Kva er det med å vera i bås? Det er trongt, ufritt, utrygt. Det har elefantdrømmeskrivaren vist oss før. I kveld blir noe nytt uttrykt om bås-tilværet: Det inneber også å stå med ryggen mot verda. Det er å ikkje møte det som kjem ein i møte. Det blir ein konflikt mellom ønsket om å vera med i verda og å ha stengslar som hindrar det. Dette sett seg tydelegvis som vondt i kroppen.
Posts Tagged ‘konflikt’
Ryggen mot verda eller møte det som kjem?
mai 15, 2010“Men den kvite elefanten kunne eg ikkje klappa”
mai 13, 2010Så kom meldinga frå ho som hadde elefantdrømmen. Ho skriv:
«Eg forbind ein elefant med eit kraftdyr, eit stødigt trygt dyr. men elefantar skal ikkje vera plassert i båsar. dei er frie dyr som skal gå i naturen. Eg har vore i nærkontakt med frie elefantar, dei går ”innunder huden” på meg, fantastiske dyr. stødige gode dyr. men dei skal ikkje tergast for då vert dei sinte og ein er ikkje lenger trygg på kva dei kan finna på.
Tilbake til draumen: det stod ein og ein elefant i båsen, eg ser ikkje noko omgivelsar for meg. eg forstår ikkje kva dei gjorde der. eg stod bak dei og strauk dei lett på baken. det var naturleg elefantfarge på dei, gråbrun. men den kvite elefanten kunne eg ikkje klappa på baken. den vart sint, uroleg og tydeleg at den ikkje ville vera i ein bås, trur det var for trangt for den der. nokon triggar det som er naturleg for ein elefant. og eg kjende at her er det farleg å vera. denne elefanten er utrygg.»
Ja, da veit vi meir om elefantuniverset til denne kvinna. Her har vi på den eine sida noe som er kraftig, stødig, trygt, fritt, naturleg, fantastisk, godt. På den andre sida har vi å vera i bås, at det er trongt. Mellom desse veremåtane blir det klar konflikt. Når det frie, naturlege, sterke blir hindra, fører det til uro, utryggheit og sinne. Det er ikkje lite sinne heller.
Konflikten er så sterk at det er farleg, livstrugande (kan bli trampa i hel!). Lett klapping på baken monnar ikkje her, snarare tvert imot! Vennleg og neddempande åtferd fungerer ikkje! Her skal det nok noe anna til! Og det ser ut til å vera heilt nødvendig. Varslar drømmen om at det er fare på ferde?
Det er jo enda ein kontrast i denne drømmen: mellom dei vanlege gråbrune og den som skil seg ut, mellom dei mange og den eine, mellom dei som er rolege i båsane sine, og den som ikkje vil vera i bås. Slik sett får vi demonstrert to måtar å forhalde seg til det tronge og unaturlege på.
Ikkje veit eg om kvinna kjenner att desse konfliktane frå livet sitt, men det er ikkje utenkjeleg. Iallfall har ho frie elefantar innunder huda; det er litt av ein ressurs! Kanskje treng ho av og til å hente styrke hos den sinte kvite elefanten sin?