Posts Tagged ‘dim’

Hugen fer som draumen

september 7, 2010

Nå ser eg at Kristin Fridtun skriv om drøm også i siste nummeret av Dag og Tid. Eg klipper litt frå bloggen hennar: «Fridtun teiknar og fortel»: http://www.fridtun.blogspot.com/ :

«Det er ikkje alle som les Dag og Tid (kvifor gjer dei ikkje det?), men hug er eit ord som alle bør kjenna til og vita litt um. Difor klistrar eg inn stykket mitt her, og vonar de hev hug(!) til å lesa.

 Eit ord for alt

Kan eit ord på tre bokstavar femna om alt du er?

Det stutte og smålåtne ordet hug ser tvers igjennom deg. Støtt ligg det og vaker over deg, støtt er det butt til å skildra deg frå ende til annan, frå ytst til inst. Det er noko dimt og dragande over heile ordet: Hug.

[…]

No tenkjer du kan henda at hug er eit fint og klangfullt ord, litt svevande og gamalvore, det passar fint i dikt. Helst i gamle dikt, som hjå Aasen og Vinje, eller Vesaas og slike. Det er ikkje so underleg at me tenkjer slik, for dette vesle ordet er snautt i bruk i dag. Hug er umoderne, og litt rart. For kva er ein hug? Kvifor treng me dette ordet?

Eg skal vedgå at dei gamle skreiv godt om hugen, og Ivar Aasen best av alle. I visa ”Hugen”, frå samlinga Symra, set han hugen i hop med draum og straum. Der trur eg hugen likar seg godt. Om du synest strofa nedanfor vert treig og seig å lesa, kan du freista syngja henne til tonen ”Kjerringa med staven”:

Hugen fer som Draumen
att og fram i Straumen.
Fram i Vegen vist eg ventar meg ein Skatt;
naar eg kjemer der, so er han burte radt.
Hugen fer so vida.

Det er sant: Hugen er gåtefull og uhandgripeleg som draumen, og han er støtt i rørsle, som i ein straum. Hugen fer so vida. Ramnen Huginn fer òg vida.»

Ettersom hug og drøm i den grad blir samanstilte av Aasen og av Fridtun, kan eg ikkje stå imot; eg manipulerer med teksta over:

Drømmen ser tvers igjennom deg. Støtt ligg han og vaker over deg, støtt er han budd til å skildre deg frå ende til annan, frå ytst til inst. Det er noko dimt og dragande over drømmen.

Og så: Les heile Fridtuns tekst!