Posts Tagged ‘fri’

Men eg hadde gløymt kven eg var

oktober 23, 2010

Det vart så eg tok fart frå ein av dei små tekstdelane til kvinna med den sprell levande sauen (sjå innlegget rett nedafor her). For når tekstdelane stod slik med luft omkring, vart dei som eigne små tekster med stor evne til å dytte:

Men eg hadde gløymt kven eg var. Kven var eg? Eg var ei lita jente som hoppa omkring på berre flekker om våren og ropte at nå er det såmmårn. Det var utafor kjellardøra, og det var sol, og eg hugsar det slett ikkje, men det er fortalt at slik var det, og da var det slik, og eg ser det for meg. Var eg slik? Og finn ho ein tuvetopp fri for snjo… Lerka og eg. Vi forstår oss på det gode som er i emning. Vi trur på det vi ser og at det skal gå rette vegen. Tillitsfulle er vi. Hei vesle jente som hoppar på den vesle mjuke flekken utan snø! Hugs når du blir stor, at slik er det laga! Det går sin gang. Og du treng ikkje ordne med at snøen skal bli smelta. Smeltinga skjer av seg sjølv – eller av noko(n) som ikkje er du. Og om hausten dalar det kvitt og stille frå himmelen og kvitt møter gult på bakken. Det er også såre godt. Endeleg kjem snøen til den vesle jenta og kjelken hennar, og ho kan laga snømann og gå på ski og skli på ei papplate nedover bakken og ha god og varm heimestrikka brun ullbukse på seg. Sjå på meg! seier den vesle jenta. OK, nå ser eg på deg. Eg ser på meg og hugsar kven eg var, og der er ho sanneleg, og ein eller annan stad er vel kjelken også, i alle fall har ho ski, og eg trur ikkje at jorda går under i år heller. Tvert imot, jorda held seg til sola og går rundt og rundt, og jenta sitt , huj, som det går, haust,  vinter og vår.

Ok at eg bruker teksta di på denne måten, kvinne? Kanskje du sjølv eller andre også får lyst til å ta seg ut eit springbrett og gjera eit hopp? Åtvaring: Det er ikkje godt å veta kvar du landar!

Ansiktet ditt søker eg

oktober 17, 2010

Ludmila Pawlowska: utsnitt av bilde i Sagene kirke, 10.10.10 Foto: Tordis Irene Fosse

Kva kan vera tittelen på dette bildet? Prøv deg fram! Spring til Sagene kirke og sjå etter!

Saka er at eg har ikkje svaret, for eg har rota med papira mine. Men eg skal sykle ned til Sagene kirke og sjå etter, det lovar eg. Der er det så lagleg ein orgelkonsert i kveld. Så ein kan få mye på ein gong.

Eg tok altså mange bilde sist søndag. Nei, eg tok dei ikkje. Eg fotograferte dei.

Utan tittel kan eg fabulere fritt. Pawlowska har mye med ansikt, med auge, å sjå, innsikt, å lytte til hjertet, stillheit, vera saman, søke.

Ofte kan ein ane skrift i bilda, men skrifta er knapt nok lesande. Har skrifta komi der på eit tidleg stadium i prosessen? spør eg henne. Er skrifta på ein måte underliggande? Ja, slik er det, seier Pawlowska.

I eit bilde kan ein skimte ord til mamma, som døydde brått for 14 år sidan.

Eg liker dette bildet over. Kan det vera «I tystnaden kan man lyssna till sitt hjärta»? Den tittelen liker eg. Det er fint når det er stille. Kan ein høre når det er stille? Kva hører ein når det er stille? Når ein lyder ordentleg etter? Høre utover og innover… Når ingenting kjem utafrå, da kan ein høre det som kjem innafrå. Å ta imot drømmane sine er å lyde innover. Kjem drømmane frå hjertet?

Det er nok ikkje den tittelen. Eg tok han frå lista over utstillingsbilda, men er det den? Det kan vera augo som ser like mye innover som utover. Men det kan også vera «Søkandet». Eller «Att bli sedd för att kunna se». Nei, det var visst eit raudt bilde.

