Posts Tagged ‘grøn’
januar 24, 2011
Her kjem ei miniforteljing som eg fann på Twitter i dag. Av instant-typen, dvs veldig konsentrert:
@SynnevaErland Synneva Erland
Og løfter du på steinen i sjelsmarka kan du finna irrgrøne draumar med ryggsekker av spindelvev
21 hours ago via Twitter for iPhone
Når eg finn slike bilde på Twitter, blir eg reint lykkeleg! Her strør dei ut med raus hand.
Og bildet begynner å røre meir på seg:
Inni ryggsekkene…
Og så er det mange steinar…
Og kva kan ein vel ikkje bruke den irrgrøne fargen til?
Til slutt kjem eg på at eg har visst også skrivi om grøne drømmar.
Ja, irrgrøne viser det seg at dei er!
Slik vever vi i veg! https://tordisirenefosse.wordpress.com/tekst/gr%c3%b8nt-om-dr%c3%b8m/
Stikkord:bilde, bruke, finne, forteljing, grøn, instant, irrgrøn, konsentrert, løfte, lyfte, lykke, lykkeleg, mark, mini, miniforteljing, raus, rygg, ryggsekk, sjel, sjelsmarka, skrive, spindelvev, stein, strø, twitter, veg, vev, veva
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 4 OM SKRIVING | Leave a Comment »
oktober 27, 2010
Ein drøm kan skine og blinke og blunke lenge og vel.
Ein drøm kan vera lubben og god eller mager og interessant.
Ein vond drøm skal ein ikkje kaste straks.
(Sjå sida ”Grønt om drøm” under ”TEKSTER”!)
Stikkord:blinke, blunke, god, grøn, interessant, kaste, lubben, mager, skine, tjukk, tynn, vond
Posta under 1 GENERELT OM DRØM | Leave a Comment »
september 30, 2010
Ei kvinne fortel denne drømmen:
Eg er i eit atelier-fellesskap og ser tilbake på eit portrett eg har måla av meg sjølv. Eg er overraska over at det liknar og er godt måla. Men over munnpartiet har eg måla over med gjennomskinleg grønfarge.
Om denne drømmen har eg to ting å seia:
Det eine er at eg veit ikkje kva dette «betyr». Eg veit ikkje kva drømmen uttrykker om denne kvinna, korleis ho er, korleis ho har det, korleis ho ser seg sjølv, korleis ho behandlar seg sjølv. Eg veit ikkje kva munn mest er for henne, eg veit ikkje korleis ho har det med grønt. Eg veit ikkje kva ho skal gjera.
Det andre eg har å seia, er at dette er ein veldig enkel drøm. Det er ingen grunn til å setta seg ned og «tyde» drømmen. Det enkle og likeframme er at drømmen gir framgangsmåten sjølv!
Mitt forslag til kvinna er: Lag eit portrett av deg sjølv. Mål over munnpartiet med gjennomskinleg grønt. Kjenn på korleis du har det med bildet før du begynner å måle over med grønt. Legg merke til korleis du har det undervegs. Korleis er det etterpå når du ser på resultatet? Du kan eventuelt flyteskrive rundt dette. Du kan også laga ei snakkeboble: Kva seier denne kvinna (utan og med grønfargen)?
Dei som ikkje har drømt denne drømmen, kan jo også prøve.
Rapportar, tekster og bilde er velkomne til bloggen!
Stikkord:atelier, bety, bilde, enkel, fellesskap, flyteskriving, framgangsmåte, grøn, kvinne, måle, munn, overraske, portrett, rapport, sjølv, sjølvportrett, tekst, tyde
Posta under "Grønt sjølvportrett", 2 INVITASJON TIL LESAREN, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
september 30, 2010


Eg spør Kristin Fridtun (http://www.fridtun.blogspot.com/), Ivar Aasen-entusiast, om ho har drømt om Aasen (klikk på bildet!). Ho svarar:
Og ja! – eg har nattedrøymt om Aasen. I vår drøymde eg han Aasen var på campingtur med familien min og meg. Det var sumar og «Liderna grønka som Hagar», men Aasen gjekk inntulla i den digre, svarte frakken som han støtt er kledd i på bilete. Han og eg sat i kvar vår campingstol, på ein plen eller eng eller noko, og hadde utsyn mot ein erketypisk norsk, sumarleg fjord.
