Posts Tagged ‘hugse’
Men eg hadde gløymt kven eg var
oktober 23, 2010Det vart så eg tok fart frå ein av dei små tekstdelane til kvinna med den sprell levande sauen (sjå innlegget rett nedafor her). For når tekstdelane stod slik med luft omkring, vart dei som eigne små tekster med stor evne til å dytte:
Men eg hadde gløymt kven eg var. Kven var eg? Eg var ei lita jente som hoppa omkring på berre flekker om våren og ropte at nå er det såmmårn. Det var utafor kjellardøra, og det var sol, og eg hugsar det slett ikkje, men det er fortalt at slik var det, og da var det slik, og eg ser det for meg. Var eg slik? Og finn ho ein tuvetopp fri for snjo… Lerka og eg. Vi forstår oss på det gode som er i emning. Vi trur på det vi ser og at det skal gå rette vegen. Tillitsfulle er vi. Hei vesle jente som hoppar på den vesle mjuke flekken utan snø! Hugs når du blir stor, at slik er det laga! Det går sin gang. Og du treng ikkje ordne med at snøen skal bli smelta. Smeltinga skjer av seg sjølv – eller av noko(n) som ikkje er du. Og om hausten dalar det kvitt og stille frå himmelen og kvitt møter gult på bakken. Det er også såre godt. Endeleg kjem snøen til den vesle jenta og kjelken hennar, og ho kan laga snømann og gå på ski og skli på ei papplate nedover bakken og ha god og varm heimestrikka brun ullbukse på seg. Sjå på meg! seier den vesle jenta. OK, nå ser eg på deg. Eg ser på meg og hugsar kven eg var, og der er ho sanneleg, og ein eller annan stad er vel kjelken også, i alle fall har ho ski, og eg trur ikkje at jorda går under i år heller. Tvert imot, jorda held seg til sola og går rundt og rundt, og jenta sitt på, huj, som det går, haust, vinter og vår.
Ok at eg bruker teksta di på denne måten, kvinne? Kanskje du sjølv eller andre også får lyst til å ta seg ut eit springbrett og gjera eit hopp? Åtvaring: Det er ikkje godt å veta kvar du landar!
Drømmesyntaks
september 7, 2010Ja, eg liker den gamle drømmesyntaksen, måten å ordne orda på når ein seier noe om drøm: «meg drøymer».
Når eg tenkjer meg om, liker eg både den gamle og den nye.
Den gamle måten får fram at det hender noe med meg, at eg kan (og må) ta imot, at noe kjem til meg som ei gåve, ein nåde, ei nødvendig utfordring, at det er ikkje alt eg kan rå over, at det er krefter i meg som eg ikkje kan styre og rå over, riket er ditt.
Med den nye måten – «eg drømmer» – kastar egoet seg fram og handlar. Trur det moderne mennesket at det skaper alt og kan rå over alt? Riket er mitt? Ikkje akkurat audmjukt det. Men er det likevel litt sant?
Eg kan ta imot drømmen min og ta ansvar for han og gjera han til min og finne ut av han og laga noe av han, for eksempel gjera han om til tekst eller la tekster springe ut av han (der vart sanneleg eg-subjektet litt borte att!). Eg kan legge meg om kvelden og innstille meg på å drømme i forhold til eit bestemt tema som eg er opptatt av. Eg kan innstille meg på å vera opptatt av drøm og dermed begynne å hugse drømmar og ta vare på dei og kanskje også drømme meir. Riket er sanneleg mitt. Takk for alt som jeg har fått.
Kva var det som drømte meg i natt? Eg kan ikkje koma på det. Hei drøm, kom attende, så kan eg koma i snakk med deg med meg!
Klatring med hindring
mai 30, 2010Så var det den klatredrømmen som kom frå Sverige… Drømme-ego er altså på veg oppover. Han vil oppover. Kva inneber dette? lurer eg på. Kva slags drivkraft er det? Kan drømmen fortelja noe om kva som er viktig for denne mannen? Det som er der oppe, kan vera eit bilde på det han ønskjer seg, det han kanskje har for lite av. Derfor spør eg han ikkje kva han manglar her i livet, eller kva som er viktig for han – eg held meg i drømmespråket hans og spør kva som er der oppe, kva han skal der. Dessutan lurer eg på om det kan finnast ei løysing. Og kva er det med folk, monn tru, som er vanskeleg.
Eg sender han denne meldinga:
«Kva er det der oppe? Kva skal du der? Om du ikkje hugsar det frå drømmen, kan du berre finne på noe i full fart!
Korleis kunne du likevel koma oppover?
Kvifor kan du ikkje snu når det er fullt med folk der nede? Kva slags folk er det?
Du kan altså svara det fyrste du kjem på.»