Posts Tagged ‘ku’
februar 18, 2011
|
Eg googlar på «rød hvit katt», og ventar meg knapt noko, men kva finn eg? F.eks.:
«Rød langhåret hannkatt med hvitte poter, hvitt bryst og i ansiktet er savnet fra Montebello Ullern siden 23. desember.»
Og så er det foto av ein fin katt med normale kattefargar.
Eg som trudde at katten i den italienske drømmen var skikkeleg fantastisk raud! Nå veit eg ikkje lenger.
Er ein raud katt berre NRF-raud, altså raud som ei ku eller ein raudost (brunost)? Slik er det visst.
Men gjeld dette også for den italienske katten som det kom ein slange ut av? I den dramatiske drømmen passar det godt med sterke fargar, men korleis var eigentleg drømmen?
Spørsmålet går rett til Italia. Dei har kanskje ikkje raude kyr, jf. Raudlin, og iallfall ikkje raudost, der? |
Stikkord:brunost, bryst, dramatisk, farge, fe, foto, google, hannkatt, Italia, italiensk, katt, ku, kvit, langhåra, norsk, Norsk Raudt Fe, NRF, ost, pote, raud, Raudlin, raudost, slange, spørsmål
Posta under "Slange ut av katt", 5 TEKST OG BILDE, 6 TEKST OG SPRÅK, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
januar 20, 2011
@mirski75 Miriam H. Skilbred
Drømte i natt at verden gikk tom for kuer.
3 hours ago via Twitter
Korleis har det gått føre seg, monn tru? Og korleis blir det da? Kunne du vera snill å ha ein framhaldsdrøm? Og ein bakoverdrøm?
Stikkord:bakover, bakoverdrøm, framhald, framhaldsdrøm, korleis, ku, tom, twitter, verda, verden
Posta under 7 DRØMMAR | 1 Comment »
oktober 28, 2010
Ein mann fortel:
«Fra barndommen husker jeg best de drømmene hvor sinte kuer eller helst okser var etter meg, og jeg såvidt klarte å løpe inn i låven og stenge døra når de kom etter meg.»
Korleis ville det vera å fortelja ein slik drøm frå oksen sin synsvinkel? spør eg drømmaren.
Stikkord:barn, barndom, barndomsdrøm, dør, fortelja, klare, ku, låve, løpe, okse, spørsmål, synsvinkel, ukse
Posta under "Sint okse", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »