Posts Tagged ‘mulegheit’

For-sein-drømming

august 26, 2010

Det er mange som drømmer om å koma for seint – det gjer eg òg. Kva kan det bety? For det første er det slett ikkje eitt bestemt svar som gjeld for alle. For det andre vil eg heller føreslå kva drømmaren kan gjera med ein slik drøm.

Den som er så heldig å hugse ein drøm om å koma for seint, kan f.eks. gjera omtrent slik eg føreslår for togdrømmaren: Still drømmen noen spørsmål og flyteskriv.

Flyteskriving betyr at du skriv jamt framover utan å stoppe, utan planlegging, utan å bekymre deg og kritisere og korrigere. Jau, du har lov til å bekymre deg, men da kan du skrive det inn i teksta med ein gong. Hovudgrepet er å skrive heile tida. – Trykk på «flyteskriving» under dette innlegget og finn mange eksempel!

Vesentlege spørsmål å stille ein for-sein-drøm kan vera: Kvar skal du? Kva skal du der? Kvifor er det viktig å koma dit? Korleis kjennest det å vera for sein? Kva slags konsekvensar har det? Kva slags hindringar møter du? Kunne du ha handla på ein annan måte? Kan du dikte opp ein ny versjon der du handlar slik at det kan gå bra?

Så kan du lesa opp teksta di for deg sjølv og/eller andre, ta vel imot teksta og kjenne på korleis du opplever ho. Og du kan undersøke teksta: Kva uttrykker ho om eg-personen og om mulegheiter? Kva er det som er spesielt for akkurat din for-sein-drøm? Korleis er han f.eks. ulik (og lik) drømmen som tog-drømmaren hadde?

 Send gjerne inn for-sein-drømmar og gjerne også noe du har skrivi etterpå!