Posts Tagged ‘nikke’

Finger utan ring

november 21, 2010

Drøm i natt:

Eg skal sykle ein stad med ein tolvåring, til noko han skal kl. 8.30. Så ser eg på handa mi og ser at eg har gløymt å ha på meg ring. Eg er lysebrun av sol på handa og kvit der eg har hatt ring på ringfingeren. Eg snur og går inn att i huset for å finne ein ring, enda vi alt er for seint ute. Klokka er to på halv. Eg finn ein ring, eit anna slag enn eg hadde tenkt.

Eg startar med ”Det er bleik hud der ringen manglar” og assosierer bl.a. slik:

Det er bleik hud der ringen manglar.

Fingeren ser så naken ut.

Det er ein usynleg ring der.

Hud er godt nok det.

Så let eg ein mann tenkje dette om ei kvinne han ser på, og så er det berre å fabulere vidare. Kanskje det f.eks. kunne bli slutten av ei vekebladnovelle? Men Nynorsk Vekeblad finst ikkje lenger.

Det er bleik hud der ringen manglar. Fingeren ser så naken ut, det er ein usynleg ring der. Hud er godt nok det, tenkjer han og ser på ansiktet hennar. Ho har ikkje solbriller på seg heller. Får eg vera sola di? tenkjer han brått. Han ser for seg at ringmerkinga blir meir og meir utydeleg. Ho myser litt mot han. Han har mye lys i auga. Det lyser i stille grender, fell det henne inn. Ho kjem på dei tusen barnehendene og er veldig barnlaus. Men skal ingen av dei seia noko? Jau da, han er ikkje tapt bak eit tre i Slottsparken. Han er godt plassert på ein benk i sola. Eg har tilfeldigvis ein pose med varme smultringar på meg, seier han. Lyst på ein? Ho nikkar og stikk handa si ned i posen og kjenner varmen og tek opp ein gyllen smultring og trer han på fingeren sin, og han ler bortimot tindrande. Nå er eg ei prinsesse, tenkjer ho. Godt, seier ho. Akkurat det eg hadde lyst på.

Slik kan det altså gå med ein liten bit av ein drøm.