Posts Tagged ‘lang’

Meir dyreliv: sau og slange

oktober 8, 2010

Ei kvinne skriv:

Eg er i eit hus og ser ut vindauga, der heng ein daud sau utanfor utgangsdøra. Etterkvart ser eg at sauen gradvis livnar til. Så til slutt er den heilt levande, eg tek den ned frå knaggen, og den kjem inn.

Med den kjem og ein tynn, kjempelang slange, den har svarte sikksakkstriper på grå botn. Eg er redd slangen. Etter ei stund forsvinn han inn i huset. Eg veit ikkje kvar han er, og det er utriveleg. Ekkelt å veta at den er der, men ikkje kvar.

Det er òg fleire folk i rommet, men eg veit ikkje kven det er.

Då eg vakna, kjende eg på redselen, men at det var ok, for det var slik det var.

Eigentleg har kvinna skrivi i preteritum (fortidsform), men eg har gjort det om til presens (nåtidsform). Ho kan jo kjenne på forskjellen. Eg trur drømmen kjem nærmare når han er forma i nåtid: Da skjer det akkurat nå, da kjem vi inn i drømmen. Eller?

Avsnittinndelinga er også mi. Det går an å prøve seg med avsnittinndeling i drømmeforteljinga si. Da må ein ta stilling til kva som hører saman, og ikkje hører saman, om det f.eks. er sekvensar. Hendingane i denne drømmen kan ein gruppere i to: I den første sekvensen handlar det om sauen, i den andre om slangen. Dermed byd det seg også fram noko å samanlikne. Kva er likskapen mellom sauesekvensen og slangesekvensen? Forskjellen?

Eg kunne også spørja: Kvar i drømmen er det sterkast kjensler? Og så ser eg at det har ho nesten sagt. Ho skriv at ho er redd, og når ho fortel meir om den ubehagelege kjensla, så handlar det om at ho ikkje veit kvar det farlege er.

Kva ligg det i dette? Ho kan jo kjenne meir på akkurat det: Det er ein slange i huset, og eg veit ikkje kvar han er. Eg veit ikkje kvar han er. EG VEIT IKKJE KVAR HAN ER. Korleis blir det da? Kva er det som er så fælt med det? Kva kjenner du, lesar, om du orkar å prøve? Eg kjenner absolutt noko!