Eg har føre meg drømmar frå ei kvinne som formulerer sterkt og tydeleg kva ho strever med i livet nå (sjå førre innlegget). Eg kan ordne og oppsummere det slik:
- Ho synest ikkje ho kan noe av det ho gjer.
- Ho vil vera ein god leiar.
- Ho treng å fordele ansvar på fleire.
- Det er for mye for henne.
- Det er uoversiktleg.
- Ho tek på seg for mange oppgåver.
- Ho har ikkje lyst til å snakke med folk.
- Ho kjenner seg negativ.
- Ho er utsliten.
- Ho kjenner behov for å flykte frå problema.
Eg vil tru at dette er til å kjenne att for andre, heilt eller delvis?
Eg ser at ho er ei som bruker å ta ansvar, og det ser ut til at livet er uoversiktleg for henne, ho tek på seg for mange oppgåver, ho er utsliten. Da er det kanskje ein god ting å få ta imot ordnande hjelp? Ho kan få lov å gi meg ansvar! Ho treng sannsynlegvis at det kjem noe enkelt og oversiktleg ut av drømmestoffet.
Ein enkel ting å gjera, er å sjå på handlingane som ”eg” i drømmane gjer. Og det kan gjerast enda meir avgrensa: sjå på kva ”eg” kan og får til. Dessutan kan drømmane refererast i litt forkorta form. Overskrifter er også ein ordnande faktor.
Nå gjer eg dette for henne, sjølv om det hadde vorti annleis med innspel frå henne heile vegen.