Posts Tagged ‘dverg’

Erotiske undertonar?

september 6, 2010

Ein mann har ein kommentar til den bittevesle teksta «Natta spinn, seier dvergen»:

«Det er ikke fritt for at det ligger erotiske undertoner her, men det er jo noe som ofte ligger under i drømmer, enten man vil se det eller ikke.»

Dessutan ser ein det ein vil sjå! Ja da, mange slags tonar ligg under og over og rundt omkring! Kumbel har eit gruk, som eg ikkje greier å finne att akkurat nå. Det handlar om at det meste er erotisk, for enten er det konkavt eller konvekst! Han gjer nok litt narr der, men det går an å meine at det er ein erotisk dimensjon i det meste. «Natt», «naken» og «lyst» legg jo opp til det… Samtidig er det andre (eller tilgrensande) dimensjonar i spel også, er det ikkje? Sorg, glede, fantasi, variasjon, inderlegheit for eksempel?

Natta spinn, seier dvergen

september 6, 2010

Natta spinn det blir oppspinn og nedspinn til mørkret i nød og lyst og naken kvinne lærer ho hespar og tvinnar og det er håp

Kva er ei natt?

september 6, 2010

I «Allvismål» stiller guden Tor mange spørsmål. Den som svarar, er Allvis, dvergen som bur under jord og stein. Spesielt vil Tor veta kva ymse fenomen heiter i dei ymse verdene: blant menneske, gudar, vaner, jotnar, alvar og dvergar. Slik får vi ulike blikk på jord, himmel, måne, sol, skyer, vind, natt osv.

Kva er ei natt – mørker, maske, søvnglede, ein drømmespinnar? Sjå norrøn original og omsettingar: http://www.heimskringla.no/wiki/Allvism%C3%A5l