Posts Tagged ‘gammal’
oktober 4, 2010
Ei kvinne skriv dette:
Du spør etter dyredraumar, og for eit par netter sidan kom denne draumen til meg:
Eg er på besøk hos ei venninne, ho har 2 hundar og ei datter. Eg får ingen kontakt med venninna mi fordi ho gjev all oppmerksamhet til hundane, dattera hennar kjem og i bakgrunnen. Ho seier at hundane er hennar beste vennar, og ho har ikkje plass til meir i livet sitt. Det vert tydleg for meg at ho har valt hundane og har ikkje plass til meg, så eg kan ikkje ha ho til venn lenger, ho har ikkje plass.
I same draumen møter eg og ei anna venninne som ser på alt som verdifullt, ho tar nokon gamle utbrukte gaflar og bøyer dei så får dei eit nytt bruksområde, eit oppheng for klær. Her opplever eg at alt er mulig og alle har lik verdi, ein god optimistisk følelse.
Mens i hundesekvensen kjennner eg at eg er avvist, ikkje plass til meg. Trist å oppdaga dette, kjenner og på tristhet i forhold til dattera som står heilt i bakgrunnen.
(Avsnittinndelinga er mi.)
«Eg» i denne drømmen har god kontakt med kjenslene sine, og drømmaren ser tydeleg kontrasten mellom dei to måtane å relatere seg på, og veit korleis ho synest det er best. Det handlar om å avvise og bli avvist, om å rangere og å sjå verdiar. Vi ser relasjonar mellom kvinner: venninner, mor-dotter.
Er det så meir å oppdage i denne drømmen eller gjennom denne drømmen? Kanskje det. Men det er ikkje opp i dagen. Eg spør drømmaren:
Kunne du tenkje deg å gå inn att i denne drømmen, altså førestelle deg at du er der att med venninna og hundane og dottera. Så kunne du spørja venninna kva det er med desse hundane som gjer at dei er dei beste vennene hennar. Du kan eventuelt gjera det på den måten at du byter rolle med henne og svarar på spørsmålet. Du kan gjerne flyteskrive med utgangspunkt i dette.
Kan svaret vera opplysande? Har hundar eigenskapar som du kunne tenkje deg å ha noko av (som venninne, mor, dotter)? Treng du at andre (venninne, mor, dotter) har slike eigenskapar? Eller er det tvert imot?
Du kan også gå inn i drømmen på ein annan måte: Kva kan du tenkje deg å seia til denne venninna? Om du er dottera, kva vil du seia til mora da? Korleis ville det vera om ho med hundane og ho med gaflane møtest? Kva slags samtale kunne utspela seg?
Har du lyst til å prøve noko av dette? Andre kan også prøve! Rapporter gjerne til bloggen!
Med vennleg helsing frå ei som aldri har hatt hund, men den hunden ho lånte og gjekk tur med ein periode, hadde sanneleg visse eigenskapar som ho likte godt!
Stikkord:avvise, bakgrunn, blogg, bruk, dotter, drømme-ego, dyr, dyredrøm, eigenskapar, flyteskriving, gaffel, gammal, hund, kjensle, klede, kontakt, kontrast, kvinne, livet, møte, mor, muleg, oppdage, optimistisk, plass, rangere, rapportere, relasjon, rolle, samtale, spørsmål, svar, trist, utbrukt, venn, venninne, verdi, verdifull
Posta under "Hund er best", 2 INVITASJON TIL LESAREN, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
september 27, 2010
I natt var det ein bjørn i barndomsheimen min:
Ein bjørn går utan vidare roleg omkring i stua, på kjøkkenet, i spiskammerset. Han ser litt smalare ut enn eg trudde ein bjørn skulle vera, og han er nokså lys, nærmast kvit og litt grå. Eg er litt usikker på om han er farleg, men eg trur i grunnen ikkje det. Eg klemmer han endatil rundt snuten. Blir han terga nå? tenkjer eg. Går han til angrep? Men det gjer han ikkje.
Hei bjørn, velkomen! Kva kan vi få til nå, når du er med? Roleg og sterk, og kanskje litt farleg, dette liker eg! Det har vori lite av ville dyr i drømmane mine.
