bli til for seg sjølv og for andre, saman med andre og saman med seg sjølv.»
Og så ser eg fram til å halde boka i handa og opne ho og sjå kva som er der og korleis.
Stikkord:andre, Anna Kleiva, ansikt, bli til, bok, dikt, framside, hand, improvisere, innside, klinkekule, likne, motseia, munn, ny, opne, saman, sjølv, song, spor, synge, tilbliving, tittel, tvile, versjon
Posta under 3 OM DIKT, 5 TEKST OG BILDE | Leave a Comment »
september 27, 2010
Eg la ut ein liten tekstbit 1. september og utfordra til detektivarbeid i det indre eller ytre. Kvar er dette henta frå? Det er slutten på eit dikt eller eit stykke ut i ein eventyrroman.
“og sov hvor som helst, i nakne rom
eller på villstrå, klint inntil
små nyinger i mørket”
Svaret er
Erling Kittelsen: TREBUENE, Asch., Oslo 1973
Diktet begynner med at «Ord fløy ut og inn», og det gjer dei jo også i denne bloggen. Velkomne inn!
Nå manglar du berre midten av diktet, innmaten så å seia. Eg tilrår varmt! Side 12, som sagt. Og så resten av eventyrromanen…
(Eg kategoriserer dette innlegget bl.a. under DRØM, og det er vel å ta seg til rette i andres ord, men i og med denne parentesen får eg mitt på det tørre!)
Stikkord:alternativ, andre, bit, blogg, boge, detektiv, dikt, Erling Kittelsen, eventyr, eventyrroman, flyge, indre, inn, innmat, inntil, kategorisere, liten, mat, mørk, mørker, midten, naken, natt, ny, nying, ord, parentes, rom, roman, søvn, slutt, stad, strå, tørr, tekst, tekstbit, tre, ut, varm, velkomen, vill, villstrå, ytre
Posta under "Bjørn i huset", 1 GENERELT OM DRØM, 2 INVITASJON TIL LESAREN, 3 OM DIKT, 6 TEKST OG SPRÅK | Leave a Comment »
september 7, 2010
Ja, eg liker den gamle drømmesyntaksen, måten å ordne orda på når ein seier noe om drøm: «meg drøymer».
Når eg tenkjer meg om, liker eg både den gamle og den nye.
Den gamle måten får fram at det hender noe med meg, at eg kan (og må) ta imot, at noe kjem til meg som ei gåve, ein nåde, ei nødvendig utfordring, at det er ikkje alt eg kan rå over, at det er krefter i meg som eg ikkje kan styre og rå over, riket er ditt.
Med den nye måten – «eg drømmer» – kastar egoet seg fram og handlar. Trur det moderne mennesket at det skaper alt og kan rå over alt? Riket er mitt? Ikkje akkurat audmjukt det. Men er det likevel litt sant?
Eg kan ta imot drømmen min og ta ansvar for han og gjera han til min og finne ut av han og laga noe av han, for eksempel gjera han om til tekst eller la tekster springe ut av han (der vart sanneleg eg-subjektet litt borte att!). Eg kan legge meg om kvelden og innstille meg på å drømme i forhold til eit bestemt tema som eg er opptatt av. Eg kan innstille meg på å vera opptatt av drøm og dermed begynne å hugse drømmar og ta vare på dei og kanskje også drømme meir. Riket er sanneleg mitt. Takk for alt som jeg har fått.
Kva var det som drømte meg i natt? Eg kan ikkje koma på det. Hei drøm, kom attende, så kan eg koma i snakk med deg med meg!
Stikkord:audmjuk, dialog, drømmesyntaks, eg, Fadervår, gammal, gåve, handle, handling, hende, hugse, menneske, moderne, natt, nåde, ny, ord, rå, rike, skape, styre, subjekt, syntaks, tekst
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 6 TEKST OG SPRÅK | Leave a Comment »
september 1, 2010
«og sov hvor som helst, i nakne rom
eller på villstrå, klint inntil
små nyinger i mørket»
Kven har eg snappa dette ifrå? Årstalet er 1973, og det står på side 12 og er slutten av eit dikt for eksempel, og den som ikkje har gjetta det nå, kan stå og rekne til femti eller vel så det, og leite og leite, og til slutt seier det pipp og viser seg.
Stikkord:1973, dikt, femti, gjetta, leite, mørk, naken, ny, nying, pipp, rekne, søvn, vill, villstrå, vise
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 2 INVITASJON TIL LESAREN, 3 OM DIKT | Leave a Comment »