Posts Tagged ‘håp’
desember 1, 2010
Drøm om sterke fargar:
Eg ser på fargeprøver frå ein målarbutikk, ei papp-plate med mange små firkanta prøver i sterke fargar.
Ut av ymse skriveprosessar kom desse to ulike tekstbitane:
1
Nå er eg heilt raud inni meg tenkte ho. Det flyt blod. Så lenge det er blod, er det håp, tenkte ho. Litt blod kan dei få. Ho ei tynn og bleik ungjente. Så lett å hanskast med. Nei, sa ho høgt. Dei skvatt til. Kva gjekk det av henne? Eg vil ikkje, sa ho. Eg skal ha han eg vil ha, sa ho og vart raud i kjakene. Eg er faktisk forelska i han, sa ho. Ho kjende varmen inni seg. Det er han eg vil ha, sa ho. Og hjertet slo.
2
Ho tok forsiktig opp ein liten farge og bles støvet av han og klappa litt på han og heldt han i handa og opna handa. Nå lettar han, tenkte ho. Men han stod berre der og hufsa litt på seg. Hei! sa ho sakte og lågt. Han snudde seg og såg på henne. Ja da, du er ok, sa ho. Han såg seg litt rundt. Der! Han såg bortpå ein kvit kopp bortpå bordet. Det er fint med kvite koppar, sa ho, ikkje sant? Ok, sa ho. Du kan få lov likevel. Berre prøv. Han letta og flaksa litt usikkert bort til koppen, flaug rundt han, sette seg på han. Ja ha, så har eg ein gul kopp, tenkte ho.
Kommentar:
Det skjedde mye rart på vegen mellom drømmen og desse to små skriftlege sluttuttrykka. Eg seier ikkje meir om prosessen!
Begge to handlar om kvinner som forandrar seg. Det innvendige viser seg. Den eine teksta er realistisk, den andre fantastisk.
Nr. 1 kunne bli del av ei forteljing. Nr. 2 kan nesten fungere som ei tekst.
Stikkord:blåse, bleik, blod, bord, fantastisk, farge, få, fin, firkanta, flakse, flyge, flyte, flyteskriving, forandre, forelska, forsiktig, fugl, gi, gul, hand, hanskast, håp, høg, hei, hjarte, hjerte, hufse, innvendig, jente, kjake, klappe, kopp, kvinne, kvit, låg, lett, lette, liten, måle, nei, ok, opne, prøve, prosess, raud, realistisk, sakte, seia, sjå, snu, støv, tekst, tynn, ung, varme, vise
Posta under "Sterke fargar på prøve", 4 OM SKRIVING, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
september 6, 2010
Ein mann kommenterer dei siste innlegga:
«Poetisk og realistisk på samme tid. Nei, drøm er nok ingen framtidsprojeksjon, snarere en engstelse for noe som kan skje, men noen ganger også en skapelse, en avklaring.»
Kva meiner han med «framtidsprojeksjon», monn tru? Meiner han at drømmar ikkje kan varsle om noe som skal skje?
Mi erfaring er at drømmar kan uttrykke og utrette mye forskjellig, og det seier vel også denne mannen.
Ein drøm kan gi uttrykk for mange slags kjensler: engstelse, redsel, håp, ønske, glede, sinne osv.
Ein drøm kan vise mønster i veremåten og handlemåten hos den som drømmer og slik vera avklarande – iallfall dersom ein undersøker drømmen nærmare. Ein drøm kan også ha i seg alternative måtar å vera på, men det er ofte ikkje opp i dagen, så det trengst metodar for å få ut visdommen.
Ein drøm kan gi svar på spørsmål, kan koma med problemløysingar.
Ein drøm kan vera fantastisk oppfinnsam og skapande, slik at drømmaren verkeleg må undre seg: «Har eg verkeleg laga dette?» Det er nesten som ein nåde at alt slik rart kan koma til ein i søvne. Da er det norrøne uttrykket «mik dreymir» ikkje så dumt! Det skjer noe med meg når eg drømmer. (Det finst også visse mulegheiter for å styre drømminga…)
Går det an å drømme sant om noen eller noe ein annan stad eller i framtid? Ikkje har eg personleg erfart det i særleg grad, men kven veit? Folk fortel om slike erfaringar. Og minst ei erfaring har eg sjølv.
Dertil har vi drømmar med stor visdom…
Og kva meir?
