Posts Tagged ‘klatre’

Klatre med tjukke hanskar

juni 2, 2010

Korleis går det med han som klatrar med hanskar? Det veit vi ikkje.

Han har endatil tjukke hanskar, det ser eg nå. Det la eg ikkje merke til i fyrste omgang. Det er ikkje alltid ein tek inn alt i drømmen straks. Men det kan lønne seg å kjenne ordentleg på drømmen. Fingerspitzgefühl.

Når er det ein treng tjukke hanskar? Kva gjer tjukke hanskar som er godt? Kva slags behov har den som har tatt på seg tjukke hanskar? Forresten veit vi ikkje kvar hanskane kjem ifrå. Kva slags ulemper kan det vera med tjukke hanskar?

Nå ser eg for meg at eg tek på og av meg tjukke hanskar. Eg tek på meg hanskane. Eg har dei på. Eg har tjukke hanskar på meg. Eg tek dei av. Eg har ingenting på hendene.

Eg ser for meg ymse situasjonar. Det blir scene etter scene. Nei, eg skal ikkje fortelja korleis det er. Iallfall ikkje med ein gong.

Enn du som les dette, korleis har du det med hendene dine akkurat nå?

Det er hans drøm. Eller? Din drøm er min drøm, og min drøm er din drøm. Jo mere vi er sammen, jo gladere er vi.

Kva gjer «eg» i drømmen?

mai 31, 2010

Det kan lønne seg å rette eit granskande blikk mot drømme-ego: Korleis handlar han i drømmen? Kva slags holdning til livet kan det vitne om? Er det ein konstruktive handlemåte? Korleis handlar han ikkje? Kunne ein tenkt seg ein alternativ handlemåte med basis i ei anna holdning?

Det nyaste eksemplet vårt er oversiktleg:

Drømme-ego klatrar. Han klatrar mot eit tak der det er lyst og fritt. Han klatrar i ein stige. Han klatrar med hanskar og kjepp. Han blir hindra av hanskane og kjeppen. Han vurderer å snu. Han blir hindra av at det er mange folk der. Han gir opp håpet.

Kva er dette? Det ser ut til at han har eit godt prosjekt for seg. Han er på veg til ein tilstand som er betre. Han har funni ein måte å koma dit på. Han er i gang. Dette er målretta og handlekraftig, tenkjer eg. (Men ideelt sett, skulle eg jo tenkt saman med han som har drømt. Eller han skulle tenkt.)  

Det som ikkje ser formålstenleg ut, er å bruke hanskar og kjepp i stigen. Og her kunne han ha fortalt oss noe om kva som er godt med hanskane og kjeppen. Han har sikkert sine gode grunnar for å ha dei med. Samtidig ser han at dei hindrar han i å koma dit han vil. Vi merkar at ei anna holdning enn handlekraft kjem fram: Nå er det ikkje lenger drvkraft framover; nå gir han opp håpet.

Vi kunne dertil sett på det som hindrar han i å røre seg i andre retninga. Kva er det som gjer at han ikkje kan gå attende når det er folk der?

Kva kunne vera  alternative holdningar, og alternative handlingar, som spring ut ifrå slike alternative holdningar? kunne han spørja seg. Eller han kunne tenkje i andre rekkefølgja: Enn om eg tenkte meg ein annan handlemåte her? Korleis ville det vera for meg? Kva slags innstilling til livet rører det ved? Korleis måtte eg tenkje om meg sjølv og om andre og om livet da?

Kva gjer «eg» i drømmen? Kva gjer ikkje «eg» i drømmen?

Eg har prøvd å skubbe drømme-ego litt i ei alternativ lei. Så får vi sjå om det skjer noe der på stigen borti Sverige.

Eg kjem på at Tussi, venn av Ole Brumm, har sagt at eg skal ikkje dytte. Uff, har eg vorti Tigergutt nå, som er uforsiktig og dyttar folk uti elver? (Men det gjekk jo bra med Tussi.)

(Sjå elles Strephon Kaplan-Williams: Dreamworking, Journey Press, Oslo og San Francisco, 1991, kapittel 5: «Following The Dream Ego – Learning About The You In Your Dreams», s. 135-190.)

Korleis går det med han som klatrar?

mai 30, 2010

Det kjem ei melding frå han som er oppi stigen med kjepp og hanskar. Eller for å vera nøyaktig, så kjem meldinga via han som har drømt om han som er oppi stigen:

«Ljus där uppe. Tak kanske. Mänmniskor både före och efter mig, vilka vet jag inte. Det kändes som jag skulle falla av om jag försökte ta mig handskarna och käppen var i vägen.»

Eg vil gjerne veta meir om dette som han strever og klatrar i retning av:

«Tenk deg at du er der oppe i lyset. Korleis er det å vera der? Kva har du lyst til å gjera der oppe?»

Klatring med hindring

mai 30, 2010

Så var det den klatredrømmen som kom frå Sverige… Drømme-ego er altså på veg oppover. Han vil oppover. Kva inneber dette? lurer eg på. Kva slags drivkraft er det? Kan drømmen fortelja noe om kva som er viktig for denne mannen? Det som er der oppe, kan vera eit bilde på det han ønskjer seg, det han kanskje har for lite av. Derfor spør eg han ikkje kva han manglar her i livet, eller kva som er viktig for han – eg held meg i drømmespråket hans og spør kva som er der oppe, kva han skal der. Dessutan lurer eg på om det kan finnast ei løysing. Og kva er det med folk, monn tru, som er vanskeleg.

Eg sender han denne meldinga:

«Kva er det der oppe? Kva skal du der? Om du ikkje hugsar det frå drømmen, kan du berre finne på noe i full fart!
Korleis kunne du likevel koma oppover?
Kvifor kan du ikkje snu når det er fullt med folk der nede? Kva slags folk er det?
Du kan altså svara det fyrste du kjem på.»

Det kom ein drøm frå Sverige

mai 30, 2010

I går kom denne drømmen flygande over landegrensa:

«Dröm: klättrar på en stege med en käpp i handen och tjocka handskar. Det gör att jag kan inte kan fortsätta uppåt, men det är fullt av folk nedanför på stegen, så jag kan inte vända.»

Denne er det da meir schwung over enn den stilleståande tenkjedrømmen min om bloggekategoriar! Her ser vi at drømme-ego er ein handlande person som har eit mål, det er hindringar og krise – korleis skal det gå? Her er det folk, det er ein stad, og det er saker og ting i denne verda. Denne drømmen kan ein glede seg til å ta fatt i!