Posts Tagged ‘meistring’

Kva blir heilskapsbildet?

juni 14, 2010

Ho som har drømt dei fem drømmane i serien under, lengtar etter oversikt og heilskap. Nå kan vi slå saman alt godt om ”eg” i drømmen:

Ho legg merke til ting.

Ho kjenner på viktige ting.

Ho reflekterer.

Ho stiller gode spørsmål om grunnar – grunnleggande spørsmål.

Ho undrar seg og undersøker.

Ho kan merke kva ho føler.

Ho kan akseptere at ho ikkje liker alle.

Ho er nærverande og kjærleg.

Ho gir den andre anerkjenning.

Ho lærer av andre.

Ho kan fungere saman med andre.

Ho samarbeider.

Ho ordnar fornuftig for seg og andre i samarbeid.

Ho er tillitsfull.

Ho vil bidra til fellesskapen.

Ho planlegg og administrerer.

Ho har kontakt med framtida.

Ho er oppfinnsam.

Ho har auge for det som er fint.

Ho kan glede seg.

Ho deltek i fest.

Ho gjer det som trengst.

Ho gjer uvanlege og dristige ting.

Ho vågar å gjera risikable ting.

Ho er på veg til noe.

Kva synest drømmaren om dette, monn tru? Kor mye har drømmaren felles med ”eg”-personen? Den som drømmer, og ”eg” i drømmen er jo ikkje akkurat den same, men likevel.  Kan ho ta inn dette? Trur ho på det? Kan det hjelpe på kjensla av å ikkje kunna noe av det ho gjer? Vart det store stoffet meir oversiktleg?

Dersom det framleis kjennest stort og uoversiktleg, så kan ho jo zoome inn sterkt: ta ut tre av setningane over, kanskje tre setningar som ho liker spesielt godt, byte ut ”Ho” med ”Eg” og bruke tid på å ta dei inn, seia dei høgt for seg sjølv eller skrive dei stort på eit ark f.eks. ”Så enkelt er det.”

Start i livsproblem

juni 14, 2010

Eg har føre meg drømmar frå ei kvinne som formulerer sterkt og tydeleg kva ho strever med i livet nå (sjå førre innlegget). Eg kan ordne og oppsummere det slik:

  • Ho synest ikkje ho kan noe av det ho gjer.
  • Ho vil vera ein god leiar.
  • Ho treng å fordele ansvar på fleire.
  • Det er for mye for henne.
  • Det er uoversiktleg.
  • Ho tek på seg for mange oppgåver.
  • Ho har ikkje lyst til å snakke med folk.
  • Ho kjenner seg negativ.
  • Ho er utsliten.
  • Ho kjenner behov for å flykte frå problema.

 Eg vil tru at dette er til å kjenne att for andre, heilt eller delvis?

Eg ser at ho er ei som bruker å ta ansvar, og det ser ut til at livet er uoversiktleg for henne, ho tek på seg for mange oppgåver, ho er utsliten. Da er det kanskje ein god ting å få ta imot ordnande hjelp? Ho kan få lov å gi meg ansvar! Ho treng sannsynlegvis at det kjem noe enkelt og oversiktleg ut av drømmestoffet.

Ein enkel ting å gjera, er å sjå på handlingane som ”eg” i drømmane gjer. Og det kan gjerast enda meir avgrensa: sjå på kva ”eg” kan og får til. Dessutan kan drømmane refererast i litt forkorta form. Overskrifter er også ein ordnande faktor.

 Nå gjer eg dette for henne, sjølv om det hadde vorti annleis med innspel frå henne heile vegen.