Posts Tagged ‘hindring’

For seint på toget

august 26, 2010

Ein mann har sendt inn denne drømmen:

«Skulle ta tog og det var kaldt vær. Kom for sent. Så kom et til, og jeg holdt på å komme meg på, men klarte ikke å få opp døren, så jeg måtte trekke meg tilbake. Og så kom enda et tog, og togføreren åpnet døren, og inviterte meg inn, men da husket jeg at jeg hadde lagt fra meg bagasje litt lenger bak, og da jeg ville hente den først, sa han nei. Og jeg var ettergivende og sa til ham: Ja du må vel gjøre det du må. Og så gikk dette toget også.»

Dette er jo som eit lite eventyr: Helten har eit prosjekt, men møter tre hindringar. Men i dette tilfellet er ikkje slutten lykkeleg, eller kanskje manglar slutten?

Det er tre temmeleg ulike hindringar, er det ikkje? Han som har drømt, kan jo sjå på mønsteret i desse hindringane: I det første tilfellet er han sjølv ansvarleg? Kva kunne han gjort i det andre tilfellet? Og kva kan vi seia om det tredje tilfellet – kva slags andre handlemåtar kunne ha vori mulege?

Korleis har mannen det når toga er gått? Kvar skulle han eigentleg? Kor viktig var det å koma dit? Kva skulle han gjera der? Kanskje seier ikkje drømmen noe uttrykkeleg om dette, men det går an å gå inn att i drømmen, kjenne på korleis det er å stå der, flyteskrive 6 – 8 minutt med det utgangspunktet og la kva som helst dukke opp.

Hei mann, send gjerne inn den teksta det blir!

Kva gjer «eg» i drømmen?

mai 31, 2010

Det kan lønne seg å rette eit granskande blikk mot drømme-ego: Korleis handlar han i drømmen? Kva slags holdning til livet kan det vitne om? Er det ein konstruktive handlemåte? Korleis handlar han ikkje? Kunne ein tenkt seg ein alternativ handlemåte med basis i ei anna holdning?

Det nyaste eksemplet vårt er oversiktleg:

Drømme-ego klatrar. Han klatrar mot eit tak der det er lyst og fritt. Han klatrar i ein stige. Han klatrar med hanskar og kjepp. Han blir hindra av hanskane og kjeppen. Han vurderer å snu. Han blir hindra av at det er mange folk der. Han gir opp håpet.

Kva er dette? Det ser ut til at han har eit godt prosjekt for seg. Han er på veg til ein tilstand som er betre. Han har funni ein måte å koma dit på. Han er i gang. Dette er målretta og handlekraftig, tenkjer eg. (Men ideelt sett, skulle eg jo tenkt saman med han som har drømt. Eller han skulle tenkt.)  

Det som ikkje ser formålstenleg ut, er å bruke hanskar og kjepp i stigen. Og her kunne han ha fortalt oss noe om kva som er godt med hanskane og kjeppen. Han har sikkert sine gode grunnar for å ha dei med. Samtidig ser han at dei hindrar han i å koma dit han vil. Vi merkar at ei anna holdning enn handlekraft kjem fram: Nå er det ikkje lenger drvkraft framover; nå gir han opp håpet.

Vi kunne dertil sett på det som hindrar han i å røre seg i andre retninga. Kva er det som gjer at han ikkje kan gå attende når det er folk der?

Kva kunne vera  alternative holdningar, og alternative handlingar, som spring ut ifrå slike alternative holdningar? kunne han spørja seg. Eller han kunne tenkje i andre rekkefølgja: Enn om eg tenkte meg ein annan handlemåte her? Korleis ville det vera for meg? Kva slags innstilling til livet rører det ved? Korleis måtte eg tenkje om meg sjølv og om andre og om livet da?

Kva gjer «eg» i drømmen? Kva gjer ikkje «eg» i drømmen?

Eg har prøvd å skubbe drømme-ego litt i ei alternativ lei. Så får vi sjå om det skjer noe der på stigen borti Sverige.

Eg kjem på at Tussi, venn av Ole Brumm, har sagt at eg skal ikkje dytte. Uff, har eg vorti Tigergutt nå, som er uforsiktig og dyttar folk uti elver? (Men det gjekk jo bra med Tussi.)

