Posts Tagged ‘einsfarga’

Fiolett-blomstrete flyteskriving

juni 10, 2010

Eg bestemmer meg for å koma eit hakk vidare med drømmen min (sjå 6. juni) og sett eggeklokka på seks minutt og skriv i veg på PC’en og bråstoppar når det ringer ut. Det vart slik: 

Ho veit forskjellen på kvitt og svart, men har aldri tenkt over forskjellen på kvitt og mildt fiolett-blomstrete, enda forskjellen er veldig stor. Ho liker betre ein kvit himmel, eller forresten, mønstrete himmel er da veldig fint, og korleis ville det vera om vegkantane var kvite? Jau, da ville det vera vinter. Men det skal ikkje alltid vera vinter. Av og til skal det vera blomstrete, eller eigentleg ganske ofte. Ho er ikkje blomstrete, ho er veldig einsfarga, men heller svart enn kvit, men når ho ser ordentleg etter, er det tre diskrete blomar på T-skjorta hennar i dag. Heile tida ser ho for seg dette fiolett-blomstrete, og så i det rommet for lenge lenge sidan! Det går da ikkje an å forandre på rom som var der den gongen. Rart å veta at rommet er der enda og at noen bur der, og er veggene kvite nå? Det veit ho ikkje. Akkurat fiolett-blomstrete er dei neppe, men nå er dei altså det inni hovudet hennar eller inni kroppen. Det blir så mye ”eller”. Tinga legg seg utapå kvarandre. Ho hadde faktisk ein gong ein tunika som var omtrent slik fiolett-blomstrete, så heilt fremmendt er det ikkje. Var det ein god periode? Tja.