Posts Tagged ‘innfall’

I had a dream

september 10, 2010

Spor av visjon i alle nattedrømmar? Vi kan prøve påstanden på sist omtalte drøm, «For seint på toget» frå 26. august. (Du kan klikke han fram under «Kategoriar av innlegg» i stolpen til høgre, alfabetisk ordna.)

Det er vel ingen visjon her! Eller? Drømme-ego har eit prosjekt. Han vil noe. Han skal ein stad. Han skal ikkje bli verande der han er. Ei reise er klart ei forandring. Kvar skal han? Det seier ikkje sjølve drømmen noe om.

Men dersom drømmaren går alvorleg inn att i drømmen, eventuelt flyteskriv, så kan han kjenne etter kvar han skal. Og der kan sporet  av ein visjon vera. Eg kan jo prøve sjølv. Typen drøm er ikkje fremmend for meg – og kanskje ikkje for deg heller, kjære lesar. Altså, eg flyteskriv her og nå og ser kva som skjer:

«Der står eg, og eg skal på toget. Eg står der. Nå kjenner eg at det er spennande å skulla reise. Her står eg, og lufta er klar og fin. Eg skal sørover denne gongen! Ikkje oppi dalen, som eg fyrst trudde. Nei, eg skal til Basel. Der skal eg på ei kunstutstilling. Trur det er Miro, han med dei rare strekteikningane, litt barnslege og tullete. Og så skal eg gå omkring der, og eg skal snakke til fremmende folk! Oj sann! Til ein mann. Og til ei lita jente. Og så sett vi oss på ein benk og ser på bilda. Og eg skriv ned det dei seier om bilda. Og eg fortel kva slags innfall eg får. Og nå teiknar den vesle jenta ei miroaktig teikning på ryggen min, og eg seier kva eg trur det er. Og så teiknar eg på ryggen til mannen, og vi sitt i ein sirkel. Og noen stoppar og ser på oss og smiler vennleg og vil vera med, og det blir ein stor sirkel, og bilda på veggene rundt begynner å småsnakke, og vi har det veldig fint og får kaker og brus, og der er bestemor.»

Du store min, der får eg slutte med denne skrivinga! Ein treng visst ikkje absolutt sova for å finne på underlege ting. Slik vart altså nå-toget-tog-fantasien min som kom gjennom skrivinga. Visjon er kanskje sterkt sagt. Men den som ser etter, kan sjå at det er da mye fint her, både for denne som reiser, og for andre.

Her er det samvær på tvers av kjennskap, kjønn, alder, språk. Det er å sjå, å høre, å kjenne. Det er samtale og kunst og leik og kropp og ivaretaking. Det er inkludering og utviding.

Eg er sant å seia ganske fornøgd med denne plutselege flyteteksta som kom ut av ein annans drøm. Visjon? Ja, vi seier det.

“pojke och flicka och de satt tilsammans”

mai 14, 2010
  
Matematikklekse-drømmaren svarar i formiddag:
  
«Relasionen till honom ganska likgiltig, blev bättre efter att ha slutat skolan även om kontakten är minimal, men han ringde up mig för ett par år sedan i samband med ett jubileum jag inte var med på. Ett nytt jubileum den 22:a som jag inte heller tänker vara med om. Barnen tio-tolv år, pojke och flicka och de satt tillsammans så jag tror de samarbetade. Matematik, lösa gåtor och lägga ihop. Läxa, något man måste göra. Klasskamraten var inte med i drömmen I ett hus, ett mindre vardagsrum och jag var med men som åskådare eller medhjälpare vet jag inte riktigt. Men jag visste ju vad de gjorde och det var inte som allvetande utan som deltagare.»
 
Her handlar det om oppgåver som må gjerast, og drømme- ego («jag» i drømmen) trekker seg ikkje unna slike oppgåver. Ein styrke! Den nødvendige oppgåva er finne ut av spørsmål, av noe gåtefullt, og det er å få til samanheng (legge ting i hop, så dei blir eitt).
  
Det ser ut til at det trengst samarbeid for å få dette til. Det er eit bilde av å ikkje vera åleine og overlaten berre til seg sjølv, men vera i fellesskap. Og det kan vera eit bilde av samarbeid mellom ein maskulin og ein feminin instans. Det kan ein sjå på som indre instansar. Kva er det ved det kvinnelege og mannlege som skal til når ein skal løyse gåter og finne samanheng? tenkjer eg og kjenner at drømmen begynner å angå meg. Det er jo stadig nødvendige oppgåver i livet! Av og til får eg det til, og av og til strever eg fælt. Og det er sanneleg mange gåter å løyse, og mye som ikkje heng saman. Og så er det berre å addere! Eg må nesten le og blir ganske glad!
  
