Posts Tagged ‘blomstrete’

Drøm på sokkelesten

juli 13, 2011

Nå har sida sovi lenge. Er ho ei som går i hi om sommaren? Blir det drømmar av denne slumringa? Førnatta drøymde eg den gamle drømmen om at eg ikkje kunne finne skorne mine da eg skulle ut. Og så hadde eg feil skor – to gonger – eit par som var for svarte og stive og eit par lyse blomstrete barneskor. Til slutt fann eg ut at det gjekk fint an å gå ut i væta i sokkelesten og kjenne mosen opp mot foten. Ok? Her er eg.

Flyteskriving – og så?

juni 10, 2010

Eit neste steg kan vera å lesa gjennom og kjenne etter kvar det er noe som berører på eitt eller anna vis. Eg fann noe eg likte i den fiolett-blomstrete skrivinga:

«Det skal ikkje alltid vera vinter. Av og til skal det vera blomstrete, eller eigentleg ganske ofte.»

Så såg eg på det. Det ligg krav i denne teksta: Det skal ikkje vera slik, men slik. Vel, det er jo meir moderat, ser eg nå: Det kan vera både slik og slik! Men så kom eg på at kravet er innfridd. Det er faktisk slik ordninga er. Og da formulerte eg det om til å handle om korleis det er:

«Det er ikkje alltid vinter. Av og til er det blomstrete, eller eigentleg ganske ofte.»

Dette er da ei optimistisk tekst, er det ikkje? Det stig og stig! Frå ingenting til ganske ofte. For dette som aukar på, opplever eg som noe fint og fargerikt og levande. Og eg ser det enda for meg i vegkanten. Det er fint der ein ferdest. Hm. Sanneleg har blomane i løpet av skrivinga og seks minutt komi ut av veggen og vorti tredimensjonale og levande! Og når eg snur blikket frå teksta og PC’en og ut av vindauget, ser eg at sola skin på lauvet, og eg veit at sykkelen står der ute.

Framgangsmåte:

Eg gjekk frå ein kontrast i ein drøm til flyteskriving til gjennomlesing til utplukking av tekstdel til inntak av tekstdelen til justering av den vesle teksta til å kjenne på denne teksta til å gå frå teksta til det ytre livet her og nå og sannsynlegvis til handling.

Fiolett-blomstrete flyteskriving

juni 10, 2010

Eg bestemmer meg for å koma eit hakk vidare med drømmen min (sjå 6. juni) og sett eggeklokka på seks minutt og skriv i veg på PC’en og bråstoppar når det ringer ut. Det vart slik: 

Ho veit forskjellen på kvitt og svart, men har aldri tenkt over forskjellen på kvitt og mildt fiolett-blomstrete, enda forskjellen er veldig stor. Ho liker betre ein kvit himmel, eller forresten, mønstrete himmel er da veldig fint, og korleis ville det vera om vegkantane var kvite? Jau, da ville det vera vinter. Men det skal ikkje alltid vera vinter. Av og til skal det vera blomstrete, eller eigentleg ganske ofte. Ho er ikkje blomstrete, ho er veldig einsfarga, men heller svart enn kvit, men når ho ser ordentleg etter, er det tre diskrete blomar på T-skjorta hennar i dag. Heile tida ser ho for seg dette fiolett-blomstrete, og så i det rommet for lenge lenge sidan! Det går da ikkje an å forandre på rom som var der den gongen. Rart å veta at rommet er der enda og at noen bur der, og er veggene kvite nå? Det veit ho ikkje. Akkurat fiolett-blomstrete er dei neppe, men nå er dei altså det inni hovudet hennar eller inni kroppen. Det blir så mye ”eller”. Tinga legg seg utapå kvarandre. Ho hadde faktisk ein gong ein tunika som var omtrent slik fiolett-blomstrete, så heilt fremmendt er det ikkje. Var det ein god periode? Tja.

Mildt fiolett-blomstrete vegger

juni 6, 2010

Drøm i natt:

Er er på Studentbyen på Sogn, på det rommet eg hadde i studietida. Eg er der saman med fleire. Eg oppdagar etter ei stund at rommet er forandra. Nå er ikkje alle veggene lenger kvite. To av dei har fått mildt fiolett-blomstrete vegger med kvitt som bakgrunn. Eg ser inn på badet. Og sanneleg er det den fargen der òg! Det er ulikt mønster på dei fire veggene, men dei passar fint saman, synest eg. Eg liker dette godt. Og eg fortel til dei andre at eg hadde så lyst på noe anna enn kvitt den tida eg budde på Studentbyen.

Kan dette få fram minne eller andre assosiasjonar hos noen andre? Det ville vera spennande for meg å høre.