Posts Tagged ‘fiksjon’

Siri Hustvedt om fiksjon og drøm

januar 19, 2011

Fiksjon er temmeleg likt drøm, seier den norskætta forfattaren frå Minnesota i eit intervju i «Bok i P2» torsdag 20. januar kl. 17.03. Intervjuet ligg også ute på Internett: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/litteratur/1.7469458. Hustvedt har norsk mor (frå Mandal) og norsk farfar og svært nært forhold til norsk språk og kultur. Ho har doktorgrad i litteratur og har gitt ut fire romanar, dessutan essay og dikt. Ho bur nå i New York.

Det eg ønskjer i arbeidet mitt, er ei emosjonell sanning, sjølv om handlingane til personane er fullstendig er fiktive. På den måten er det som å drømme, seier Hustvedt.

Siri Hustvedt har prøvd skriving med psykiatriske pasientar. Å skrive fikserer tankane; det er ikkje som å snakke, der tankane fordampar i luft, seier ho.

I mai er ho invitert av Freud Foundation til å halde det årlege Freud-føredraget i Wien. Ho kjem til å ta for seg sambandet mellom narrativ kunst og drøm, og ho poengterer det ubevisste i skapingsprosessen.

Hobbels liker drømmen:

januar 10, 2011

Inger Merete Hobbels @inger_merete Inger Merete Hobbels

@erlendloe Stranger than fiction! Men jeg er godt fornøyd med underbevisstheten din. Du kunne drømt meg inn på Burger King.

7 hours ago via web   (på Twitter)

”Det har ikke hendt! Jeg sover!”

mai 26, 2010

«Da ropte jeg sanseløs av skrekk:

Det har ikke hendt! Jeg sover!»

Slik sluttar eit dikt av Inger Hagerup. Det står i diktsamlinga Drømmeboken frå 1955 i ei avdeling på sju dikt med same namnet, og eg har i alle år unngått å legge merke til at fleire av dikta temmeleg tydeleg hentar stoff og struktur frå drømmar! Det er ganske underleg at ei bok kan stå der i hylla år etter år og ha ein tittel som ein ikkje tek ordentleg innover seg. Vel, ser eg tittelen. Hei bok!

Inger Hagerup skal slett ikkje skuldast for å avvise drøm som usant og uviktig, som ”det har ikke hendt”. Ho hever nettopp drøm opp i lyset ved å la drømmar bli tekst og koma på boksider, koma ut til fellesskapen, ut til oss andre som sitt her meir eller mindre vakne midt inni ymse liv. Ho legg drømmen ut i det ytre. Fiksjon? Ja vel, men også her ute.

Det har ikkje hendt. Det hender og det hender. Det står der og står der. I 1955 og i 2010.