Panikkdrøm med hundehår

oktober 2, 2010

Så kom det ein drøm med eit dyr i, frå ei kvinne i Sverige:

Häromnatten drömde jag att jag blev infångad med lasso och instoppad i underslafen i en trång våningsäng tillsammans med min svärmors hund.

Eg spør henne om ho liker hundar. Og korleis har ho det i denne drømmen?

Jag gillar hundar men gillar inte hundhår. Jag gillade inte denna dröm eftersom jag satt fast i lassot och det var trångt och jag fick hundhår överallt. Jag får panik när det är trångt.

Det ser ut til at det handlar om å vera fanga, altså vera ufri (?), ikkje ha nok rom rundt seg, og at noko eller nokon er altfor tett innpå. Kan dette stemme med noko i livet hennar? Korleis blir det når noko(n) er for tett innpå?

Eg kan tenkje meg å spørja kvinna: Kva får du lyst til å gjera og seia når du ligg der bunden i senga, og det er veldig trongt, og hunden er altfor tett innpå, og du har hundehår over alt?

Kva gjer ”jag” (drømme-ego) i denne drømmen? Det seier ikkje drømmeforteljinga noko om. Gjer ho noko i det heile tatt? Kva slags holdning eller syn på livet ligg bak det ho gjer eller ikkje gjer? Hei kvinne, er det noko du skulle prøve å forandre på? Korleis kunne du handle i drømmen? Det er diverse mulegheiter, er det ikkje? Du har tre stadium å tenkje annleis om her: innfanginga, innstappinga, å vera i senga med hunden. Kva kunne du finne på?

Kan desse alternative måtane å handle på vera overførbare til det ytre livet? Ikkje veit eg, for eg veit jo ingenting om denne kvinna.

Kvinna fortel drømmen i passiv. Veit ho kven som fangar ho osv? Eventuelt eit vagt bilde av ein type figur? Forslag til henne: Du kan bestemme deg for å svara fort og ikkje gjennmtenkt på kven denne personen er (eller er det fleire?). Er det noko som overraskar deg her? Uttrykker det noko om forholdet til denne personen? Eller kan det vera meir symbolsk og handle om ei side ved deg sjølv?

Kan du bruke den alternative måten å handle på i forhold til denne personen eller denne sida ved deg sjølv?

Kva tenkjer du om dette? Fortel gjerne korleis det går, om du prøver noko av det!

Kva gjer «eg» i drømmen?

mai 31, 2010

Det kan lønne seg å rette eit granskande blikk mot drømme-ego: Korleis handlar han i drømmen? Kva slags holdning til livet kan det vitne om? Er det ein konstruktive handlemåte? Korleis handlar han ikkje? Kunne ein tenkt seg ein alternativ handlemåte med basis i ei anna holdning?

Det nyaste eksemplet vårt er oversiktleg:

Drømme-ego klatrar. Han klatrar mot eit tak der det er lyst og fritt. Han klatrar i ein stige. Han klatrar med hanskar og kjepp. Han blir hindra av hanskane og kjeppen. Han vurderer å snu. Han blir hindra av at det er mange folk der. Han gir opp håpet.

Kva er dette? Det ser ut til at han har eit godt prosjekt for seg. Han er på veg til ein tilstand som er betre. Han har funni ein måte å koma dit på. Han er i gang. Dette er målretta og handlekraftig, tenkjer eg. (Men ideelt sett, skulle eg jo tenkt saman med han som har drømt. Eller han skulle tenkt.)  

Det som ikkje ser formålstenleg ut, er å bruke hanskar og kjepp i stigen. Og her kunne han ha fortalt oss noe om kva som er godt med hanskane og kjeppen. Han har sikkert sine gode grunnar for å ha dei med. Samtidig ser han at dei hindrar han i å koma dit han vil. Vi merkar at ei anna holdning enn handlekraft kjem fram: Nå er det ikkje lenger drvkraft framover; nå gir han opp håpet.

