Posts Tagged ‘måle’

Ein farge flaksar ut

desember 1, 2010

Drøm om sterke fargar:

Eg ser på fargeprøver frå ein målarbutikk, ei papp-plate med mange små firkanta prøver i sterke fargar.

Ut av ymse skriveprosessar kom desse to ulike tekstbitane:

1

Nå er eg heilt raud inni meg tenkte ho. Det flyt blod. Så lenge det er blod, er det håp, tenkte ho. Litt blod kan dei få. Ho ei tynn og bleik ungjente. Så lett å hanskast med. Nei, sa ho høgt. Dei skvatt til. Kva gjekk det av henne? Eg vil ikkje, sa ho. Eg skal ha han eg vil ha, sa ho og vart raud i kjakene. Eg er faktisk forelska i han, sa ho. Ho kjende varmen inni seg. Det er han eg vil ha, sa ho. Og hjertet slo.

2

Ho tok forsiktig opp ein liten farge og bles støvet av han og klappa litt på han og heldt han i handa og opna handa. Nå lettar han, tenkte ho. Men han stod berre der og hufsa litt på seg. Hei! sa ho sakte og lågt. Han snudde seg og såg på henne. Ja da, du er ok, sa ho. Han såg seg litt rundt. Der! Han såg bortpå ein kvit kopp bortpå bordet. Det er fint med kvite koppar, sa ho, ikkje sant? Ok, sa ho. Du kan få lov likevel. Berre prøv. Han letta og flaksa litt usikkert bort til koppen, flaug rundt han, sette seg på han. Ja ha, så har eg ein gul kopp, tenkte ho.

Kommentar:

Det skjedde mye rart på vegen mellom drømmen og desse to små skriftlege sluttuttrykka. Eg seier ikkje meir om prosessen!

Begge to handlar om kvinner som forandrar seg. Det innvendige viser seg. Den eine teksta er realistisk, den andre fantastisk.

Nr. 1 kunne bli del av ei forteljing. Nr. 2 kan nesten fungere som ei tekst.

Grønt sjølvportrett

september 30, 2010

Ei kvinne fortel denne drømmen:

Eg er i eit atelier-fellesskap og ser tilbake på eit portrett eg har måla av meg sjølv. Eg er overraska over at det liknar og er godt måla. Men over munnpartiet har eg måla over med gjennomskinleg grønfarge.

Om denne drømmen har eg to ting å seia:

Det eine er at eg veit ikkje kva dette «betyr». Eg veit ikkje kva drømmen uttrykker om denne kvinna, korleis ho er, korleis ho har det, korleis ho ser seg sjølv, korleis ho behandlar seg sjølv. Eg veit ikkje kva munn mest er for henne, eg veit ikkje korleis ho har det med grønt. Eg veit ikkje kva ho skal gjera.

Det andre eg har å seia, er at dette er ein veldig enkel drøm. Det er ingen grunn til å setta seg ned og «tyde» drømmen. Det enkle og likeframme er at drømmen gir framgangsmåten sjølv!

Mitt forslag til kvinna er: Lag eit portrett av deg sjølv. Mål over munnpartiet med gjennomskinleg grønt. Kjenn på korleis du har det med bildet før du begynner å måle over med grønt. Legg merke til korleis du har det undervegs. Korleis er det etterpå når du ser på resultatet? Du kan eventuelt flyteskrive rundt dette. Du kan også laga ei snakkeboble: Kva seier denne kvinna (utan og med grønfargen)?

Dei som ikkje har drømt denne drømmen, kan jo også prøve. 

Rapportar, tekster og bilde er velkomne til bloggen!