Posts Tagged ‘kroppsleg’

Kva om slangen kjem og bit?

oktober 12, 2010

Ho som drømte om sau og slange, har tatt imot utfordringa (sjå 8. okt.), og har skrivi i veg om likskapen mellom dei to elementa i drømmen, sau og slange, og om kva det er som er så fælt med å ikkje veta kvar slangen er:

«Mi flyteskriving:

Likskapen mellom sau og slange er kreativitet. Dei står begge for sterke kjensler. Kjennest farleg å ta i bruk noko ein ikkje heilt veit kva er. Sauen, den er i grunnen ikkje farleg. Godt å sjå han livna til. Men slangen treng eg vita kvar er, eller treng eg ikkje det? Kva om han kjem og bit meg, dør eg då? Eller kan andre ting skje? Dette veit eg ikkje. Er det trygt å ikkje vita noko? Ja, så lenge eg har tillit til prosessen, er det trygt. Eg kjenner i kroppen at dette er sterke ting, heile ryggen er i bevegelse.

Dei sterkaste kjenslene i draumen er då sauen livna til, og når slangen forsvinn.

Her foregår så mykje i kroppen akkurat no, at eg har ingen ord lenger. Men forstår at det ikkje er farleg lenger. Noko sterkt skjer, men eg veit ikkje kva, og det er greitt, men eg er no og nysgjerrig.»

Det skjer noko med denne kvinna i løpet av skrivinga: Forholdet til det ho ikkje veit, snur seg veldig.

Ho greier å registrere og uttrykke kva som hender med henne kroppsleg gjennom skrivinga – inntil ho må stoppe.

Det er spennande og flott for denne lesaren å vera vitne til kor mye skriving og tekst kan gjera, korleis skrivinga kan gripe tak og gripe inn.

Drømmaren veit best:

Det er kvinna sjølv som samlar dei to dyrebilda, sau og slange, i ’kreativitet’. Når eg har fått den nøkkelen, ser eg at denne drømmeforteljinga kan fortelja oss interessante ting om kreativitet. Å gi seg over til skaping, er å gi seg over til det ukjende. Er det ”den vesle døden”? Utrygt på ein trygg måte?