Eg minnest at Aasen tykte det var leitt med dette landsmålet hans – det var ikkje noko skap på det lenger, sa’n. Eg var samd (eg skriv helst landsmål/høgnorsk på fritida, men eg er «pragmatisk» og har ingen vanskar med å nytta gjeldande rettskriving når eg må/bør).
Vel. So det vart litt tung stemning når han tok til å syrgja over at me hadde skipla livsverket hans slik. Men han var ein fin fyr å vera på tur med, han tala lite, og det synest eg er fint.
På Facebook kan ein sjå bildet av ho som drømmer, utkledd som han ho drømmer om:
http://nn-no.facebook.com/kristin.fridtun
Stikkord:campingstol, campingtun, facebook, familie, fjord, frakk, grøn, grønke, hage, Ivar Aasen, Kristin Fridtun, landsmål, lansmål, li, livsverk, norsk, plen, pragmatisk, rettskriving, samd, sommar, sorg, stemning, stor, svart, tung, tur, utkledd, vanske, vår
Posta under "Ivar Aasen", 6 TEKST OG SPRÅK, 7 DRØMMAR | 1 Comment »
juni 24, 2010
Det hender så mangt ei midtsommarnatt eller sankthansnatt, og denne gongen sat eg på ein veranda i Nilserudkleiva, og mannen og kvinna i huset gjekk inn og ut med diktsamlingar, og vi las fram dikt i den gnistrande grøne natta. Ja, nattfargen har eg frå Nattordbok av Trond Botnen, for denne besynderlege vedunderlege boka frå 1970 var også i dei bugnande hyllene i huset, og ei nattordbok skulle passe godt i ein drømmeblogg.
Mot slutten av eit dikt i ei heilt anna og veldig tjukk bok, dukka linene nedafor opp – nei, nå må eg vera nøyaktig: Mannen på verandaen, som hadde servert spekemat og eggeøre og glovarm kål og nypoteter, hadde den tunge gamle boka i handa og las diktet utover og innover oss, og han hadde dikteti kroppen, meiner eg bestemt.
Eg vart etter kvart ei jeppe i baronens seng; tenk å vera i ei lys natt med grønt og grønt og grønt, og dertil rosa striper på himmelen når ein såg etter, og så alle desse yndlingsdikta!
Varsel 1: Nå kjem det snart ein tilsynelatande brå overgang, for dette er ikkje akkurat eit rosa kosedikt! Men diktet viser seg å handle om ein drøm, og berre det er nok til å glede ei slik ei som meg. Og at ein drøm blir omtala som så avgjerande, er iallfall ei glede.
Varsel 2: Eg kuttar diktet på eit bortimot uforsvarleg punkt, men eg greier ikkje anna enn å gjera diktet ekstra gåtefullt for lesaren.
Nå går vi inn der drømmen brest:
”Og billedet brast, og jeg sænkedes ned,
ned paa min seng – jeg vaagnet i sved;
i bølger av iskold stjernedugg
hamret mit hjerte, hug i hug –
Men drømmen forblev i mit hjertes nat;
fra ungdom til moden alder
[…]”
Kva kan det vera for eit bilde som brest? Kva kan det vera som fører til bølgjer av iskald stjernedogg? Kva gir så sterke kroppsreaksjonar? Kva slags drøm kan det vera som blir livsvarig? Les heile diktet, og finn somme svar!
Har eg ein så kraftig drøm? Har du?
Eg greier ikkje å motstå freistinga å konkurrere med spalta ”Klok på bok” i Dag og Tid: Kven har skrivi dette diktet? Kva heiter diktet? Kva for ei diktsamling står det i?
Nå har denne bloggen førebels litt færre lesarar enn Dag og Tid. Men pytt! Eg skal røpe løysinga om ikkje så brått. I mellomtida: Pass på drømmar som er av hjerteklapp-kvalitet!
