Eg googlar på «rød hvit katt», og ventar meg knapt noko, men kva finn eg? F.eks.:
«Rød langhåret hannkatt med hvitte poter, hvitt bryst og i ansiktet er savnet fra Montebello Ullern siden 23. desember.» Og så er det foto av ein fin katt med normale kattefargar. Eg som trudde at katten i den italienske drømmen var skikkeleg fantastisk raud! Nå veit eg ikkje lenger. Er ein raud katt berre NRF-raud, altså raud som ei ku eller ein raudost (brunost)? Slik er det visst. Men gjeld dette også for den italienske katten som det kom ein slange ut av? I den dramatiske drømmen passar det godt med sterke fargar, men korleis var eigentleg drømmen? Spørsmålet går rett til Italia. Dei har kanskje ikkje raude kyr, jf. Raudlin, og iallfall ikkje raudost, der? |
Posts Tagged ‘katt’
«Rød/hvit katt savnet»
februar 18, 2011Etter drømmen døydde katten
februar 16, 2011Kvinna i Italia melder:
Det som skjedde like etterpå, var at katten hans døde. Denne katten var han veldig glad i. Den fineste katten han har hatt, sier han.
Selv tror han at slangen symboliserer hans egen åndelighet, og kattens. Han mener at han har kommet mer i kontakt med seg selv i det siste. Han har nok blitt såret, og nylig opplevd at noen ikke har vært som de utga seg for å være.
I drømmen ligger han bare på sengen, og gjør ingenting, bare observerer.
Tror du at drømmen handler om mer enn et forvarsel på kattens død? Kan det være noe i at han selv mener at slangen er kattens ånd som ga beskjed om at den skulle reise videre?
Ja, eg trur alltid det går an å finne mange ulike betydningar i ein drøm – som i tekster. Betydning er ikkje noko avgrensa og fastlagt, slik eg ser det. Det er berre å møte drømmen på fleire måtar og sjå kva som skjer. Som du såg, hadde eg nokre forslag til måtar å møte denne drømmen på.
For meg viser drømmen om katten og slangen bl.a. at det ikkje alltid er som ein trur, det kan vera dramatisk annleis. Noko kan vera meir komplekst enn ein visste om. Ein stille og roleg tilstand, kan dessutan plutseleg forandre seg sterkt. Dette liker eg for min del godt å tenkje på!
Det ser jo ut til at han som har drømt, er i ferd med å oppleva seg sjølv og andre meir komplekst enn før – på godt og vondt. Det er vel ein god ting å forstå korleis ting heng saman, sjå noko av korleis andre er, og korleis ein sjølv eigentleg er?
Eg seier med Veslemøy i Haugtussa (Garborg) at heller vil eg med augom sjå enn blind og dauv gjennom verdi gå og ikkje det sanne skilja. Like godt at katta kjem ut av sekken eller slangen ut av katten!
Elles stolar eg for det meste på det som ein drømmar tenkjer om drømmen sin, og om samanhengar han kjenner mellom drømmen og livet. Eg reknar det som ei innsikt eg ikkje har myndigheit til å dra i tvil. Assosiasjonane og tankane hans er jo eit faktum!
Kva tenkjer du og han om dette?
Kan ein svara på slik?!
januar 30, 2011Ein mann kommenterer siste innlegget:
«Interessant tolkning, Tordis. Her kommer metoden din for drømmer til sin rett. Det er nyttig å stille slike spørsmål. Samtidig er det sannsynlig at bevisstheten kan være svak, da tenker jeg på at i drømmene kommer ofte det ubevisste, underbevisste fram, og da er det ikke alltid at man kan svare på.»
Eg seier som politikaren at eg er glad for kommentaren din, og det er eg faktisk!
Eg trur du har rett i at det kan vera vanskeleg å svara på slike spørsmål som eg har føreslått til slange-ut-av-katt-drømmen. Ein type innvending kan vera at drømmen sa jo ingenting om dette! Drømmaren vil halde seg til drømmen og ikkje begynne å «konstruere» noko anna. Eller drømmaren svarar at dette veit eg ingenting om, det er heilt tomt inni meg!
Nyare forsking viser at det er mindre skilnad på drømmetilstand og dagbevisstheit enn ein før rekna med. Tenk berre på alt rart som kan falle ein inn også når ein er vaken! Ein kan ikkje styre over alle tankane sine. Ein treng altså ikkje tru at ein er i ei heilt anna verd når ein er vaken. Det må vera lov å blande korta, seier eg.
Dertil er å seia at mi erfaring og alskens meditasjonstradisjonar seier at det går an å koma i drømmeliknande tilstandar også når ein er vaken. Ein måte kan vera å slappe av og gå inn att i drømmen, tenkje seg at ein er der på nytt. Mennesket er i stand til å førestelle seg noko anna enn det som er den ytre verkelegheita akkurat her og nå. Korleis skulle ein elles greie f.eks. å tenkje på fortid og framtid?
Det kjennest kanskje likevel som eit stort steg å skulla førestelle seg at ein er ein slange inni ein katt? Vel, det er iallfall ein sjanse til å oppleva noko nytt! Reine ekstremsporten! Prøv, den som tør!
Eit enkelt knep for å koma unna det «oppkonstruerte» eller det heilt svarlause, er å gå med på at ein skal svara fort, med ein einaste gong! Ein berre må! Går ikkje det heller? Da kan ein tenkje seg at ein får hundre tusen kroner dersom ein svarar eitt eller anna innan to sekund, kva som helst. Da kjem det nok eit svar! Eg har av og til brukt ein meir brutal variant, men den skal eg ikkje nemne nå.
Når ein svarar fort, får ein ikkje tenkt seg om, ein kan ikkje kontrollere ordentleg og passe på at ein svarar noko ein synest passar til det ein står for og synest er presentabelt. Det er sjanse for at ein hamnar utafor sine eigne og kulturens opptråkka stigar, og ein kan bli både overraska og overrumpla. Det har sine fornøyelege sider!
Kom gjerne med meldingar frå grøftekantar og det som enda rarare er!
Fleire dyr i bloggen?
september 27, 2010Eg vart så oppliva av denne godarta bjørnen som kom inn i drømmen min at eg begynte å tenkje på fleire dyr. Frå før har vi elefantar og ei løve i bloggen, ei geit og ein prinsete frosk. Er det ikkje fleire?
Ikkje mange sauer. Det må eg rette på, for sauer er det både høgt og lågt. Schrødingers katt får vel ikkje reknast med? Kanskje kan ei voggevise lokke fram nokre fleire dyr ? Betre tidleg enn aldri:
God natt, god natt, no er det tid for alle små å drøyme. Snart luskar reven fram frå hi, kvar skal seg haren gøyme?
Det er fleire dyr i visa, både små og nokså store, eit temmeleg bråkete dyr er det der òg. Eit par generasjonar har sovna til denne songen. Kvinneleg forfattar. Svensk folketone. Kven veit?
Og kven har eit drømmedyr å by på? Du med alle elefantane f.eks., har du heilt dyrelause netter nå?
For min del lovar eg å gjera mitt beste. Eg skal tenkje ut eit høveleg dyr rett før eg sovnar. Eg skal tenkje det inn. Ok?