Posts Tagged ‘framgangsmåte’

Grønt sjølvportrett

september 30, 2010

Ei kvinne fortel denne drømmen:

Eg er i eit atelier-fellesskap og ser tilbake på eit portrett eg har måla av meg sjølv. Eg er overraska over at det liknar og er godt måla. Men over munnpartiet har eg måla over med gjennomskinleg grønfarge.

Om denne drømmen har eg to ting å seia:

Det eine er at eg veit ikkje kva dette «betyr». Eg veit ikkje kva drømmen uttrykker om denne kvinna, korleis ho er, korleis ho har det, korleis ho ser seg sjølv, korleis ho behandlar seg sjølv. Eg veit ikkje kva munn mest er for henne, eg veit ikkje korleis ho har det med grønt. Eg veit ikkje kva ho skal gjera.

Det andre eg har å seia, er at dette er ein veldig enkel drøm. Det er ingen grunn til å setta seg ned og «tyde» drømmen. Det enkle og likeframme er at drømmen gir framgangsmåten sjølv!

Mitt forslag til kvinna er: Lag eit portrett av deg sjølv. Mål over munnpartiet med gjennomskinleg grønt. Kjenn på korleis du har det med bildet før du begynner å måle over med grønt. Legg merke til korleis du har det undervegs. Korleis er det etterpå når du ser på resultatet? Du kan eventuelt flyteskrive rundt dette. Du kan også laga ei snakkeboble: Kva seier denne kvinna (utan og med grønfargen)?

Dei som ikkje har drømt denne drømmen, kan jo også prøve. 

Rapportar, tekster og bilde er velkomne til bloggen!

Flyteskriving – og så?

juni 10, 2010

Eit neste steg kan vera å lesa gjennom og kjenne etter kvar det er noe som berører på eitt eller anna vis. Eg fann noe eg likte i den fiolett-blomstrete skrivinga:

«Det skal ikkje alltid vera vinter. Av og til skal det vera blomstrete, eller eigentleg ganske ofte.»

Så såg eg på det. Det ligg krav i denne teksta: Det skal ikkje vera slik, men slik. Vel, det er jo meir moderat, ser eg nå: Det kan vera både slik og slik! Men så kom eg på at kravet er innfridd. Det er faktisk slik ordninga er. Og da formulerte eg det om til å handle om korleis det er:

«Det er ikkje alltid vinter. Av og til er det blomstrete, eller eigentleg ganske ofte.»

Dette er da ei optimistisk tekst, er det ikkje? Det stig og stig! Frå ingenting til ganske ofte. For dette som aukar på, opplever eg som noe fint og fargerikt og levande. Og eg ser det enda for meg i vegkanten. Det er fint der ein ferdest. Hm. Sanneleg har blomane i løpet av skrivinga og seks minutt komi ut av veggen og vorti tredimensjonale og levande! Og når eg snur blikket frå teksta og PC’en og ut av vindauget, ser eg at sola skin på lauvet, og eg veit at sykkelen står der ute.

Framgangsmåte:

Eg gjekk frå ein kontrast i ein drøm til flyteskriving til gjennomlesing til utplukking av tekstdel til inntak av tekstdelen til justering av den vesle teksta til å kjenne på denne teksta til å gå frå teksta til det ytre livet her og nå og sannsynlegvis til handling.