Posts Tagged ‘løysing’

”jeg vaagnet i sved”

juni 24, 2010

Det hender så mangt ei midtsommarnatt eller sankthansnatt, og denne gongen sat eg på ein veranda i Nilserudkleiva, og mannen og kvinna i huset gjekk inn og ut med diktsamlingar, og vi las fram dikt i den gnistrande grøne natta. Ja, nattfargen har eg frå Nattordbok av Trond Botnen, for denne besynderlege vedunderlege boka frå 1970 var også i dei bugnande hyllene i huset, og ei nattordbok skulle passe godt i ein drømmeblogg.

Mot slutten av eit dikt i ei heilt anna og veldig tjukk bok, dukka linene nedafor opp – nei, nå må eg vera nøyaktig: Mannen på verandaen, som hadde servert spekemat og eggeøre og glovarm kål og nypoteter, hadde den tunge gamle boka i handa og las diktet utover og innover oss, og han hadde dikteti kroppen, meiner eg bestemt.

Eg vart etter kvart ei jeppe i baronens seng; tenk å vera i ei lys natt med grønt og grønt og grønt, og dertil rosa striper på himmelen når ein såg etter, og så alle desse yndlingsdikta!

Varsel 1: Nå kjem det snart ein tilsynelatande brå overgang, for dette er ikkje akkurat eit rosa kosedikt! Men diktet viser seg å handle om ein drøm, og berre det er nok til å glede ei slik ei som meg. Og at ein drøm blir omtala som så avgjerande, er iallfall ei glede.

Varsel 2: Eg kuttar diktet på eit bortimot uforsvarleg punkt, men eg greier ikkje anna enn å gjera diktet ekstra gåtefullt for lesaren.

 Nå går vi inn der drømmen brest:    

”Og billedet brast, og jeg sænkedes ned,

ned paa min seng – jeg vaagnet i sved;

i bølger av iskold stjernedugg

hamret mit hjerte, hug i hug –

Men drømmen forblev i mit hjertes nat;

fra ungdom til moden alder

[…]”

Kva kan det vera for eit bilde som brest? Kva kan det vera som fører til bølgjer av iskald stjernedogg? Kva gir så sterke kroppsreaksjonar? Kva slags drøm kan det vera som blir livsvarig? Les heile diktet, og finn somme svar!

Har eg ein så kraftig drøm? Har du?

Eg greier ikkje å motstå freistinga å konkurrere med spalta ”Klok på bok” i Dag og Tid: Kven har skrivi dette diktet? Kva heiter diktet? Kva for ei diktsamling står det i?

Nå har denne bloggen førebels litt færre lesarar enn Dag og Tid. Men pytt! Eg skal røpe løysinga om ikkje så brått. I mellomtida: Pass på drømmar som er av hjerteklapp-kvalitet!

Uoversiktleg drømmestoff?

juni 14, 2010

Ei kvinne sender inn fleire drømmar og er visst ikkje berre glad for denne rikdommen! Ho får ikkje oversikt og treng hjelp. Normalt legg eg ikkje løysingar opp i fanget på den som har drømt, for eg meiner jo at drømmaren veit best. Men denne gongen er eg på glid.

Kva kan ein gjera med eit stort og uoversiktleg drømmestoff?

Det er alltid veldig mye ulikt ein kan gjera med drømmar, men med dette utgangspunktet kjem eg på desse alternativa:

  • Slå ned på ein drøm, kanskje berre eitt punkt i drømmen, og legg resten til sides inntil vidare.
  • Finn eitt viktig punkt i kvar drøm, trekk eventuelt ein tråd etterpå.
  • Lag seg ei veldig avgrensa oppgåve: f.eks. sjå på drømme-ego sine handlingar gjennom desse drømmane.
  • Ta utgangspunkt i livsproblem og sjå drømmane i lys av dei.
  • Få hjelp av andre.

Finn svar på spørsmål når du søv eller syklar!

mai 31, 2010

Ein operasjonssjukepleiar fortel slik, 29. mai:

”Av og til finn eg svar på spørsmål i søvne. Det er nok like før eg vaknar. Det kan gjelde jobb eller privatliv. Det treng ikkje handle om mine problem, men kan vera i alle relasjonar.

Det kan vera overheng, noe du har gått og tenkt på lenge. Og plutseleg kan du sjå løysingar: ”Jøss, at eg ikkje har tenkt på dette før! Det er slik du skal gjera det!”

Det kan vera på same måten når eg går eller syklar: Tanken går seg til.”

Klatring med hindring

mai 30, 2010

Så var det den klatredrømmen som kom frå Sverige… Drømme-ego er altså på veg oppover. Han vil oppover. Kva inneber dette? lurer eg på. Kva slags drivkraft er det? Kan drømmen fortelja noe om kva som er viktig for denne mannen? Det som er der oppe, kan vera eit bilde på det han ønskjer seg, det han kanskje har for lite av. Derfor spør eg han ikkje kva han manglar her i livet, eller kva som er viktig for han – eg held meg i drømmespråket hans og spør kva som er der oppe, kva han skal der. Dessutan lurer eg på om det kan finnast ei løysing. Og kva er det med folk, monn tru, som er vanskeleg.

Eg sender han denne meldinga:

«Kva er det der oppe? Kva skal du der? Om du ikkje hugsar det frå drømmen, kan du berre finne på noe i full fart!
Korleis kunne du likevel koma oppover?
Kvifor kan du ikkje snu når det er fullt med folk der nede? Kva slags folk er det?
Du kan altså svara det fyrste du kjem på.»