Posts Tagged ‘båt’

«A stillness of contemplation»

oktober 20, 2010

Etter all denne fotograferinga og prøvinga og feilinga og syklinga til og frå Sagene kirke og høringa på orgelkonsert, oppdagar eg at bildet eg har lagt ein viss elsk på, finst på heimesida til Ludmila Pawlowska.

For det er vel det same bildet? Riktignok er hjertet borte i den engelske tittelen. Reknar ho ikkje med at dei engelsklesande er så hjertebegeistra, eller har hjertet komi til etter kvart? Det står ikkje til å nekte at den svenske tittelen er vakker og varm. Og meir dynamisk? Eller?

Er så fargeproblemet løyst? Vel, nei! Iallfall på min skjerm ser bildet for skarpt ut i fargane. Det er framleis best å gå inn i Sagene kirke, gå innover til venstre til det nordre sideskipet og gå om bord og bli der helst i stillheit.

Men klikkar du på lenka nedanfor, kjem du altså rett til eit skjermbilde av stillheita og treng ikkje ta fram sykkelen eller båten eller kva du bruker for å koma dit du skal. Og både der og her kan du sjå på fleire bilde.

Nå har eg sjekka lenka, og ser at du kjem ikkje rett fram, du kjem til  øvste bildet i rekka av 40x40x9-bilde. Det er ikkje bortkasta å koma dit, for der er «Inner power» (2008). Og ettersom eg skriv og skriv om drømmar, må eg kople og seia at drøm kan vera eller bli ei indre kraft. Når ein ser etter, ligg det også skrift inni det bildet, dermed har vi koplinga skrift, skriving og indre kraft. Det liker eg! Klikk også på bilde nr. 9 og finn meir «Inner power» (2009), kanskje enda kraftigare saker. 

Men så kan du klikke på bilde nr. 6 ovanfrå i rekka. Der er stillheita.

http://www.ludmilapawlowska.se/works/paintings/40x40x9/

Hus, torsoar, selskap, båt

juni 14, 2010

Den første drømmen i denne serien er om hus, torsoar, selskap og båt:

”Eg” i drømmen leiger hus X av ei kvinne A som leiger eit anna hus Y av kvinne B. B seier at det stadig forsvinn ting når A har vori i Y. ”Eg” forstår ikkje: Kvifor leiger A hus når ho har hus? Kvifor stel ho frå huset ho leiger?

Barn kjem inn med torsoar. ”Eg” bed dei setta torsoane i gangen, for dei skal snart ut. ”Eg” ser at gangen er eldgammal.

Så er det uteselskap ved sjøen. Det bryggar opp til uver. ”Eg”personen og mannen hennar finn ein plass med sol og skugge. Ho ser ein båt koma svært fort mot land og spør seg kvifor så fort? 

Vi skal nå abstrahere handlingane til ”eg” i drømmen, og sjå vennleg på dei. Kva viser denne drømmen at ho får til? Eg tolkar og vurdererr ikkje særleg; eg ser etter kva som er i drømmen. Unntaket kan vera siste setninga. Her kunne eg spurt ho som eig drømmen, kva ho tenkjer om sol og skugge før eg vurderer det valet.

Ho reflekterer.

Ho stiller gode spørsmål om grunnar – grunnleggande spørsmål.

Ho planlegg og administrerer.

Ho legg merke til ting.

Ho ordnar fornuftig og balansert for seg og andre i samarbeid.

Kan drømmaren kjenne att dette som eigenskapar ikkje berre ”eg” i drømmen, men også ho har? Kanskje er ho ikkje der akkurat nå, at ho trur på dette, for ho kan jo ikkje noe! Ei hjelp kan vera gå inn att i desse konkrete situasjonane i drømmen og kjenne på dei. F.eks.: ”Jau, eg samarbeider med mannen min. Jau, vi finn ein høveleg plass saman. Jau, dette vart fint!”

Men dette må ho jo formgi sjølv. Det er ho som kan det, ikkje eg.

Drømmekyssing

mai 27, 2010

  

Nå vil frosken ut av det marginale tilværet. Det er dårleg med kyssing der nedpå sida til høgre! Bleike bokstavar dessutan, heilt kraftlause! Kanskje det kan hjelpe å koma ut på hovudsida og breie seg utover, vera ein strålande midtsidefrosk med sterk og klar appell.  

Det er altfor lite erotikk i denne bloggen, seier ein lesar (mann).

Kva skal eg seia til det?

Skal eg seia at det var liksom ikkje bloggeprinsesse eg hadde tenkt å bli? Dette er ein fagleg blogg om drøm!

Eg seier heller: Den som ikkje ser erotikken i dette bildet, kan berre ha det så godt.

Men det er ikkje så greitt å vera frosk åleine på eit tak i Drøbak, stå der og stå der med sterke og nyttelause hint om prinsepotensiale.

Dette er juks! Nå hører eg ei harm stemme frå Drøbak. Dette går altså for vidt! Frosken er ikkje åleine! På taket i Drøbak står frosken faktisk saman med ein annan frosk. Med krone på! Ja da, eg veit vel det, eg som var der ein heil dag i pinsa med nissar og båtar og kanonar og alt, og var den som fotograferte frosk. Men DENNE frosken på bildet MITT står åleine.

Og den vesle drømmen din frå siste natta, kan han vera ein einsam liten frosk som ventar og ventar på å få bli akkurat den prinsen som akkurat han er meint å bli?