Nå har sida sovi lenge. Er ho ei som går i hi om sommaren? Blir det drømmar av denne slumringa? Førnatta drøymde eg den gamle drømmen om at eg ikkje kunne finne skorne mine da eg skulle ut. Og så hadde eg feil skor – to gonger – eit par som var for svarte og stive og eit par lyse blomstrete barneskor. Til slutt fann eg ut at det gjekk fint an å gå ut i væta i sokkelesten og kjenne mosen opp mot foten. Ok? Her er eg.
Posts Tagged ‘fot’
Boka eg kom på
august 25, 2010Før eg visste ordet av det, gjorde eg det som eg bad bokdrømmaren gjera: Eg såg for meg ei bok. Det var Koste-Kari av Astrid Lindgren, ei bok med forteljingar, som faktisk var den første boka eg las heilt på eiga hand. Og eg kom på tittelforteljinga, den om vesle sju år gamle Kari som er rask og modig og pågangsrik og går inn i rolla som torgkone da bestemora uventa og svært ubeleilig bryt av foten like før jul.
Jaha, kva slags melding er dette til meg? Eg må smile. Eg kan faktisk behøve ei melding om at eg kan få til ting når det trengst, at eg kan gå inn i nye roller, at det berre er å kaste seg ut i det! Nå vart eg skikkeleg oppkvikka!
Denne framgangsmåten likte eg! Takk, mann, for denne drømmen! Og kjære lesarar, prøv sjølve! Meld gjerne resultatet til meg og bloggen!