Denne gongen slår eg opp i Medicine Cards av Jamie Sams & David Carson, St. Martin Press, New York 1999, og eg finn bl.a. dette om bjørnen:
«Bear seeks honey, or the sweetness of truth, within the hollow of an old tree. In the winter, when the Ice Queen reigns and the face of death is upon the Earth, Bear enters the womb-cave to hibernate, to digest the year’s experience. […] To accomplish the goals and dreams that we carry, the art of introspection is necessary.»
«In choosing Bear, the power of knowing has invited you to enter the silence and become acquainted with the Dream Lodge, so that your goals may become concrete realities. This is the strength of Bear.»
«The time has come to regain your authority, for no one knows better than yourself what is proper and timely for your evolution.»
Og så er det enda mye meir til å bli modig og glad av! Har du ein bjørnedrøm, så les i denne boka! I boka kan du lesa om 52 dyr. Boka hører saman med ein dyrekortstokk som du kan trekke kort frå. Dersom du vil ha noko i tillegg til eller saman med drømmestoff, så føreslår eg Medicine Cards. (Boka må sannsynlegvis bestillast frå bokhandelen – iallfall var det slik ved det siste forsøket mitt.)
Akkurat i dag var det fint at denne bjørnen dukka opp. Kanskje fortel eg kvifor. Seinare.
Er det andre som har drømt om bjørn? Det vil eg gjerne høre om.
Stikkord:angrep, ansikt, autoritet, år, barndom, barndomsheim, bjørn, bjørnedrøm, bok, bokhandel, død, drømmestoff, dronning, dvale, dyr, dyrekortstokk, erfaring, farleg, fordøye, fullføre, gammal, gjenvinne, glad, glede, grå, heim, hi, hole, honning, hus, introspeksjon, invitere, is, isdronning, jorda, kjøkken, klemme, konkret, kort, kortstokk, kraft, kunnskap, like, lys, mål, Medicine Cards, modig, realitet, regjeree, roler, sanning, søt, smal, snute, spiskammers, sterk, stillheit, stue, styrke, terge, tid, tre, usikker, utvikling, velkomen, veta, vill, vinter
Posta under "Bjørn i huset", 1 GENERELT OM DRØM, 2 INVITASJON TIL LESAREN, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »
september 7, 2010
Nå ser eg at Kristin Fridtun skriv om drøm også i siste nummeret av Dag og Tid. Eg klipper litt frå bloggen hennar: «Fridtun teiknar og fortel»: http://www.fridtun.blogspot.com/ :
«Det er ikkje alle som les Dag og Tid (kvifor gjer dei ikkje det?), men hug er eit ord som alle bør kjenna til og vita litt um. Difor klistrar eg inn stykket mitt her, og vonar de hev hug(!) til å lesa.
Eit ord for alt
Kan eit ord på tre bokstavar femna om alt du er?
Det stutte og smålåtne ordet hug ser tvers igjennom deg. Støtt ligg det og vaker over deg, støtt er det butt til å skildra deg frå ende til annan, frå ytst til inst. Det er noko dimt og dragande over heile ordet: Hug.
[…]
No tenkjer du kan henda at hug er eit fint og klangfullt ord, litt svevande og gamalvore, det passar fint i dikt. Helst i gamle dikt, som hjå Aasen og Vinje, eller Vesaas og slike. Det er ikkje so underleg at me tenkjer slik, for dette vesle ordet er snautt i bruk i dag. Hug er umoderne, og litt rart. For kva er ein hug? Kvifor treng me dette ordet?
Eg skal vedgå at dei gamle skreiv godt om hugen, og Ivar Aasen best av alle. I visa ”Hugen”, frå samlinga Symra, set han hugen i hop med draum og straum. Der trur eg hugen likar seg godt. Om du synest strofa nedanfor vert treig og seig å lesa, kan du freista syngja henne til tonen ”Kjerringa med staven”:
Hugen fer som Draumen
att og fram i Straumen.
Fram i Vegen vist eg ventar meg ein Skatt;
naar eg kjemer der, so er han burte radt.
Hugen fer so vida.