Vi kunne dertil sett på det som hindrar han i å røre seg i andre retninga. Kva er det som gjer at han ikkje kan gå attende når det er folk der?

Kva kunne vera  alternative holdningar, og alternative handlingar, som spring ut ifrå slike alternative holdningar? kunne han spørja seg. Eller han kunne tenkje i andre rekkefølgja: Enn om eg tenkte meg ein annan handlemåte her? Korleis ville det vera for meg? Kva slags innstilling til livet rører det ved? Korleis måtte eg tenkje om meg sjølv og om andre og om livet da?

Kva gjer «eg» i drømmen? Kva gjer ikkje «eg» i drømmen?

Eg har prøvd å skubbe drømme-ego litt i ei alternativ lei. Så får vi sjå om det skjer noe der på stigen borti Sverige.

Eg kjem på at Tussi, venn av Ole Brumm, har sagt at eg skal ikkje dytte. Uff, har eg vorti Tigergutt nå, som er uforsiktig og dyttar folk uti elver? (Men det gjekk jo bra med Tussi.)

(Sjå elles Strephon Kaplan-Williams: Dreamworking, Journey Press, Oslo og San Francisco, 1991, kapittel 5: «Following The Dream Ego – Learning About The You In Your Dreams», s. 135-190.)

“Men den kvite elefanten kunne eg ikkje klappa”

mai 13, 2010

Så kom meldinga frå  ho som hadde elefantdrømmen. Ho skriv:

«Eg forbind ein elefant med eit kraftdyr, eit stødigt trygt dyr. men elefantar skal ikkje vera plassert i båsar. dei er frie dyr som skal gå i naturen. Eg har vore i nærkontakt med frie elefantar, dei går ”innunder huden” på meg, fantastiske dyr. stødige gode dyr. men dei skal ikkje tergast for då vert dei sinte og ein er ikkje lenger trygg på kva dei kan finna på.
Tilbake til draumen: det stod ein og ein elefant i båsen, eg ser ikkje noko omgivelsar for meg. eg forstår ikkje kva dei gjorde der. eg stod bak dei og strauk dei lett på baken. det var naturleg elefantfarge på dei, gråbrun. men den kvite elefanten kunne eg ikkje klappa på baken. den vart sint, uroleg og tydeleg at den ikkje ville vera i ein bås, trur det var for trangt for den der. nokon triggar det som er naturleg for ein elefant. og eg kjende at her er det farleg å vera. denne elefanten er utrygg.»

Ja, da veit vi meir om elefantuniverset til denne kvinna. Her har vi på den eine sida noe som er kraftig, stødig, trygt, fritt, naturleg, fantastisk, godt. På den andre sida har vi å vera i bås, at det er trongt. Mellom desse veremåtane blir det klar konflikt. Når det frie, naturlege, sterke blir hindra, fører det til uro, utryggheit og sinne. Det er ikkje lite sinne heller.

Konflikten er så sterk at det er farleg, livstrugande (kan bli trampa i hel!). Lett klapping på baken monnar ikkje her, snarare tvert imot! Vennleg og neddempande åtferd fungerer ikkje! Her skal det nok noe anna til! Og det ser ut til å vera heilt nødvendig. Varslar drømmen om at det er fare på ferde?

Det er jo enda ein kontrast i denne drømmen: mellom dei vanlege gråbrune og den som skil seg ut, mellom dei mange og den eine, mellom dei som er rolege i båsane sine, og den som ikkje vil vera i bås.  Slik sett får vi demonstrert to måtar å forhalde seg til det tronge og unaturlege på.  

Ikkje veit eg om kvinna kjenner att desse konfliktane frå livet sitt, men det er ikkje utenkjeleg. Iallfall har ho frie elefantar innunder huda; det er litt av ein ressurs!  Kanskje treng ho av og til å hente styrke hos den sinte kvite elefanten sin?