Posts Tagged ‘Moskva’

Russisk drøm frå Sverige

oktober 1, 2010

Ei kvinne skriv:

Det jag inte förstår är hur man kan kunna och veta saker som man inte vet och kan. I drömmen alltså. Igår drömde jag att jag var ryss, bodde i Moskva, hade familj och tre barn. Allt var mycket verkligt, lägenheten mycket detaljerad och jag följde mina «barn» till skolan, min «man» var kärnkraftstekniker och talade oavbrutet om detta. Jag talade ryska flytande och umgicks med andra ryska fruar i hyreshuset.

Kvinna synest drømmen er underleg og er litt forskrekka. Eg seier til henne:

Dette var da ein innhaldsrik drøm å få! Så heldig du er!

Hugsar du noko av det russiske språket nå etterpå???!!! Elles er det vel ikkje meir mirakuløst å kunna russisk enn å kunna flyge som ein fugl i lufta, som folk av og til driv på med i drømmar. Eller eg kan snu på det og seia at eg synest både drøm og verkelegheit og hjernen og alt er mirakuløst. Dertil: Drømmar viser ofte samanhengar og innheld innsikt som ein ikkje har eller veit at ein har, på førehand. Det er noko av det fantastiske med drømmar og med å befatte seg med drømmar.

Når det gjeld den russiske drømmen din, kjem eg på to ting du kan prøve:

Gå inn i drømmen att, og kjenn på livet ditt i Moskva. Korleis liker du det? Kva gjer mest inntrykk på deg? Kva er det som skil det frå det livet du elles lever? Kva er mest ulikt? Eller er det noko som på ein eller annan måte likevel liknar det livet du har? Du kunne f eks sjå spesifikt på interiøret som du visst hugsar i detalj: Korleis er det (u)likt dei romma du vanlegvis har rundt deg? Og denne mannen: Er han (u)lik menn du har nær deg? Korleis er det å ha tre barn? Kan dette «russiske» livet kaste lys over det vanlege livet ditt, kanskje noko du vil ha vekk, eller noko du kan elske enda meir, eller noko du lengtar etter? Som du forstår, famlar eg meg prøvande fram her, for eg veit jo ikkje noko om livet ditt og om lengselen din.

Noko anna du kan leike deg med, er å lære deg nokre setningar på russisk, kanskje noko av det du sa eller ikkje sa til mannen din i drømmen. Så kunne du seia desse setningane høgt med ymse tonefall og styrke. Korleis kjennest det? Er det noko som blir annleis eller tydelegare enn når du bruker svensk? Kjem andre sider av deg fram?

Nå får eg enda fleire idear, men ein skal ikkje drukne svenske damer i idear heller. Vi får sjå, kva ho seier til dette. Kanskje ho melder noko til bloggen… Kanskje ho tek ein tur til Moskva…