Posts Tagged ‘endeleg’

Men eg hadde gløymt kven eg var

oktober 23, 2010

Det vart så eg tok fart frå ein av dei små tekstdelane til kvinna med den sprell levande sauen (sjå innlegget rett nedafor her). For når tekstdelane stod slik med luft omkring, vart dei som eigne små tekster med stor evne til å dytte:

Men eg hadde gløymt kven eg var. Kven var eg? Eg var ei lita jente som hoppa omkring på berre flekker om våren og ropte at nå er det såmmårn. Det var utafor kjellardøra, og det var sol, og eg hugsar det slett ikkje, men det er fortalt at slik var det, og da var det slik, og eg ser det for meg. Var eg slik? Og finn ho ein tuvetopp fri for snjo… Lerka og eg. Vi forstår oss på det gode som er i emning. Vi trur på det vi ser og at det skal gå rette vegen. Tillitsfulle er vi. Hei vesle jente som hoppar på den vesle mjuke flekken utan snø! Hugs når du blir stor, at slik er det laga! Det går sin gang. Og du treng ikkje ordne med at snøen skal bli smelta. Smeltinga skjer av seg sjølv – eller av noko(n) som ikkje er du. Og om hausten dalar det kvitt og stille frå himmelen og kvitt møter gult på bakken. Det er også såre godt. Endeleg kjem snøen til den vesle jenta og kjelken hennar, og ho kan laga snømann og gå på ski og skli på ei papplate nedover bakken og ha god og varm heimestrikka brun ullbukse på seg. Sjå på meg! seier den vesle jenta. OK, nå ser eg på deg. Eg ser på meg og hugsar kven eg var, og der er ho sanneleg, og ein eller annan stad er vel kjelken også, i alle fall har ho ski, og eg trur ikkje at jorda går under i år heller. Tvert imot, jorda held seg til sola og går rundt og rundt, og jenta sitt , huj, som det går, haust,  vinter og vår.

Ok at eg bruker teksta di på denne måten, kvinne? Kanskje du sjølv eller andre også får lyst til å ta seg ut eit springbrett og gjera eit hopp? Åtvaring: Det er ikkje godt å veta kvar du landar!