Posts Tagged ‘naken’

Finger utan ring

november 21, 2010

Drøm i natt:

Eg skal sykle ein stad med ein tolvåring, til noko han skal kl. 8.30. Så ser eg på handa mi og ser at eg har gløymt å ha på meg ring. Eg er lysebrun av sol på handa og kvit der eg har hatt ring på ringfingeren. Eg snur og går inn att i huset for å finne ein ring, enda vi alt er for seint ute. Klokka er to på halv. Eg finn ein ring, eit anna slag enn eg hadde tenkt.

Eg startar med ”Det er bleik hud der ringen manglar” og assosierer bl.a. slik:

Det er bleik hud der ringen manglar.

Fingeren ser så naken ut.

Det er ein usynleg ring der.

Hud er godt nok det.

Så let eg ein mann tenkje dette om ei kvinne han ser på, og så er det berre å fabulere vidare. Kanskje det f.eks. kunne bli slutten av ei vekebladnovelle? Men Nynorsk Vekeblad finst ikkje lenger.

Det er bleik hud der ringen manglar. Fingeren ser så naken ut, det er ein usynleg ring der. Hud er godt nok det, tenkjer han og ser på ansiktet hennar. Ho har ikkje solbriller på seg heller. Får eg vera sola di? tenkjer han brått. Han ser for seg at ringmerkinga blir meir og meir utydeleg. Ho myser litt mot han. Han har mye lys i auga. Det lyser i stille grender, fell det henne inn. Ho kjem på dei tusen barnehendene og er veldig barnlaus. Men skal ingen av dei seia noko? Jau da, han er ikkje tapt bak eit tre i Slottsparken. Han er godt plassert på ein benk i sola. Eg har tilfeldigvis ein pose med varme smultringar på meg, seier han. Lyst på ein? Ho nikkar og stikk handa si ned i posen og kjenner varmen og tek opp ein gyllen smultring og trer han på fingeren sin, og han ler bortimot tindrande. Nå er eg ei prinsesse, tenkjer ho. Godt, seier ho. Akkurat det eg hadde lyst på.

Slik kan det altså gå med ein liten bit av ein drøm.

«små nyinger i mørket»

september 27, 2010

Eg la ut ein liten tekstbit 1. september og utfordra til detektivarbeid i det indre eller ytre. Kvar er dette henta frå? Det er slutten på eit dikt eller eit stykke ut i ein eventyrroman.

“og sov hvor som helst, i nakne rom

eller på villstrå, klint inntil

små nyinger i mørket”

Svaret er

Erling Kittelsen: TREBUENE, Asch., Oslo 1973

Diktet begynner med at «Ord fløy ut og inn», og det gjer dei jo også i denne bloggen. Velkomne inn!

Nå manglar du berre midten av diktet, innmaten så å seia. Eg tilrår varmt! Side 12, som sagt. Og så resten av eventyrromanen…

(Eg kategoriserer dette innlegget bl.a. under DRØM, og det er vel å ta seg til rette i andres ord, men i og med denne parentesen får eg mitt på det tørre!)

Erotiske undertonar?

september 6, 2010

Ein mann har ein kommentar til den bittevesle teksta «Natta spinn, seier dvergen»:

«Det er ikke fritt for at det ligger erotiske undertoner her, men det er jo noe som ofte ligger under i drømmer, enten man vil se det eller ikke.»

Dessutan ser ein det ein vil sjå! Ja da, mange slags tonar ligg under og over og rundt omkring! Kumbel har eit gruk, som eg ikkje greier å finne att akkurat nå. Det handlar om at det meste er erotisk, for enten er det konkavt eller konvekst! Han gjer nok litt narr der, men det går an å meine at det er ein erotisk dimensjon i det meste. «Natt», «naken» og «lyst» legg jo opp til det… Samtidig er det andre (eller tilgrensande) dimensjonar i spel også, er det ikkje? Sorg, glede, fantasi, variasjon, inderlegheit for eksempel?

Natta spinn, seier dvergen

september 6, 2010

Natta spinn det blir oppspinn og nedspinn til mørkret i nød og lyst og naken kvinne lærer ho hespar og tvinnar og det er håp

Ein annan i dag

september 1, 2010

«og sov hvor som helst, i nakne rom

eller på villstrå, klint inntil

små nyinger i mørket»

Kven har eg snappa dette ifrå? Årstalet er 1973, og det står på side 12 og er slutten av eit dikt for eksempel, og den som ikkje har gjetta det nå, kan stå og rekne til femti eller vel så det, og leite og leite, og til slutt seier det pipp og viser seg.