(Sjå elles Strephon Kaplan-Williams: Dreamworking, Journey Press, Oslo og San Francisco, 1991, kapittel 5: «Following The Dream Ego – Learning About The You In Your Dreams», s. 135-190.)

Klatring med hindring

mai 30, 2010

Så var det den klatredrømmen som kom frå Sverige… Drømme-ego er altså på veg oppover. Han vil oppover. Kva inneber dette? lurer eg på. Kva slags drivkraft er det? Kan drømmen fortelja noe om kva som er viktig for denne mannen? Det som er der oppe, kan vera eit bilde på det han ønskjer seg, det han kanskje har for lite av. Derfor spør eg han ikkje kva han manglar her i livet, eller kva som er viktig for han – eg held meg i drømmespråket hans og spør kva som er der oppe, kva han skal der. Dessutan lurer eg på om det kan finnast ei løysing. Og kva er det med folk, monn tru, som er vanskeleg.

Eg sender han denne meldinga:

«Kva er det der oppe? Kva skal du der? Om du ikkje hugsar det frå drømmen, kan du berre finne på noe i full fart!
Korleis kunne du likevel koma oppover?
Kvifor kan du ikkje snu når det er fullt med folk der nede? Kva slags folk er det?
Du kan altså svara det fyrste du kjem på.»

Ryggen mot verda eller møte det som kjem?

mai 15, 2010

Kva er det med å vera i bås? Det er trongt, ufritt, utrygt. Det har elefantdrømmeskrivaren vist oss før. I kveld blir noe nytt uttrykt om bås-tilværet: Det inneber også å stå med ryggen mot verda. Det er å ikkje møte det som kjem ein i møte. Det blir ein konflikt mellom ønsket om å vera med i verda og å ha stengslar som hindrar det. Dette sett seg tydelegvis som vondt i kroppen.

“Men den kvite elefanten kunne eg ikkje klappa”

mai 13, 2010

Så kom meldinga frå  ho som hadde elefantdrømmen. Ho skriv:

«Eg forbind ein elefant med eit kraftdyr, eit stødigt trygt dyr. men elefantar skal ikkje vera plassert i båsar. dei er frie dyr som skal gå i naturen. Eg har vore i nærkontakt med frie elefantar, dei går ”innunder huden” på meg, fantastiske dyr. stødige gode dyr. men dei skal ikkje tergast for då vert dei sinte og ein er ikkje lenger trygg på kva dei kan finna på.
Tilbake til draumen: det stod ein og ein elefant i båsen, eg ser ikkje noko omgivelsar for meg. eg forstår ikkje kva dei gjorde der. eg stod bak dei og strauk dei lett på baken. det var naturleg elefantfarge på dei, gråbrun. men den kvite elefanten kunne eg ikkje klappa på baken. den vart sint, uroleg og tydeleg at den ikkje ville vera i ein bås, trur det var for trangt for den der. nokon triggar det som er naturleg for ein elefant. og eg kjende at her er det farleg å vera. denne elefanten er utrygg.»

Ja, da veit vi meir om elefantuniverset til denne kvinna. Her har vi på den eine sida noe som er kraftig, stødig, trygt, fritt, naturleg, fantastisk, godt. På den andre sida har vi å vera i bås, at det er trongt. Mellom desse veremåtane blir det klar konflikt. Når det frie, naturlege, sterke blir hindra, fører det til uro, utryggheit og sinne. Det er ikkje lite sinne heller.

Konflikten er så sterk at det er farleg, livstrugande (kan bli trampa i hel!). Lett klapping på baken monnar ikkje her, snarare tvert imot! Vennleg og neddempande åtferd fungerer ikkje! Her skal det nok noe anna til! Og det ser ut til å vera heilt nødvendig. Varslar drømmen om at det er fare på ferde?

Det er jo enda ein kontrast i denne drømmen: mellom dei vanlege gråbrune og den som skil seg ut, mellom dei mange og den eine, mellom dei som er rolege i båsane sine, og den som ikkje vil vera i bås.  Slik sett får vi demonstrert to måtar å forhalde seg til det tronge og unaturlege på.  

Ikkje veit eg om kvinna kjenner att desse konfliktane frå livet sitt, men det er ikkje utenkjeleg. Iallfall har ho frie elefantar innunder huda; det er litt av ein ressurs!  Kanskje treng ho av og til å hente styrke hos den sinte kvite elefanten sin?