Stikkord:alternativ, avklare, ønske, engstelse, erfare, framtid, handlemåte, handling, håp, kjensle, mann, mønster, nåde, norrønt, oppfinnsam, poetisk, problemløysing, rart, realistisk, redsel, sann, sinne, skape, skje, spørsmål, styre, svar, undersøke, utrette, uttrykke, varsle, veremåte
Posta under 1 GENERELT OM DRØM | Leave a Comment »
september 6, 2010
Natta spinn det blir oppspinn og nedspinn til mørkret i nød og lyst og naken kvinne lærer ho hespar og tvinnar og det er håp
Stikkord:dverg, håp, kvinne, lære, lyst, mørker, naken, natt, nød, ned, opp, spinne
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 6 TEKST OG SPRÅK | Leave a Comment »
mai 31, 2010
Det kan lønne seg å rette eit granskande blikk mot drømme-ego: Korleis handlar han i drømmen? Kva slags holdning til livet kan det vitne om? Er det ein konstruktive handlemåte? Korleis handlar han ikkje? Kunne ein tenkt seg ein alternativ handlemåte med basis i ei anna holdning?
Det nyaste eksemplet vårt er oversiktleg:
Drømme-ego klatrar. Han klatrar mot eit tak der det er lyst og fritt. Han klatrar i ein stige. Han klatrar med hanskar og kjepp. Han blir hindra av hanskane og kjeppen. Han vurderer å snu. Han blir hindra av at det er mange folk der. Han gir opp håpet.
Kva er dette? Det ser ut til at han har eit godt prosjekt for seg. Han er på veg til ein tilstand som er betre. Han har funni ein måte å koma dit på. Han er i gang. Dette er målretta og handlekraftig, tenkjer eg. (Men ideelt sett, skulle eg jo tenkt saman med han som har drømt. Eller han skulle tenkt.)
Det som ikkje ser formålstenleg ut, er å bruke hanskar og kjepp i stigen. Og her kunne han ha fortalt oss noe om kva som er godt med hanskane og kjeppen. Han har sikkert sine gode grunnar for å ha dei med. Samtidig ser han at dei hindrar han i å koma dit han vil. Vi merkar at ei anna holdning enn handlekraft kjem fram: Nå er det ikkje lenger drvkraft framover; nå gir han opp håpet.
Vi kunne dertil sett på det som hindrar han i å røre seg i andre retninga. Kva er det som gjer at han ikkje kan gå attende når det er folk der?
Kva kunne vera alternative holdningar, og alternative handlingar, som spring ut ifrå slike alternative holdningar? kunne han spørja seg. Eller han kunne tenkje i andre rekkefølgja: Enn om eg tenkte meg ein annan handlemåte her? Korleis ville det vera for meg? Kva slags innstilling til livet rører det ved? Korleis måtte eg tenkje om meg sjølv og om andre og om livet da?
Kva gjer «eg» i drømmen? Kva gjer ikkje «eg» i drømmen?
Eg har prøvd å skubbe drømme-ego litt i ei alternativ lei. Så får vi sjå om det skjer noe der på stigen borti Sverige.
Eg kjem på at Tussi, venn av Ole Brumm, har sagt at eg skal ikkje dytte. Uff, har eg vorti Tigergutt nå, som er uforsiktig og dyttar folk uti elver? (Men det gjekk jo bra med Tussi.)
(Sjå elles Strephon Kaplan-Williams: Dreamworking, Journey Press, Oslo og San Francisco, 1991, kapittel 5: «Following The Dream Ego – Learning About The You In Your Dreams», s. 135-190.)
Stikkord:alternativ, drømme-ego, dreamworking, dytte, folk, formålstenleg, fri, grunn, handling, hanske, håp, hindring, holdning, innstilling, kjepp, klatre, konstruktiv, lys, målretta, Ole Brumm, prosjekt, rekkefølgje, retning, skubbe, snu, stige, Strephon Kaplan-Williams, Sverige, Tigergutt, Tussi
Posta under "Klatring med hindring", 1 GENERELT OM DRØM, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
mai 30, 2010
Han kjenner kva han behøver, han veit ein heil del, for nå melder han:
«Om jag det visste. Jag bara kände att jag behövde ljus och att jag skulle vara friare där. Men jag gav upp hoppet att komma dit och försökte komma ner igen, men vägen var spärrad av alla som var efter mig på stegen.»
Dette er vel ei krise? Han veit kva han behøver, han er på veg mot det han behøver, men han gir opp håpet om å koma dit, og han kan heller ikkje snu og vende tilbake dit han var.
Eg vågar nye spørsmål – det blir nærmast ei utfordring:
«Kva behøver du den kjeppen til?
Korleis ville det vera å kaste frå seg kjeppen?»
Stikkord:behov, fridom, håp, kaste, kjepp, krise, lys, snu, spørsmål, steg, våge, veg, veta
Posta under "Klatring med hindring", 7 DRØMMAR | Leave a Comment »