Posts Tagged ‘giftig’

Slange ut av katt

januar 30, 2011

Ei kvinne sender meg dette:

”Her kommer en drøm fra Italia, tilhørende en herremann med navn […].

Drømmen er som følger: 

Han drømte at han lå på sengen med katten sin, og så plutselig at det kom en slange ut av katten. I drømmen var katten rød og hvit, dette er en snill katt som han har et veldig fint forhold til. Slangen, en liten en, forsvant under sengen og ble borte. 

Hva tror du det kan være?”

Eg prøver meg forsiktig og legg opp til ein prosess som innsendaren kan prøve på mannen om han vil:

Her er det ein stille person, ein person i ro, ikkje handlande. Han er i stille samvær. Han relaterer seg til noko(n) han har eit godt forhold til, til noko levande. Eller: Det er ein relasjon mellom noko levande og han, noko han kjenner godt, eller trur han kjenner godt. Dette vanlege trår fram i ei uvanleg framtoning? Stemmer denne analysen for drømmaren? Treffer det han?

Er han forresten forundra over at katten er raud og kvit, eller berre er det slik?

Kva er det som er kvitt i livet ditt? ville eg spurt han om. Og kva er det som er raudt? Altså ikkje generelt om raudt og kvitt.

(Eg f.eks. kjem straks på Snøkvit og Rosenraud, snø og blod, laken, kvite ark, raude roser i kinna, drap, død, raudne, skam, liljer – her hulter til bulter om begge fargane. Nemn ikkje dette for drømmaren i utgangspunktet! Ikkje invader han med andre sine betydningar!)

Kva er forskjellen på det eine og det andre? Likskap? Korleis er det eine og det andre saman? Likskap innafor det kvite og innafor det raude?

(For meg vart det tanke- og kjenslevekkande at snø, laken, kvite ark og liljer vart knytte saman. Her vart det noko fint og uskyldig og ubrukt – som eg får lyst til å bruke: gå på ski, sova, skrive. Dessutan fekk eg ein tanke om å kvile i skrivinga, eller også lidenskapleg skriving kjem eg nå på. Dei raude assosiasjonane forskrekka meg litt – uff, det er visst ikkje så enkelt, f.eks. ikkje så enkelt å skrive, kva må eg ta livet av? Raudt og kvitt er sterkt og fint saman også.)

Så skjer det noko uventa i drømmen. Det kan skje noko uventa når ein er heilt stille. Alt er ikkje som ein trur. Det kjende kan innehalde noko overraskande. Det kjende kan vera meir samansett enn ein visste om. Noko skjult kan koma fram. Treffer denne kommentaren drømmaren? Eller er eg på villspor?

Korleis reagerer mannen på at denne slangen kjem ut? Kjensler? Godt eller vondt? Kva gjer mannen i drømmen? Kan han fortelja meir om slangen? Kva slags erfaring og førestellingar har han om slangar? Kan han svara fort utan å tenkje seg om på dette: Kva er likskapen mellom ein katt og ein slange? Kva er forskjellen? Han kan godt sjå for seg katten og slangen i drømmen.

(Eg: Kattar og slange er mjuke og levande, dei hører til i naturen, dei kan vera ganske kjappe, men stille også, begge kan drepa. Umiddelbart synest eg at katten er meir heimsleg, at slangen er farlegare. ”Katten er mitt søskenbarn.” Slangen kan forgifte meg – huff.)

Kan samtalen så langt seia han noko om kva denne drømmen handlar om? Kva er det i livet denne mannen har eit roleg, godt og levande forhold til i tillegg til katten? Kan assosiasjonane så langt kaste lys over noko av det?

Dette skjulte i det levande viser seg berre ei kort stund i drømmen, så skjuler det seg att og blir borte. Er det noko som går tapt? Er det ok at katten nå er utan slange? Kvar blir det av denne slangen? Kva gjer han der han nå er? Kanskje mannen kan svara fort på dette… Korleis kjennest denne situasjonen, altså at slangen nå er der han er, eller at mannen ikkje veit kvar han er?

Eventuelt kan han prøve seg på ein dialog med slangen. Du som har vidareformidla denne drømmen, kan også be han tenkje seg at han er slangen, kjenne på korleis det er, og fortelja om det. Du kan jo stille han nokre spørsmål som han kan svara på medan han ”er” slangen. Best å svara fort. Skriv eventuelt kjapt ned. Eller han kan svara på eit ark. F.eks.:

Korleis var det for deg, slange, inni katten?

Kva tenkjer du om katten?

Kva synest du om fargane på katten?

Korleis var det å koma ut?

Kva har du lyst til å gjera nå?

Korleis blir det da?

Kva vil du, slange, fortelja han som har drømt dette?

Er det noko du, slange, kan lære han?

Svara kan bli som ei tekst, som kan lesast i samanheng. Drømmaren eller innsendaren kan lesa det høgt. Korleis er det å lesa eller høre det?

Og så er eg frykteleg nysgjerrig på kva det eventuelt vart ut av dette, og eg kan gjerne kommentere vidare.