Den maskuline sida vår er den som strukturerer, analyserer, har fokus, er målretta, går . Den feminine sida er den som har intuisjon, får innfall, fabulerer, er nær, har omsorg, kjenner heilskap. F.eks. Eller det var det eg kom på nå, og Jung er i bakhovudet! Vi treng begge sidene, også i kvardagsrommet og i det små! 
  
Drømmen gir meg eit vakkert bilde av det mannlege og kvinnelege som samlar seg og får ting til å gå framover. Nå oppdagar eg igjen at eg har mitt eige bilde: Dei to sitt ved same side av eit kjøkkenbord og bøyer seg ivrig over oppgåva, slik at hovuda deira så vidt berører kvarandre, og håret blandar seg litt! (Kva seier du om det, du som eig drømmen?)
  
Kva kan drømmaren bruke dette til? Han kan jo spørja guten og jenta korleis det er å løyse oppgåvene saman. Det kan vera ein måte å koma meir inn i drømmen på og befeste det drømmen vil fortelja han. Og treng han meir samarbeid mellom desse instansane i seg? Bruker han heile seg? Neste gong han blir einsidig, dersom han blir det, kan han jo rope på guten/jenta og spørja kva han/ho kan bidra med. Eller han kan kalle fram dette bildet av dei to, slik han ser dei, i ferd med å løyse gåter og legge saman.
  
Nå er eg spent på om drømmaren har noe å legge til (for da blir det meir samanheng). Og vi treng jo han for å løyse gåta og koma vidare! (Er tankegangane her fremmendarta for han?) 

I efta kom det elefantar – i drømmeform

mai 11, 2010

Drømmar kom, som bestilt! Det kom to drømmar frå same kvinna. Oj, for ein rikdom! Tenkje seg til, denne blogginga får ting til å skje! Vi tek ein drøm om gongen:

«natt til i går drømde eg om elefantar som var plassert i båsar. dei var rolege. men den siste eg traff på var kvit og agresiv, eg kjende at her må eg trekkja meg unna elles vil den trampa meg i hel. ekkelt.»

Dette er ein kort fortald drøm, men det er ikkje lite i han! Eg elskar forresten «små» drømmar, for eg liker godt å dvele lenge ved ting! Her er det sterke kontrastar, mye energi og mye kan hende. Eg kjenner at eg gjerne vil veta meir før eg dyttar henne for langt ut i det. Det går an å føle seg litt fram. Det er jo ikkje min drøm. Ho som eig drømmen, veit ein masse som eg ikkje veit.

Eg har fort førestellingar som slett ikkje hører heime der, og da kan det bera gali av stad! F.eks. oppdagar eg at eg sanneleg plasserer elefantane i fjøset vårt på setra på Vendalen i Sør-Fron. Det er iallfall heilt sikkert ikkje slik det var for henne! 

Eg stiller ein klump med spørmål, som ho kan svara på dersom ho synest det er ok: 

Kvar er desse båsane, og/eller korleis er dei? Kan du fortelja meg meir om det? Ser du noe rundt båsane? Er det f.eks. i ein bygning? Kan du fortelja alt du kjem på om omgjevnadene? Er det ein stad du kjenner, ein stad du har minne ifrå, der du har opplevd noe?

Eg føreslår at du skriv om dette før du går vidare. I det heile att: Ta eit spørsmål om gongen, skriv ned kva som helst du kjem på, sett pris på dine fyrste innfall og gjerne dei neste også  – dei har stor verdi. Ikkje bekymre deg om du synest det dukkar opp besynderlege ting; det er berre fint. Aksepter også heilt «vanlege» tankar og bilde! Du kan skrive kort eller langt!

Så spør eg: Kva er ein elefant? Skriv ned det fyrste du kjem på! Dette lyder kanskje som eit unødvendig spørsmål, men eg forsikrar om at dersom du spør ti personar om dette, så får du ulike svar og vektleggingar! (Berre prøv, kjære lesar!)

Den siste elefanten er kvit, korleis ser dei andre ut?

Du «treffer» elefantane. Kva inneber det? Korleis treffer du dei? Kvar er du i drømmen, og kva gjer du? Er det noen andre der?

Nå trur eg at eg treng svar på dette før eg finn på meir med henne og drømmen – eller føreslår meir, for ho kan alltid melde pass. Og ho bestemmer sjølv om ho vil ut i verda med alt det ho har skrivi. (Det håpar eg ho vil!)

Men dette blir jo ei framhaldssoge (føljetong)! Kva kjem i neste innlegg? Nå er eg temmeleg nysgjerrig på kva som vil vise seg, for eg veit jo slett ikkje. Andre lesarar kan jo legge merke til kva dei ser for seg, og tenkje sitt om seg sjølv når dei oppdagar forskjellar og likskapar. Kor som er: Jeg spørger kun, mit Kald er ej at svare. Iallfall så langt…