Posts Tagged ‘lei seg’

Nå skal elefanten få vera litt i fred

mai 19, 2010

(Framhaldssoge «om elefant i bås», starta 11. mai)

Kvar var elefanten før han vart plassert i båsen? Ho som drømte han, ser ein utydeleg ørken i forhistoria hans, og så oppsummerer ho:

 «dette vart svært lærerikt og oppklarande for meg, med spørsmåla du gav meg spesielt det siste der eg skulle svara raskt. føler no at draumen er komen i hamn.»

Vi har styrt fælt med den kvite elefanten nå ei stund. 

Ja, vesle elefant, vi kan sleppe taket, og du skal ikkje ha rampelyset på deg heile tida; du skal få lov å ha ull rundt deg.

Kanskje kan ho som har drømt deg, etter kvart finne ut meir om kva slags liv du hadde før du kom i båsen? Og kva slags liv er det du vil ha om du kjem ut av båsen? Den som har fått deg inn, kan vel også få deg ut. Den tilliten kan vi ha til henne. (Ho kan fabulere med rask flyteskriving. Kunne det vera styrkande for henne å laga seg konkrete bilde på det frie elefantlivet? )

Men nå har du vori sint og lei deg og kjempa i denne tronge båsen og tenkt og oppdaga ting og vorti sterk og glad og modig og snudd på deg. Eg trur det er på tide med litt fred og ro. Og så får vi sjå – eller kanskje får vi ikkje sjå meir. Det er i orden, det, vesle elefant.

Jippi, seier sanneleg elefanten i kveld

mai 15, 2010

Den kvite elefanten har vori sint og lei seg og er utrygg, og tårer var i ferd med å koma i går. Og så, i kveld kjem denne meldinga:

«elefanten er utrygg der han står med ryggen til verden i ein trang bås. elefanten tenkjer no at kvifor ikkje snu seg, då kan eg møta det som måtte koma meg i møte, med ryggen til verden får eg kink i nakken kvar gong eg skal prøva å følja med på kva som skjer i verden. Jippi, sei den litle elefanten eg skal snu meg – men det tar litt tid for ein elefant å snu seg i ein trang bås.»

Nå er den kvite elefanten lei seg

mai 13, 2010

Ho som eig elefantdrømmen, melder:

«ja den kvite elefanten treng noko, i vert fall trygghet og frihet. kansje frihet gjev trygghet eller trygghet gjev frihet. men i forhold til kva, ja det er spørsmålet no. kjenner kor lei seg den kvite elefanten vert der han står i båsen sin. elefanttårer er på vei… «

«den kvite elefanten vil fortelja meg noko,  men eg veit enno ikkje kva.»