Det er sant: Hugen er gåtefull og uhandgripeleg som draumen, og han er støtt i rørsle, som i ein straum. Hugen fer so vida. Ramnen Huginn fer òg vida.»
Ettersom hug og drøm i den grad blir samanstilte av Aasen og av Fridtun, kan eg ikkje stå imot; eg manipulerer med teksta over:
Drømmen ser tvers igjennom deg. Støtt ligg han og vaker over deg, støtt er han budd til å skildre deg frå ende til annan, frå ytst til inst. Det er noko dimt og dragande over drømmen.
Og så: Les heile Fridtuns tekst!
Stikkord:alt, Dag og Tid, dim, dragande, drøm, du, eg, gammal, gåte, hug, Hugin, Ivar Aasen, kjerring, moderne, ord, ramn, rar, rørsle, seig, skatt, stav, strøm, stutt, synge, tone, treig, tvers, umoderne, vake, veg, Vesaas, Vinje
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 3 OM DIKT, 6 TEKST OG SPRÅK | Leave a Comment »
september 7, 2010
Ja, eg liker den gamle drømmesyntaksen, måten å ordne orda på når ein seier noe om drøm: «meg drøymer».
Når eg tenkjer meg om, liker eg både den gamle og den nye.
Den gamle måten får fram at det hender noe med meg, at eg kan (og må) ta imot, at noe kjem til meg som ei gåve, ein nåde, ei nødvendig utfordring, at det er ikkje alt eg kan rå over, at det er krefter i meg som eg ikkje kan styre og rå over, riket er ditt.
Med den nye måten – «eg drømmer» – kastar egoet seg fram og handlar. Trur det moderne mennesket at det skaper alt og kan rå over alt? Riket er mitt? Ikkje akkurat audmjukt det. Men er det likevel litt sant?
Eg kan ta imot drømmen min og ta ansvar for han og gjera han til min og finne ut av han og laga noe av han, for eksempel gjera han om til tekst eller la tekster springe ut av han (der vart sanneleg eg-subjektet litt borte att!). Eg kan legge meg om kvelden og innstille meg på å drømme i forhold til eit bestemt tema som eg er opptatt av. Eg kan innstille meg på å vera opptatt av drøm og dermed begynne å hugse drømmar og ta vare på dei og kanskje også drømme meir. Riket er sanneleg mitt. Takk for alt som jeg har fått.
Kva var det som drømte meg i natt? Eg kan ikkje koma på det. Hei drøm, kom attende, så kan eg koma i snakk med deg med meg!
Stikkord:audmjuk, dialog, drømmesyntaks, eg, Fadervår, gammal, gåve, handle, handling, hende, hugse, menneske, moderne, natt, nåde, ny, ord, rå, rike, skape, styre, subjekt, syntaks, tekst
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 6 TEKST OG SPRÅK | Leave a Comment »
september 7, 2010
Kristin fridtun kommenterer:
«Ja, dette var morosamt! Det er kje ofte stubbane mine vert til blogginnlegg – ikkje som eg veit om, i minsto.
Det er gildt når gamleorda våre fortel og liksom gjev oss innsyn i eitkvart som er løynt for oss. Og jamvel om det støtt må verta fleire spørsmål enn svar, er det mon i å undra seg. Sant å seia synest eg “meg drøymer” er ei meir audmjuk og undrande og open form enn “eg drøymer”. “Eg” er mest som so fastsett og avstengd. Kva tykkjer du?
Vensamt
Kristin»
Stikkord:audmjuk, blogg, Dag og Tid, eg, fast, form, gamleord, gammal, løynt, open, ord, spørsmål, stenge, stubb, svar, undre
Posta under 1 GENERELT OM DRØM, 6 TEKST OG SPRÅK | 1 Comment »
august 31, 2010
«2rvund Etter draumen der den gamle poeten sagde sundt bordet i huset me hadde leigd av elektrikaren nede ved elva, vakna eg og las vakre dikt.»
Kom det dikt ut av bordbitane, monn tru?
Stikkord:bit, bord, dikt, elektrikar, elv, gammal, Helge Torvund, hus, leige, lesa, poet, saga, twitter, vakker, vakne
Posta under "Gammal poet", 3 OM DIKT, 7 DRØMMAR | Leave a Comment »