Stikkord:1970, alder, baron, bølgje, bilde, blogg, bok, breste, bugne, Dag og Tid, dikt, dogg, eggerøre, farge, forsvar, gåte, glede, gnistre, grøn, hjerte, hjerteklapp, hogg, hus, is, Jeppe, kald, kål, klok, kos, kropp, kvalitet, kvinne, løysing, lesar, lesing, livet, Ludvig Holberg, lys, mann, midtsommar, moden, natt, Nattordbok, ord, overgang, potet, pytt, reaksjon, rosa, sankthansnatt, sommar, spekemat, stjerne, stripe, sveitte, Trond Botnen, ung, varm, varsel, veranda
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 3 OM DIKT | Leave a Comment »
mai 26, 2010
Drøm passar i dikt som hand i hanske. I dikt kan det vera kva som helst hulter til bulter i nylaga blandingar og med bråe overgangar. Så også i drøm. På den måten tek diktforma imot drømmen med opne armar. Diktet kan dessutan gjera sitt for drømmen: framheve, organisere i delar, laga rom rundt delar og det heile, gjenta viktige punkt, avslutte, reflektere osv. Dessutan kan drømmen bli dikt på ulike måtar og vise at han har nesten uendeleg med mulegheiter.
Her er noen hagerupske diktstartliner som godt kunne vera starten på drømmereferat:
”i natt kom solen og månen/ og elleve stjerner til meg/ og bøyde seg i støvet.”
”Jeg skulle stilles for et tribunal,/ for noen hadde sagt at jeg var gal.”
”Jeg lette etter mine lange hansker/ som var blitt borte for meg siste dans.”
”Under vikens grønne glasstak/ så jeg mine venner sitte/ rolige på havets bunn.”
”Jeg satt under veldige buer/ i skumringslys i en kirke/ og ventet på noe. Da runget en røst:”
Stikkord:dans, del, dikt, galskap, grøn, hanske, hav, heilskap, hulter til bulter, kyrkje, måne, organisere, sol, støv, stjerne, venn
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 3 OM DIKT, 4 OM SKRIVING | Leave a Comment »
mai 22, 2010
Eg flyt av garde på twitter og blogg, og nå hadde eg nær svidd havregrauten att, og flyt eg meg bort, eller kva blir dette til, og i det heile tatt?
Bloggen opnar, bloggen fangar, han utfordrar, han gir nye rammer, han gir meg idear, han minner meg om noe eg har som eg kan ta fram, han gjer meg usikker, han kastar meg ut i det, han seier ja, han seier nei, eg gir han ein sjanse, og her sitt eg, og det blir ein soldag, og ja da, eg skal gå ut i den store grøne dagen med folk og kanskje fe.
Eg har fått ymse reaksjonar, også slike:
«Jeg har bestemt meg for at jeg ikke vil bruke livet mitt på den slags, men jeg har ingenting imot at andre gjør det.»
«Twitter og bloggar og kva ein kallar det, har eg funne ut ikkje er mine media.»
«Det er ikke fristende.»
Ein mann skriv at han har motstand mot å offentleggjera for «alle analfabetene på blogge-nettet».
Og Morgenbladet har akkurat hatt ein knusande artikkel om usosiale medium, om det offentlege som blir privat, og det private som blir offentleg.
Og kva er meir privat enn drømmar? Og kva er meir grunnleggande kollektivt? Inne eller ute eller både og?
Eg kan vel rekne med at dei som les her og nå, iallfall kan tenkje seg å bruke litt tid på slikt som dette!
Kommentarar?
Stikkord:blogg, fe, flyt, grøn, havregraut, kollektivt, livet, Morgenbladet, twitter, usikker
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 4 OM SKRIVING | Leave a Comment »
mai 8, 2010
Dette skal inn i den ferske bloggen. Fargesterkt nok? Sjølvlaga. Nei, eg har ikkje laga himmelen og skogen og vegen og sykkelen og kameraet og PC’en og meg sjølv. Eg sitt her og les Georg Johannesens dikt om regnbogen, som eg kom på nå. Det er eit overdådig kjærleiksdikt (eller kanskje ikkje) med overdådige fargar (men ikkje grønt) og overdådige genitivar – JA!
Gult hvor han elsker deg gult
I solens sol:
Som villstrå av gult hår
du gullring av honning
Som tiriltunge og løvetann
Som eggeplomme og kylling
Som smør og tiger
bananer, sitroner
(lite utsnitt)
Stikkord:dikt, foto, genitiv, grøn, gul, kjærleik, raud
Posta under 3 OM DIKT, 5 TEKST OG BILDE | Leave a Comment »